Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Leikanger kommune, Leikanger sjukeheim i perioden 09.07.2013 til 04.11.2013. Denne rapporten gjer greie for funn på området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område: Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4A til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om kommunen følgjer lovkrava og sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar blir identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før helsehjelpa blir gitt med tvang
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan bli gjennomført med tvang

Det vart funne eitt avvik under tilsynet i Leikanger kommune:

Avvik 1

Leikanger kommune sørgjer ikkje alltid for at det blir vurdert om helsehjelp kan ytast etter lov om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4A til pasientar som gjer motstand mot helsehjelpa.

 

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Tom Nesvåg
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Leikanger kommune, Leikanger sjukeheim, i perioden 09.07.2013 til 04.11.2013. Tilsynet er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom internkontroll tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om eventuelle avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Leikanger kommune har om lag 2 300 innbyggjarar.

Tenesteleiar pleie- og omsorg er leiar for Leikanger sjukeheim og rapporterer til kommunalsjef.

Sjukeheimen har fire avdelingar med til saman 29 plassar. To av avdelingane er tilrettelagt for demente. Tre sjukepleiarar har funksjon som gruppeleiar på avdelingane (dementavdelingane har ein gruppeleiar). Gruppeleiarane rapporterer til avdelingssjukepleiar som er leiar for alle avdelingane. Avdelingssjukepleiar rapporterer til tenesteleiar pleie- og omsorg.

Sjukeheimslegen har 30% stilling og er på sjukeheimen måndagar frå klokka 12.30 til 15.00 og torsdagar frå klokka 09.00 til 15.00. Tilsynslegen er tilgjengeleg på telefon til klokka 21, også i helgene. Etter dette må legevaktlege kontaktast etter behov.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

 

Melding om tilsyn - 09.07.2013

Motteke dokument frå kommunen - 19.09.2013 - Supplerande dokument blei sendt i e-post

Opningsmøte - 07.10.2013

Omvising - 07.10.2013

Intervju - 07. og 08.10 2013 - 9 personar blei intervjua

Sluttmøte - 25.09.2013

Oversikt over dokument som verksemda har sendt oss i samband med tilsynet, er teke inn i kapittel 7 om dokument.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Leikanger kommune, Leikanger sjukeheim, har styring og fører kontroll med at somatisk helsehjelp gitt til pasientar som set seg imot slik hjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga.

Vi undersøkte særskilt om kommunen følgjer lovkrava og sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar blir identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før helsehjelpa blir gitt med tvang
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan bli gjennomført med tvang

5. Funn

Det vart funne eitt avvik under tilsynet i Leikanger kommune:

Avvik 1

Leikanger kommune sørgjer ikkje alltid for at det blir vurdert om helsehjelp kan ytast etter lov om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4A til pasientar som gjer motstand mot helsehjelpa.

Dette er avvik frå: lov om pasient- og brukerrettigheter § 4-1 jf. 4-3, § 4-6, § 4A-2, 4A-3 og 4A- 5, helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 tredje ledd og 4-1 første ledd bokstav c jf. Internkontrollforskriften §§ 4 og 5, forskrift om pasientjournal §§ 7 og 8.

Funn som ligg til grunn for avviket:

a) Det har vore situasjonar der tilsette har vore usikre på om tiltak skulle ha vore definert som tvang. Det er ikkje alltid dokumentert i pasientjournalar om det i slike tilhøve har vore vurdert å fatte vedtak etter kapittel 4A.

b) Det ligg føre rutinar for vurdering av samtykkekompetanse. Rutinane er kjent for dei tilsette, men der pasienten yter motstand mot helsehjelpa vert det ikkje alltid gjort ei konkret vurdering av om pasienten har samtykkekompetanse. Der vurderingane vert gjort vert dei ikkje alltid journalførte.

c) Det vert meldt få avvik på området helsehjelp gitt med tvang. Det er ikkje ei felles forståing blant dei tilsette om kva som skal meldast som avvik. Leiinga er kjent med dette

d) Det er ikkje gjennomført systematisk gjennomgang av helse- og omsorgstenestene, heller ikkje kapittel 4A, for å identifisere område med fare for svikt.

Merknad:

Det vart ikkje gitt merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokumentunderlag

  • Organisasjonskart pleie- og omsorg 2013
  • Organisasjonskart organisasjonen
  • Leikanger sjukeheim – organisering
  • Kompetanseoversikt/bemanning Leikanger sjukeheim
  • Innhaldsliste IK
  • Årsrapport og rekneskap 2012 (utdrag om pleie- og omsorg)
  • Stillingsforklaring
    - Sjukepleiarar i pleie og omsorg
    - Hjelpepleiar/omsorgsarbeidar i pleie og omsorg
    - Avdelingssjukepleiar i pleie- og omsorgsavdeling
    - Pleie- og omsorgsleiar
    - Sjukepleiar med funksjon som gruppesjukepleiar
    - Oppgåver for sjukepleiar som har ansvarsvakt
    - Oppgåver for hjelpepleiar når sjukepleiar har bakvakt
  • Serviceerklæring Leikanger sjukeheim korttidsopphald – avlasting – langtidsplass
  • Delegering – pleie- og omsorgstenesta
  • Rutinar for handsaming av søknader
  • Skjema for fullmakt
  • Sjekkliste for saker til inntaksnemda
  • Forventningssamtale mellom pasient/pårørande og sjukepleiar
  • Sjekkliste for innkomst av pasient
  • Sjekkliste for heimreise av pasient
  • Skjerma eining for eldre med demens ved Leikanger sjukeheim
  • Vedtaksskjema 4A
  • Prosedyrar
    - Medverking og informasjon
    - Tillitsskapande tiltak
    - Samtykkekompetanse, helt eller delvis bortfall
    - Helsehjelp og bruk av tvang

Dokumentasjon som blei gjennomgått/utdelt under revisjonsbesøket:

  • Perm med referat frå avdelingsmøte, samarbeidsmøte og brukarmøte
  • Internkontrollperm
  • Avviksperm rød
  • Avviksperm
  • Kompetanseplan pleie- og omsorg Leikanger kommune (utkast)
  • TQM
  • Veileder.no
  • 21 pasientjournalar

Vi fekk omvising ved Leikanger sjukeheim og i omsorgsbustaden.

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • Melding om tilsyn, 09.07.2013
  • Dokumentsjon til tilsynet frå Leikanger kommune, 26.09.2013
  • Utkast til program frå tilsynet, 30.09.2013
  • Diverse e-postar om tilsynet
  • Førebels rapport 10.10.2013

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Anne Margrethe Kråvik

Pleie- og omsorgsleiar

X

X

X

Gunnar Steine

Kommunalsjef

X

X

X

Urzula Wegrzynska

Guppesjukepleiar

X

X

X

Grethe Fardal

Hjelpepleiar

X

X

X

Mariann Myklebost

Vernepleiar

X

X

X

Christa Rockland

Sjukepleiar/sakshandsamar

X

X

X

Olaug Opeland

Hjelpepleiar

X

X

X

Hanne Hoff

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Silje Elise Aas

Sjukeheimslege

X

X

X

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:

Rådgjevar Tom Nesvåg, revisor Rådgjevar Beate Tollefsen, revisjonsleiar

Rådgjevar Tore Sønnesyn, observatør (deltok 07.10.2013)