Helsetilsynet

Samandrag

Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2013 skal gjennomførast landsomfattande tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0 - 6 år. Vi har gjennomført tilsyn med Sogndal kommune som del av dette tilsynet.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon. Vi såg særleg på om kommunen gjennom systematisk styring og internkontroll sikrar at

  • alle barn i aldersgruppa 0 til 6 år får forsvarlege helsekontrollar i samsvar med fagleg forsvarlege normer slik det går fram av nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar
  • helsestasjonstenesta bidreg til at barn/familiar med spesielle behov mottek eit heilskapleg tenestetilbod
  • helsestasjonstenesta tilbyr tenestetilbod til barn og foreldre tilpassa eigen språkbakgrunn
  • helsestasjonstenesta gir fagleg forsvarleg kosthaldsrettleiing for å førebygge feilernæring

Denne rapporten gjer greie for funn på områda som det er ført tilsyn med. Det vart funne to avvik:

Avvik 1

  • Sogndal sikrar ikkje alle barn i aldersgruppa 0 til 6 år forsvarlege helsekontrollar.

Avvik 2

  • Sogndal kommune sikrar ikkje at helsestasjonstenesta bidreg til at barn/ familiar med spesielle behov får eit koordinert og heilskapleg tenestetilbod.

 

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar

Linda Svori
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Sogndal kommune i perioden 21.01.2013 - 26.06.2013. Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn med helsestasjonstenestene for barn 0-6 år i 2013, og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse og omsorgstenestene med heimel i lov om statlig tilsyn med helse og omsorgstjenesten m.m (helsetilsynslova) § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøke om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sogndal kommune har 7477 innbyggjarar. I følgje kommunen si eiga årsmelding vart det fødd 102 barn i kommunen i 2012. Meir enn 2000 høgskulestudentar oppheld seg i kommunen. Talet på framandspråklege har auka dei siste åra. Kommunen har asylmottak med opptil 170 bebuarar. Kommunen mottek om lag 30 flyktningar årleg.

Rådmannsgruppa med rådmannen og to kommunalsjefar utgjer den administrative leiinga i kommunen. Helsestasjonen er organisert som del av tenesteområde Barn og unge. Leiande helsesøster er administrativ og fagleg leiar av helsestasjonen. Ho rapporterer til tenesteleiar Barn og unge som har den eine kommunalsjefen som sin næraste overordna. Tenesteområdet omfattar barnevern, helsestasjon og skulehelseteneste, jordmorteneste og ungdomsavdeling. Jordmor rapporterer direkte til tenesteleiar Barn og unge. Helsestasjonslege har det medisinsk faglege ansvaret ved helsestasjonen. Det medisinsk faglege ansvaret for førskulekontrollane er lagt til skulelege. Legeressursar og fysioterapiressursar knytt til helsestasjonen er administrativt lagt under tenesteområde Helse og sosial. Tenesteleiar Helse og sosial rapporterer direkte til Rådmannen.

Ved Sogndal helsestasjon er det 5,4 helsesøsterårsverk delt på 5 helsesøstrer og leiande helsesøster. Det er tilsett helsesekretær i 60% stilling. Helsesekretæren utfører også oppgåver for jordmor, fysioterapeut og asyllege. Legeressursane knytt til helsestasjonen/skulehelsetenesta utgjer 21 timar per veke delt på to legar og ein turnuslege. To sjukepleiarar er tilsette i to helsesøstervikariat. Frå januar 2013 har helsestasjonen endra helsestasjonsprogrammet slik at helseundersøking som er tilrådd gjennomført ved seks veker vert utført ved fire veker som gruppekonsultasjon og individuell konsultasjon med helsesøster. Legeundersøkinga ved seks veker vert utført når barnet er åtte veker.

Helsestasjonen nyttar journalsystemet HsPro. Kommunen er i gang med å implementere elektronisk kvalitetsystem (SKK). Elektroniske avviksmeldingar er del av dette systemet.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 21.01.2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 24.04.2013.

Intervju 11 personar blei intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 25.04.2013 .

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sine helsestasjonstenester for barn 0-6 år. Vi undersøkte om kommunen sikrar alle barn i aldersgruppa 0 til 6 år forsvarlege helsekontrollar i samsvar med fagleg forsvarlege normer slik det går fram av nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar. Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praktiske tiltak syter for at helsekontrollane følgjer program i samsvar med nasjonale retningslinjer og faglege rettleiarar som understøttar måla for fagleg forsvarleg praksis.

Vidare undersøkte vi om kommunen hadde tilstrekkeleg personell til å kunne tilby fagleg forsvarlege helsekontrollar, og om helsekontrollane vart gjennomført av personell med nødvendig fagleg kompetanse til å fange opp teikn på omsorgssvikt, utviklingsforstyrringar og sjukdom. Vi såg også på om journalføringa sikra kontinuitet i helseundersøkinga, og om personvernet til barn og foreldre vart ivareteke.

Tilsynet undersøkte om kommunen sikrar at helsestasjonstenesta bidreg til at barn/ familiar med spesielle behov mottek eit heilskapleg tenestetilbod. Vi undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praksis syter for at helsestasjonstenesta bidreg til samhandling om og koordinering av helsehjelp mellom fastlege og helsestasjonen for barn som treng legetenester for behandling av sjukdom eller funksjonssvikt. Vidare såg vi på om helsestasjonen bidreg til å sikre barn sine behov for nødvendig fysioterapiutgreiing og behandling. Vi såg også på om helsestasjonen bidreg til samhandling og koordinering for barn og foreldre som har behov for helse-, omsorg- og sosiale tenester frå fleire einingar.

Tilsynet såg også på om kommunen sikrar at helsestasjonstenesta tilbyr tenestetilbod til barn og foreldre tilpassa eigen språkbakgrunn. Vi undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praksis syter for at personellet på helsestasjonen kommuniserer med barnet og barnet sine omsorgspersonar gjennom tolk der det er nødvendig.

Det siste tilsynstema handla om kommunen sikrar at helsestasjonstenesta gjev fagleg forsvarleg kosthaldsrettleiing for å førebygge feilernæring. Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praktiske tiltak syter for at tilsette på helsestasjonen følgjer nasjonale faglege retningslinjer for førebygging av overvekt og fedme hjå barn og unge, og dei nasjonale retningslinjene for veging og måling i helsestasjonen.

5. Funn

Avvik 1

  • Sogndal sikrar ikkje alle barn i aldersgruppa 0 til 6 år forsvarlege helsekontrollar.

Avvik frå: helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 jf. 3-2 nr. 1b, 4-1, 4-2 og internkontrollforskrifta §§ 3 til 5.

Avviket byggjer på følgjande:

1. Kommunen har utarbeidd oversikt; «ansvarsfordeling mellom helsesøstrene per 15.03.13». Det er ulik forståing for om det er utarbeidd bemanningsplan for helsestasjonsverksemda som byggjer på analyse av behovet for personell i høve til dei utfordringane helsestasjonen har, som til dømes personellsituasjonen og tal på studentar, asyllantar og flyktningar. Slik plan er ikkje lagt fram for tilsynet.

2. Kompetansekartlegging var eit resultatmål for tenesteområdet Barn og unge i 2012. I følgje årsmeldinga for 2012 er slik kompetansekartlegging ikkje gjennomført. Det er planlagt ny kompetansekartlegging i 2013.

3. Det er tilsett sjukepleiarar i vikariat i helsesøsterstillingar. Det har vore utskiftingar av helsesøstrer og legar ved helsestasjonen/ skulehelsetenesta dei siste tre åra. Helse- søsterstillingar har vore vakante i same periode. I 2011 var 90% helsesøsterstilling vakant i 5 månader i tillegg til 20% helsesøsterstilling deler av året. I 2012 har 20-60% helsesøsterstilling vore vakant i 9 månader. Fem ulike skulelegar har vore tilsett dei siste tre åra. Som følgje av permisjon var legeressursane ved helsestasjonen redusert i 15 veker i 2010. I august til oktober 2012 fekk helsestasjonen fire nytilsette samstundes; to sjukepleiarar og ei nyutdanna helsesøster i tillegg til ny turnuslege.

4. Det vert ikkje gjennomført introduksjon og opplæring av nytilsette/ vikarar på helsestasjonen på ein systematisk måte og i tråd med verksemda sin eigen prosedyre. Det er utarbeidd skriftleg rutine- og sjekkliste for oppfølging av nytilsette på helsestasjonen. Dei intervjua opplyste om at denne ikkje har vorte følgd den siste tida.

5. Det er utarbeidd ulike skriftlege rutinar, prosedyrar og plan/metodebok for helsestasjonsarbeid i Sogndal 2013. Dei tilsette ved helsestasjonen har fått kopi av metodeboka. Det er ikkje alle tilsette ved helsestasjonen som er kjende med eller har tilgang til verksemda sine øvrige rutinar og prosedyrar.

6. Det er ulik forståing mellom helsesøstrene og helsestasjonslegen for kva som er helsestasjonslegen sine oppgåver på helsestasjonen. Administrativ leiing er gjort kjend med dette, og leiinga har gjennomført møte med dei involverte. Dei intervjua opplyste om at det ikkje har skjedd endringar.

7. Helsestasjonslege er medisinsk fagleg ansvarleg for helsestasjonsverksemda. Det er utarbeidd stillingsomtale og funksjonsskildring av kva som er helsestasjonslege sitt ansvar, og kva oppgåver han skal utføre på helsestasjonen. Det gjekk fram at det ikkje er samsvar mellom kva helsestasjonslegen faktisk utfører av oppgåver og det han er tillagt i stillingsomtale og funksjonsskildring.

8. Deltaking i planlegging, fagutvikling og kvalitetsikring av helsestasjonsarbeidet er i følgje stillingomtale og funksjonsskildring del av helsestasjonslegen sine oppgåver. Helsestasjonslegen deltek ikkje på ein systematisk måte i fagutvikling og kvalitetsikring av helsestasjonsarbeidet.

9. Helsestasjonen har eit skjema for å melde avvik. Dei tilsette er kjende med skjema. Det vart meldt fire avvik ved helsestasjonen i 2012 og eit avvik i 2013 fram til tilsynsdato. Det er ulik forståing for kva som skal meldast som avvik. Avvik og ny prosedyre for melding av avvik i elektronisk kvalitetsystem SKK har vore tema på kontormøte og personalmøte. Det kjem ikkje fram i dokumentasjon eller gjennom intervju at avviksmeldingar har blitt nytta på ein systematisk måte i styringa av helsestasjonsverksemda.

10. Det er ikkje system eller rutine for å gjennomføre brukarundersøkingar ved helsestasjonen.

11. Verksemda har ikkje gjennomført risikovurderingar av om personellsituasjonen fører til for stor risiko for svikt. Leiande helsesøster har arbeidd meir pasientretta og redusert administrativ tid for å gje brukarane dei helseundersøkingane dei har rett til. Leiinga er kjende med dette. Det er ikkje sett i verk andre kompenserande tiltak for å redusere eventuell risiko for svikt.

Avvik 2

  • Sogndal kommune sikrar ikkje at helsestasjonstenesta bidreg til at barn/ familiar med spesielle behov får eit koordinert og heilskapleg tenestetilbod.

Avvik frå: helse og omsorgstenestelova §§ 3-4, 4-1 og 7-3, internkontrollforskrifta §§ 3 - 5.

Avviket byggjer på følgjande:

1. Det er ikkje utarbeidd skriftleg samarbeidsavtale med fastlegane om- eller prosedyre som skildrar arbeidsfordeling mellom helsestasjonen, helsestasjonslege/ skulelege og fastlegane. Det er ikkje klart for alle korleis arbeidsfordelinga skal vere.

2. Det vert ikkje alltid nytta skriftleg tilvising til fastlege.

3. I følgje helsestasjonen sin prosedyre for tilvising til andrelinjetenesta skal fastlege få kopi av tilvising. Fastlegane får ikkje kopi av tilvising når helsestasjonslege tilviser til spesialisthelsetenesta eller andre kommunale tenester.

4. Journalgjennomgangen synte at opplysningar om kven som er barnet sin fastlege sjeldan vert dokumentert i journal.

5. Tilsette ved helsestasjonen har regelmessige avdelingsmøte/kontormøte der også faglege spørsmål /tema vert teke opp. Legane, fysioterapeut og jordmor knytt til helsestasjonsverksemda deltek sjeldan på desse møta.

6. Kommunen har gjort vedtak om koordinerande eining barn og unge, men kommunen er ikkje kome i gang med denne tenesta. Det er ikkje alle tilsette ved helsestasjonen som er kjende med at det er oppretta koordinerande eining, og kva som skal vere oppgåvene til koordinerande eining.

7. Helsestasjonen har eit skjema for å melde avvik. Dei tilsette er kjende med skjema. Det vart meldt fire avvik ved helsestasjonen i 2012, og eit avvik i 2013 fram til tilsynsdato. Det er ulik forståing for kva som skal meldast som avvik. Avvik og ny prosedyre for melding av avvik i elektronisk kvalitetsystem SKK har vore tema på kontormøte og personalmøte. Det kjem ikkje fram i dokumentasjon eller gjennom intervju at avviksmeldingar har blitt nytta på ein systematisk måte i styringa av helsestasjonsverksemda.

8. Det vert ikkje gjennomført systematiske brukarundersøkingar.

9. Det er ikkje gjennomført systematiske risikovurderingar av helsestasjonsverksemda.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Sogndal kommune skal gjennom systematisk styring og kontinuerleg forbetringsarbeid planlegge, utføre, evaluere og korrigere verksemda slik at helsestasjonstenestene for barn 0-6 år er i samsvar med lovkrava, jf. internkontrollforskrifta § 1. Organisering og fordeling av ansvar, oppgåver og mynde skal vere klart definert, jf. interkontrollforskrifta § 4a).

Kommunen har organisert tenestene slik at personellet som er knytt til helsestasjons- verksemda/ skulehelsetenesta er organisert under ulike tenesteområde. Rådmannen er første felles administrative leiar for alle som er knytt til helsestasjonsverksemda. Tilsynet vurderer ut frå revisjonsbevis og funn at dei ansvarlege ved helsestasjonen ikkje har tilstrekkeleg styring over legeressursane knytt til helsestasjonen. Dette kan føre til auka risiko for at helsestasjonsverksemda ikkje vert utført på ein fagleg forsvarleg måte.

For å sikre at barn får dei helseundersøkingane dei har rett til og at arbeidet vert utført på ein forsvarleg måte skal kommunen tilsette nok personell med nødvendig kompetane, jf. helse og omsorgstenestelova § 4-1. Personellet som arbeider ved helsestasjonen skal ha tilgang til aktuelle lover og forskrifter som gjeld for helsestasjonsverksemda. Dei ansvarlege for helsestasjonsverksemda skal syte for at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter om fagfeltet og om helsestasjonen sin internkontroll, jf. internkontrollforskrifta § 4 b), c).

Helsestasjonen sine skriftlege rutinar og prosedyrar var lite kjent og dårleg tilgjengeleg for dei tilsette. Manglande informasjon om kvar ein kan finne helsestasjonen sine skriftlege rutinar og prosedyrar fører til auka risiko for svikt. I samråd med tenesteleiar hadde leiande helsesøster prioritert pasientretta arbeid og brukt mindre tid til oppfølging av nytilsette. Slik tilsynet vurderer det, kan mangelfull oppfølging og rettleiing av vikarar/ nytilsette føre til at barn og foreldre ikkje får dei helsetenestene dei har rett til.

Helsestasjonen har etter vårt syn vore i ein svært sårbar situasjon over tid med utskifting av personell, bruk av vikarar og vakante stillingar. Bruk av vikarar utan helsesøsterutdanning og erfaring frå helsestasjonsarbeid i tillegg til vakante stillingar aukar risiko for svikt. Kommuneleiinga er kjende med situasjonen utan at det er sett i verk kompenserande tiltak. Reduksjon av administrativ tid på helsestasjonen er etter tilsynet si vurdering ikkje eit kompenserande tiltak som sikrar pasienttryggleiken, men som derimot kan føre til redusert fokus på fagutvikling og kvalitetsarbeid.

Tilbakemeldingar frå tilsette, brukarerfaringar og avviksmeldingar er viktig kunnskap og erfaring som skal nyttast aktivt i forbetring av verksemda, jf. interkontrollforskrifta § 4d) e). Kommunen skal gjere systematiske gjennomgangar av helsestasjonstenesta og resultata av verksemda for å skaffe oversikt over område der det er fare for svikt eller mangel på etterleving av lovkrav, jf. internkontrollforskrifta § 4f).

Avvikssystemet fungerer ikkje slik det er tenkt. Det er blitt meldt lite avvik, og dei tilsette har ulik forståing for kva som skal meldast som avvik. Helsestasjonen har ikkje gjennomført brukarundersøkingar og har ikkje rutinar for å innhente brukarerfaringar på ein systematisk måte. Legar, jordmor og fysioterapeut knytt til arbeidet med barn 0-6 år deltek ikkje på helsestasjonen sine fagmøte/kontormøte. Tilsynet vurderer at bruk av tilsette sin kunnskap og erfaringar og brukarane sine erfaringar ikkje vert nytta på ein systematisk måte i forbetringarbeid og styring av tenestene.

Det har ikkje vore rutine ved helsestasjonen å gjere risikovurderingar for å finne fram til aktivitetar eller prosessar der det er fare for svikt eller brot på regelverk. Tilsynet vurderer at internkontrollen ikkje fungerer slik den skal. Manglar ved internkontrollen kan føre til svikt i styringa og utføringa av helsestasjonsverksemda. Det kan også føre til svekka føresetnader for godt kvalitetsarbeid og større fare for at barn 0-6 år ikkje får forsvarlege tenester.

Framlagde rapportar og dokument tyder på at administrativ leiing i kommunen er gjort kjend med sårbare område og utfordringar ved helsestasjoen utan at dette er blitt følgt opp. Slik tilsynet vurderer det, styrer kommunen med for stor risiko for svikt ut frå situasjonen og utfordringane som Sogndal helsestasjon har hatt over tid.

7. Regelverk

Lovverk som blir lagt til grunn ved tilsynet er:

  • lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m (helsetilsynsloven)
  • lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m (helse- og omsorgstjenesteloven)
  • lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
  • lov av 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (barnevernloven)
  • lov av 02. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
  • forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • forskrift av 03. april 2003 nr. 450 om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • forskrift av 09. november 2012 nr. 1045 om virksomhetsovergripende pasientjournal i formalisert arbeidsfellesskap
  • forskrift av 23. november 1983 nr. 1779 om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:

  • Årsmelding 2012 (vert handsama i kommunestyret 26.04.2013)
  • Kommuneplan – samfunnsdelen
  • Årsrekneskap og årsmelding 2012, tenesteeining Barn og unge
  • Organisasjonskart Sogndal kommune
  • Organisasjonskart for tenesteeining Barn og unge
  • Verksemdplan 2013 – tenesteeining Barn og unge
  • Kart- helsestasjonsteneste i Sogndal kommune
  • Oversikt over tilsette ved Sogndal helsestasjon
  • Oversikt over ansvar og oppgåvedeling mellom helsesøstrene ved helsestasjonen
  • Stillingsomtalar
    - jordmor
    - helsesøster
    - leiande helsesøster
    - helsesekretær
    - legestilling i førebyggande helsetenester (tenestene gitt av helsestasjonen)
  • Funksjonsbeskrivelsar
    - funksjonsbeskrivelse for helsestasjonslege
    - funksjonsbeskrivelese for skulelege
  • Plan for helsestasjonsarbeid i Sogndal 2013
  • Prosedyreboka for Sogndal helsestasjon med rutinar for gjennomføring av helseundersøkingar/konsultasjonar 0-5 år
  • Prosedyrar:
    - Kartlegging av vekst hjå barn og ungdom
    - Føreskulekontroll hjå lege
    - Føreskulekontroll hjå helsesøster
    - Bruk av tolk
    - Synsundersøking av barn og unge
    - Samarbeidsrutinar i samband med språkkartlegging på helsestasjon
    - Oppfølging av barn og unge med overvekt/fedme
    - Oppfølging av barn med spesielle behov
    - Vaksinering av barn og ungdom
    - Tolking av vaksinekort frå andre land og etterregistrering av vaksine
    - Tilvising av barn til 2. linjeteneste
    - Tannhelse

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Journalgjennomgang av 56 elektroniske journalar i journalsystemet HsPro. I tillegg gjekk vi gjennom fire IP i gruppa barn med behov for fleire tenester.
  • Perm med avviksmeldingar
  • Referat frå kontormøte

Dokumentasjon som blei utdelt etter sluttmøtet:

  • Kopi av notat – «Bakgrunnsinformasjon om helsestasjonen til Dialogmøte» 11.04.2012 og 15.04.2011
  • E-post med oversikt over vikarar og vakante stillingar frå 2010- 2013
  • Prosedyre
    - Opplæring /rutinar ift. ny turnuslege
    - Sjekkliste for nytilsette

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • brev av 21.01.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune – melding om tilsyn
  • brev av 12.02.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune
  • e-post av 21.03.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 21.03.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 21.03.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 22.03.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 22.03.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune
  • e-post av 25.03.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 03.04.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune
  • e-post av 08.04.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 08.04.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • brev og e-post av 09.04.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune
    – program for tilsynet
  • e-post av 09.04.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 11.04.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • e-post av 11.04.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune
  • e-post av 15.04.2013 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Sogndal kommune – korrigert program for tilsynet
  • e-post av 17.04.2013 frå Sogndal kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Birgit Neset

helsesøster

X

X

X

Kristoffer Stange Larsen

skulelege

 

X (telefon)

 

Wenche Sollid

helsesøster

 

X (telefon)

 

Anne Brennset Gjerland

sjukepleiar

X

X

X

Linda Brusegard

sjukepleiar

X

X

X

Jorunn A. Albretsen

barnefysioterapeut

X

X

X

Tordis Henjum

helsesekretær

 

X

X

Åsmund Rygg

helsestasjonslege

 

X

 

Cindy Litlabø

leiande helsesøster

X

X

X

Elin Reinås

tenesteleiar Barn og unge

X

X

X

Osvald Lykkebø

kommunalsjef

 

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Linda Svori, ass. fylkeslege, revisor
Jacob Andersen, ass. fylkeslege, observatør
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, revisjonsleiar