Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 05.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at kommunen svarer at:

  1. de alltid svarer på testoppkall og reelle hendingar på helseradioen. Frå Helse Førde har vi fått dokumentasjon som viser at Årdal kommune har fleire avvik både når det gjeld både test oppkall og reelle hendingar.
  2. det ikkje alltid blir meldt avvik når det skjer feil knytt til helseradio.

Vi ber om at kommunen innan 01.06.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika er retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Årdal kommune. Vi ber også om å bli orientert om kva tiltak som er gjort for å få ei systematisk opplæring av helsepersonell, slik det grå fram av svarskjema at de har planlagt.

Det er komme ny akuttmedisinforskrift som trer i kraft 01.05.2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.

24.04.2015

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn