Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen, motteke her 14.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har Fylkesmannen vurdert at vi vil avslutte tilsynet utan vidare oppfølging.

Vi har merka oss at kommunen som ein del av kvalitetsarbeidet blant anna har planlagt oppfølging av skriftlege rutinar for opplæring av helsepersonell og oppdatering av ressursoversikt. Skriftlege rutinar er spesielt viktige på eit felt der mange skal samhandle om standardiserte prosedyrar under tidspress.

Ny akuttforskrift og reviderte samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.

Vi ønskjer lukke til med det vidare kvalitetsarbeidet.

Med helsing

Per Stensland Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi:
Statens helsetilsyn