Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 07.01.2015.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har vi merka oss at kommunen har rutine for at nye legar og turnuslegar får opplæring i lokale rutinar før dei skal ha legevakt. Turnuslegane får kurs i akuttmedisin lokalisert til sentralsjukehuset. Kommunen har ikkje rutinar for opplæring av legevikarar i akuttmedisinske tenester.

Vi viser til forskrift om akuttmedisin utenfor sykehus § 12 der kommunen sitt ansvar for å organisere ei legevaktordning som sikrar befolkninga sitt behov for øyeblikkeleg hjelp heile

døgeret er skildra og § 12a som handlar om forsvarleg helsehjelp: «Den kommunale legevaktordningen skal bemannes med helsepersonell som sikrer at helsehjelpen som ytes er forsvarlig...»

Fylkesmannen ber om tilbakemelding om korleis Aurland kommune vil sikre at også legevikarar som køyrer legevakt får opplæring i lokale rutinar og at dei har nødvendig kompetanse. Vi ønskjer svar på dette innan 06.06.2015.

Det er komme ny akuttforskrift i 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom.

Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til Statens helsetilsyn