Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 27.03.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema er dagleg ansvarleg for bustaden til personar med nedsett funksjonsevne verksemdleiar og ansvarleg for legemiddel- handteringa i bustaden. Av det vi kjenner til har vedkomande ikkje legemiddelkompetanse slik lova krev, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 3 k). Kommunen har ikkje sikra at:

  • det er peika ut fagleg rådgjevar som har legemiddelkompetanse jf. legemiddel- handteringsforskrifta § 4 andre ledd.
  • alle personar som har delt ut ferdig tillaga legemiddel dei siste fire vekene har vore vurdert til å ha tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar til å bli tildelt oppgåver knytt til utdeling av legemiddel, jf. helsepersonellova § 5, jf. legemiddelhandterings- forskrifta § 4 femte ledd a.

I følgje planen dykkar for retting av avvika har de mellom anna tinga medisinkurs til alle vikarar og sommarvikarar som skal arbeide i bustaden. De vil også endre turnus for å sikre nødvendig kompetanse på alle vakter. Vi tek desse opplysningane til vitande. Vi føreset at de syter for at det vert peika ut fagleg rådgjevar med legemiddelkompetanse, og at det vert avklart kva oppgåver som skal leggast til denne funksjonen. Vi ber om at kommunen innan 01.07.2014 dokumenterer at tiltaka de har gjort greie for er iverksette og nye rutinar implementerte.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi:  Bremanger kommune v/ dagleg leiar Heidi Synnevåg, postboks 104, 6721 Svelgen Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)