Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 29.04.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har kommunen ikkje sikra at

  • alle tilsette som har delt ut ferdig tillaga legemiddel dei siste fire vekene har tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 femte ledd a.
  • kontroll av prosedyrar for legemiddelhandteringa (internrevisjon) blir utført regelmessig og minst ein gong per år, jf. internkontrollforskrifta § 4 andre ledd g) jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 femte ledd b.

I følgje vedlagt plan for retting av avvika skal de innan 01.06.2014 revidere rutinane for legemiddelhandtering. Deretter skal de ha årleg gjennomgang. De fornyar også avtale om tilsyn med farmasøyt. De skal gjennomføre medikamentkurs for tilsette i veke 21 og 22.

Etter gjennomgått opplæring gjev de individuell godkjenning for ein periode på to år.

Vi tek desse opplysningane til vitande. Vi ber om de innan 01.07.2014 dokumenterer at tiltaka er gjennomførte, og nye rutinar er implementerte slik de gjer greie for.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi:  Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)