Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte tilsyn med Vågsøy kommune 12. – 13. mars 2015 og 17. april 2015.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring sikrar

  • forsvarleg mottak av og helsehjelp til pasientar som blir skrivne ut til eigen bustad
  • at pasientar/ pårørande får nødvendig informasjon og medverknad ved utskriving slik dei har krav på

Rapporten omtalar funn ved tilsynet.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med helselovgjevinga.

I kapittel 6 har vi omtalt vår vurdering av kommunen si styring med samhandling med spesialisthelsetenesta og fastlegane, og helsehjelp til pasientar som er skrivne ut til eigen heim.

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar

Astrid Tveit
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vågsøy kommune i perioden 19.01.2015 – 30.04.2015. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året.

Fylkesmannen har mynde til å føre tilsyn med helse og omsorgstenestene etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene m.m (helsetilsynslova) § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda gjennom internkontrollen sin sikrar etterleving av ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei temaa tilsynet omfattar
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovkrava vert følgde

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved dokumentgransking, intervju og andre undersøkingar.

Rapporten skal gjere greie for eventuelle avvik som er avdekte under revisjonen eller merknader frå tilsynet. Den gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik betyr at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad vert brukt om forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, der tilsynsorganet likevel ser grunn til å påpeike forbetringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vågsøy kommune har 6091 innbyggjarar. Kommunalsjef helse- og omsorg er ein av tre kommunalsjefar i rådmannen sitt leiarteam. Kommunen har to administrative leiarnivå; rådmannen sitt leiarteam og tenesteleiarane. Kommunen har tilsett kommunelege som mellom anna er medisinsk rådgjevar for kommuneleiinga. Kommunelegen og kommunalsjef helse- og omsorg saman med to fastlegar deltek i kommunen sitt samarbeidsutval. Utvalet har fleire møte i året etter oppsett møteplan. Allmennlegeutvalet har også regelmessige møte.

Kommunen har organisert helse- og omsorgstenestene i fem område leia av kvar sin tenesteleiar. Tilsynet omfatta to av områda som yter heimesjukepleie/heimetenester; område Fastlandet og område Vågsøy. Område Fastlandet er delt i to grupper med gruppeleiarar og eit team med teamleiar. Område Vågsøy er delt i to grupper med kvar sin gruppeleiar.

Det er inngått samarbeidsavtale (rammeavtale) mellom Helse Førde HF og Vågsøy kommune. Ein delavtale gjeld samarbeid om utskrivingsklare pasientar som blir vurdert å ha behov for kommunale tenester etter utskriving frå spesialisthelsetenesta – somatikk.

Kommunane og Helse Førde HF har avtalt ulike samarbeidsformer og samhandlingsorgan. Det er avtalt dialogmøte mellom styret i Helse Førde HF/administrerande direktør og politisk leiing i kommunane to gonger i året. Koordineringsrådet er eit administrativt samarbeidsutval mellom Helse Førde HF og kommunane i fylket som har minst fire møte i året. KS peikar ut dei fem som representerer kommunane. Fagrådet er eit samarbeidsutval mellom Helse Førde HF og kommunane som har inngått samarbeidsavtale. Fagrådet har fem kommunale representantar som er peika ut av KS.

Det er innført elektronisk meldingsutveksling mellom helseføretak og kommunen, og mellom heimesjukepleien og fastlegane. Sakshandsamarar i kommunen sitt fagteam tek imot og svarar på PLO- meldingar frå Helse Førde HF kvardagar mellom kl. 08.00 - 15.30. I helgar, kveld og natt har sjukepleiarar i heimetenestene og sjukepleiar på institusjon ansvar for å ta imot, svare på og følgje opp PLO- meldingar frå helseføretaket.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 19.01.2015.

Formøte vart halde 06.02.2015.

Opningsmøte vart halde 12.03.2015.

Intervju

14 personar vart intervjua.

Stikkprøvar: Journalar til 20 pasientar og 25 sjukehusopphald vart gjennomgått.12 av sjukehusopphalda var ved medisinsk avdeling Nordfjord sjukehus. 6 av sjukehusopphalda var ved medisinsk avdeling Førde sentralsjukhus, og 7 sjukehusopphald var ved kirurgisk avdeling Førde sentralsjukehus.

Sluttmøte vart halde 17.04.2015.

I kapittelet Dokumentunderlag er ei oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket.

Spørjeundersøkingar

Som del av tilsynet vart det gjennomført spørjeundersøking til 20 pasientar utskrivne frå medisinsk avdeling og kirurgisk avdeling Helse Førde, Førde sentralsjukehus og medisinsk avdeling Helse Førde Nordfjord sjukehus i perioden 01. juli 2014 - 08. januar 2015.

Det vart også gjennomført ei spørjeundersøking til pasientane sine fastlegar. I alt 7 fastlegar blei spurde. Invitasjon til å delta blei sendt ut til pasientar og fastlegar 04.02.2015.

Spørjeundersøking til pasientar utskrivne frå Helse Førde HF

Vi brukte eit enkelt spørjeskjema med svaralternativa ja/nei/veit ikkje, og eit felt for kommentarar.

Vi spurde pasientane om dei hadde fått informasjon om behandlinga på sjukehuset og helsehjelp i kommunen etter utskriving, og om dei hadde forstått informasjonen som blei gitt på sjukehuset og i kommunen. Vi spurde også om dei fekk tenestene i kommunen som avtalt, om behovet for helsehjelp blei vurdert på nytt innan kort tid etter at dei var komne heim og om kommunen tok omsyn til kva pasientane sjølve meinte dei trong hjelp til.

Tilsynet omfatta ikkje helsehjelpa til kvar enkelt pasient.

Resultat frå spørjeundersøkinga til pasientane

I alt 7 av 20 pasientar svara, ein svarprosent på 35%. Det var ikkje alle som hadde svart på alle spørsmål. På dei fleste av spørsmåla var svara fordelt på dei ulike svaralternativa. Låg svarprosent gjorde at vi ikkje kunne legge resultatet til grunn i vurderinga vår av kommunen si verksemd. Vi informerte om gjennomføring av spørjeundersøkinga i formøtet, og resultatet vart lagt fram i oppsummeringa med kommunen.

Spørjeundersøking til fastlegane

Spørjeskjemaet til fastlegane var todelt, ein del om informasjon frå sjukehuset og ein del om organisatoriske tilhøve med svaralternativ ja/nei og eit felt for kommentarar.

Vi spurde fastlegane om dei fekk epikrise frå sjukehuset tidsnok, om denne inneheldt nødvendige opplysningar til å følgje opp pasienten og om det var noko fastlegane vurderte som særleg sårbart i samhandlinga med sjukehuset. Vidare spurde vi om kommunen si tilrettelegging for å trekke fastlegane inn i arbeidet med revisjon av samarbeids- og tenesteavtalane mellom kommunen og spesialisthelsetenesta, tilrettelegging for informasjonsutveksling mellom fastlegane og pleie- og omsorgstenestene og om det var noko i denne samhandlinga fastlegane vurderte som særleg sårbart.

Tilsynet omfatta ikkje verksemda til fastlegane.

Resultat frå spørjeundersøkinga til fastlegane

Vi fekk svar frå 6 av 7 fastlegar. Dei var fastlegar for 19 av dei 20 spurde pasientane.

Tre av seks legar svara at dei var medlem i lokalt samarbeidsutval/allmennlegeutval. Ein av legane hadde delteke i utarbeiding av delavtale/retningslinjer for samarbeid med helseføretaket og kommunen om innlegging/utskriving av pasientar. Fire av legane hadde fått informasjon frå kommunen om samarbeidsavtale og retningslinjer for utskriving av pasientar.

Alle legane svara at dei kommunisere med pleie- og omsorgstenesta med elektroniske meldingar eller telefon. Fire av legane svara nei på spørsmålet om det var noko dei vurderte som særleg sårbart i samhandlinga med pleie- og omsorgstenesta. Det sårbare var ved fråvær og elektroniske meldingar som ikkje blei leste. Fem av legane svara nei på spørsmålet om dette hadde noko å seie for pasienttryggleiken.

Alle legane svara ja på spørsmålet om kommunen hadde tilrettelagt for at dei skulle få formidla rett legemiddelliste dersom det var manglande samsvar i denne. Alle legane svara at det hadde vore kontakt mellom dei og pleie- og omsorg om pasientane i utvalet.

Alle legane fekk tidsnok epikrise med nok informasjon frå Helse Førde HF for å kunne sikre god oppfølging av pasientane. Alle legane svara også positivt på spørsmålet om det var samsvar mellom legemiddelliste frå sjukehuset og legemiddelliste fastlegen hadde registrert i pasientjournal. Vi la fram resultatet frå undersøkinga i oppsummeringa med kommunen.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var samhandling om utskriving av pasientar frå helseføretak til kommunane.

Tilsynet undersøkte om kommunen ved systematisk styring sikrar forsvarleg mottak og helsehjelp til pasientar som vert utskrivne til eigen bustad. Vidare undersøkte tilsynet om kommunen sikrar ivaretaking av pasient/pårørande sin rett til informasjon og brukarmedverknad ved utskriving. Legemiddel blei brukt som gjennomgåande markør for samhandling og informasjonsutveksling mellom tenestene og til pasientar /pårørande ved utskriving.

Tilsynet omfatta:

  • Iverksetting og oppfølging av samarbeidsavtale om utskrivingsklare pasientar med behov for kommunale helse og omsorgstenester
  • Mottak og oppfølging av varsel om innlagt pasient og mottak av varsel om utskrivingsklar pasient
  • Kommunen si tilrettelegging for og involvering av fastlegar i samhandling mellom fastlegar, andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Planlegging for og mottak av pasient som er meld utskrivingsklar
  • Vurdering av pasienten sin tilstand og behov for tenester like etter utskriving
  • Informasjon til pasient om helsetilstand og vurdering av behov for tenester, og medverknad frå pasient ved tildeling av tenester og innhald i tenestetilbodet etter utskriving
  • Hjelp til pasientar som treng det for å få kontakt /avtale med fastlege
  • Informasjonsutveksling og samhandling med fastlege om kva legemiddel pasientar som treng hjelp til legemiddelhandsaming skal ha

5. Funn

Ved tilsynet med Vågsøy kommune blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Vågsøy kommune skal planlegge, gjennomføre, evaluere og rette opp verksemda for å sikre at lovkrav blir følgde. Kommuneleiinga har ansvar for styringa (internkontrollen) for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Vågsøy kommune har organisert verksemda med leiarar i to nivå og ulike ansvarsområde. Ansvar og oppgåver er kjent for dei tilsette.

I samhandlinga med Helse Førde HF er det utarbeidd delavtale med retningslinjer for utskriving av pasientar som har behov for tenester frå kommunen. Kommunen deltek på ulike møteplassar med helseføretaket for drøfting og evaluering av samhandling. Det er avtalt ordningar for å melde avvik mellom kommunen og føretaket som gjeld samhandling og oppfølging av delavtale om utskrivingsklare pasientar. Kommunen har gjeve tilbakemeldingar til føretaket ved å bruke ordninga. Område med risiko for svikt i samhandlinga med spesialisthelsetenesta om utskriving av pasientar er kjent for ansvarlege leiarar. Kommuneleiinga har også gjeve innspel til evaluering av delavtalen.

Kommunalsjef helse og omsorg har involvert legane i samhandlinga og i arbeidet med delavtalane ved å informere legegruppa om retningslinjene i delavtale om utskriving av pasient med behov for hjelp frå kommunen i møte i samarbeidsutvalet.

Det er regelmessige møte mellom kommunalsjef og tenesteleiarar, og tenesteleiarane har sine møteplassar med tilsette i dei ulike tenesteområda. Kommunen skal starte opp med faste møte med leiarane i heimetenesta og fastlegane for mellom anna å drøfte spørsmål som handlar om samhandling og saker på systemnivå.

Det er innført ordning med elektroniske meldingar som skal ivareta den praktiske utføringa av delavtale om utskrivingsklare pasientar. Det er gjennomført opplæring, og den praktiske utføringa og rutinane er kjent for dei tilsette med ansvar og oppgåver knytt til meldingsutvekslinga. Kommunen har kvalifisert personell med nødvendig kompetanse til å ta i mot og svare på meldingar, og ta avgjerder om tildeling av tenester. Dei ansvarlege for tenestene evaluerer fortløpande ordninga, mellom anna på grunnlag av avviksmeldingar og tilbakemeldingar frå tilsette. Ut frå opplysningane som gjekk fram vurderer vi at ordninga har ført til tryggare og raskare flyt av skriftleg informasjon i samhandlinga mellom kommunen, fastlegar og helseføretaket.

Heimesjukepleien har personell med nødvendig kompetanse for å gje forsvarlege helse og omsorgstenester til pasientar som blir utskrivne til eigen heim/omsorgsbustad etter sjukehusopphald. Tenestetilbodet blir førebudd, og pasientane blir gjort kjende med at dei får hjelp før utskriving frå sjukehuset. Pasienten sitt funksjonsnivå og behov for hjelp vert vurdert etter at pasienten er komen heim. Tenestetilbodet vert evaluert og endra fortløpande ved behov.

Ved vurdering av behov for helsehjelp og ved utforming/tilrettelegging av tenestetilbodet har pasient/pårørande rett til medverknad. Vågsøy kommune har sikra slik medverknad mellom anna ved at pasientane/pårørande får kome med sine ønskjer og meiningar om hjelpebehov både under sjukehusopphaldet og etter heimkomst.

Feil i legemiddellister og feil legemiddelbehandling er eit kjent risikoområde ved utskriving frå sjukehus. Heimetenesta i Vågsøy har innarbeidde rutinar for å sikre oppdatering- og kvalitetsjekk av legemiddelliste med fastlege. Det blir nytta e-meldingar, og rutinar og praksis er kjende for dei tilsette som har ansvar for dette. Spørsmål som gjeld oppfølginga av pasientane kan også bli sendt via e-melding til fastlegane. Ordninga har bidrege til raskare og lettare tilgang til fastlegane for heimesjukepleien sine tilsette, og til betre kvalitet på samhandlinga.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse - og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient - og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial - og helsetjenesten
  • Forskrift av 18. november 2011 om kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter
  • Forskrift av 03. april 2008 om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 29. august 2012 nr. 842 om fastlegeordning i kommunene
  • Andre relevante forskrifter

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart sendt over då revisjonen vart førebudd:

  • Organisasjonskart for Vågsøy kommune
  • Oversikt over tilsette i pleie, rehabilitering og omsorg
  • Administrativt delegasjonsreglement Vågsøy kommune 01.01.15
  • Kopi av delavtale mellom Vågsøy kommune og Helse Førde HF: Samarbeid om utskrivingsklare pasientar som vert vurdert å ha behov for kommunale tenester etter utskriving frå spesialisthelsetenesta - somatikk
  • Prosedyre: Varsel frå sjukehus om brukar/pasient som muleg treng kommunale tenester etter utskriving /er utskrivingsklar
  • Prosedyre: Søknad om teneste - saksgang og tildeling
  • E- meldingar - hjelpeark ved sending og mottak av e-meldingar
  • Flytskjema- E-melding mellom sjukehus og kommune
  • Kopi av presensliste - Smågruppevirksomhet i allmennmedisin 15.01.15, 22.01.15
  • Referat frå møte i samarbeidsutvalet 19.03.14, 14.05.14,

Dokument lasta ned frå Helse Førde HF si nettside (Samhandlingsbarometeret.no)

  • Rammeavtale mellom Helse Førde HF og kommunane i Sogn og Fjordane

Andre dokument

  • Samhandlingsreformen – lovpålagte samarbeidsavtaler mellom kommuner og regionale helseforetak/helseforetak. Nasjonal veileder
  • Utskriving av pasientar som har behov for kommunale tenester – evaluering. Resultat frå spørjeundersøking oktober/november 2014. KS Sogn og Fjordane/Helse Førde HF
  • Utskriving av pasientar som har behov for kommunale tenester. Status, erfaringar, dialog og forbetringsframlegg. Rapport KS Sogn og Fjordane/Helse Førde HF januar 2015.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 20 journalar til pasientar utskrivne frå Helse Førde HF 1. juli 2014 – 08. januar 2015

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til kommunane i fylket av - orientering om samhandlingstilsyn 2015
  • Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune av 19.01.15 – melding om tilsyn
  • E-post frå Vågsøy kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 26.01.15
  • E-post frå Vågsøy kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 30.01.2015
  • Brev og E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune av 02.02.15
  • Brev med vedlegg frå Vågsøy kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 11.02.2015
  • E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune av 24.02.2015
  • Brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune av 26.02.2015 – program for tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på formøte, opningsmøte, oppsummering og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:

  • Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, revisjonsleiar
  • Astrid Tveit, rådgjevar, revisor
  • Turid Måseide, rådgjevar, revisor
  • Anne Kristin Eitungjerde, juridisk sjef, observatør

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2015 Samhandling ved utskrivning av pasienter

Søk