Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Hyllestad kommune, Hyllestad omsorgssenter Eikelund i perioden 25.11.2015 til 02.05.2016. Denne rapporten gjer greie for funn på det området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område:

Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om kommunen følgjer lovkrava og sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før helsehjelpa vert gitt med tvang
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa skal ytast med tvang

Fylkesmannen avdekte ikkje avvik under tilsynet i Hyllestad kommune.

Dato: 02.05.2016

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Tom Nesvåg
revisor

 

Brevet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrifter

 


1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Hyllestad kommune, Hyllestad omsorgssenter Eikelund, i perioden 25.11.2015 til 02.05.2016. Tilsynet er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2015/2016.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenestene § 2.

Tilsynet vart utført som systemrevisjon. Dette inneber dokumentgjennomgang, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom sin internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovkrav innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovkrava vert følgde

Rapporten handlar om dei avvika som er avdekte under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er brot på lovkrav.


2. Omtale av kommunen

Hyllestad kommune har om lag 1400 innbyggjarar. Hyllestad omsorgssenter Eikelund ligg i Sørbøvåg. Omsorgssenteret har 22 plassar fordelt på tre avdelingar. Avdeling A er ei skjerma avdeling og har åtte plassar, avdeling B og C har sju plassar kvar for korttids og langtidspasientar. 

Det er ein avdelingssjukepleiar for dei tre avdelingane og ho rapporterer til leiar for omsorgssenteret. Leiaren rapporterer vidare til helse- og omsorgssjef som er organisert under rådmannen.

Sjukeheimslegen er på omsorgssenteret ein dag kvar veke og etter behov. I tillegg er sjukeheimslegen tilgjengeleg på telefon heile døgeret.

Kommunen brukar CosDoc journalsystem.

Leiar omsorgssenter er overordna fagleg ansvarleg for vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.   


3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

  • 25.11.2015 melding om tilsyn,
  • 08.02.2016 motteke dokument frå kommunen,
  • 15.03.2016 opningsmøte,
  • 15.03.2016 omvising i sjukeheimen,
  • 15. og 16.03.2016 intervju av 10 personar (i tillegg deltok ein legestudent under intervjuet med sjukeheimslegen)
  • 15. og 16.03 2016 stikkprøver i 16 journalar
  • 16.03.2016 sluttmøte

Oversikt over dokument som verksemda har sendt oss i samband med tilsynet, er teke inn i kapittel 7 om dokument.


4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Hyllestad kommune, Hyllestad omsorgssenter Eikelund, har styring og fører kontroll med at somatisk helsehjelp som vert ytt til pasientar som set seg imot slik hjelp, vert ytt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen følgjer lovkrava og sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar blir identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før helsehjelpa vert gitt med tvang
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa skal ytast med tvang


5. Funn

Fylkesmannen avdekka ingen avvik under tilsynet.


6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg


7. Dokumentgrunnlag

  • Organisasjonskart Hyllestad kommune
  • Skildring av Hyllestad omsorgssenter Eikelund
  • Oversikt over tilsette ved omsorgssenteret
  • Stillingsframstilling for:
    - Leiar omsorgssenteret
    - Avdelingsleiar omsorgssenteret
    - Hjelpepleiar/omsorgsarbeidar
    - Sjukepleiar i omsorgstenestene
    - Assistent/pleiemedhjelpar
  • Prosedyre for bruk av tvang og makt etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A
  • Døgnrytmeplan Eikelund
  • Innskriving av ny pasient
  • Sjekkliste for undersøkingar ved innskriving av ny pasient
  • Ansvarsområde for autoriserte sjukepleiarar
  • Prosedyre for primærkontakt
  • Opplæring for nytilsette på Hyllestad omsorgssenter Eikelund
  • Helse- og omsorgsplan for Hyllestad kommune 2012-2020

Dokumentasjon som blei gjennomgått/utdelt under revisjonsbesøket:

  • Referat frå personalmøte

Vi fekk omvising ved sjukeheimen.

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • 25.11.2015 melding om tilsyn
  • 08.02.2016 dokumentasjon til tilsynet frå Hyllestad kommune
  • 01.03.2016 informasjon og program for tilsynet til Hyllestad kommune
  • 30.03.2016 førebels rapport


8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Jens Christian Lundeland

Helse- og omsorgssjef

X

X

X

Tonje Førde Systad

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Målfrid Sognnes

Leiar Heimetenesta

X

-

X

Bente Nesse

Rådmann

X

X

-

Liv Hilde Robinson

Leiar Omsorgssenteret

X

X

X

Hilde Håvåg

Sjukepleiar

X

X

X

Solveig Nordbø

Hjelpepleiar

X

X

X

Sirpa Markannen

Fysioterapeut

X

-

-

Hanne Grethe Brendehaug

Hjelpepleiar

X

X

-

Anette Ester

Lege

X

X

-

Anna Engstrøm

Legestudent

X

observatør

-

Ingrid Ø. Strandheim

Sjukepleiar

X

X

X

Judith Bjordal

Hjelpepleiar

X

X

X

Linda Ølmheim

Sjukepleiar

X

-

X

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:
Rådgjevar Beate Tollefsen, revisjonsleiar
Rådgjevar Tom Nesvåg, revisor
Rådgjevar Dina Lunde, observatør