Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Telemark gjennomførte i perioden 07.02. 2013 – 21.10.2013 tilsyn med Kviteseid kommune, Nav Kviteseid. Denne rapporten gjer greie for dei områda som tilsynet omfatta.

Tilsynet omfatta undersøking av om kommunen gjennom sin styringsaktivitet sikrar at handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram er i samsvar med lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak. Vidare undersøkte vi om deltakarar får oppfølging i samsvar med lova.

Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for avvik under tilsynet.

Inger Tveit Espeland
revisjonsleiar

Mona Bjønnes
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Kviteseid kommune, NAV Kviteseid i perioden 07.02. 2013 – 21.10.2013. Revisjonen går inn som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjort etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Etter § 9 i lov om sosiale tjenester i NAV skal Fylkesmannen føre tilsyn med kommunen si oppfylling av plikter etter kapittel 4 og § 16 første ledd.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kviteseid er ein kommune med 2507 innbyggarar. Kommuneadministrasjonen ligg i Kviteseid. NAV er organisert direkte under rådmannen, og NAV - leiar møter regelmessig i rådmannen si leiargruppe. NAV kontoret blei etablert i 2008.

I tillegg til dei obligatoriske kommunale tenestene i NAV administrerar dei og Husbankens stønadsordningar, støttekontakt, avlastning, omsorgsløn og tenster til rusavhengige, tt-kort, ledsagerbevis. Det er 6 tilsette ved kontoret.

På tilsynstidspunktet var det 2 deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Det var ingen langtidsledige i kommunen og det var berre ein langtidsmottakar av sosialstønad ( 6 månadar eller meir).

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 07.02.2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde 18.10.2013.

Intervjuer

5 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 21.10.2013.

4. Kva tilsynet omfatta

Det blei ført tilsyn med området handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i medhald av lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak.

Kommunen er pålagt å ha internkontroll etter sosialtenestelova § 5 og forskrift om internkontroll gitt i medhald av lova. Tilsynet undersøkte om, og på kva måte, kommunen si leiing følgde med på at dei oppgåver som er pålagt etter lova vart gjennomført

5. Funn

  • Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for avvik eller merknadar under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen av 18.12.2009 nr. 131
  • Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad
  • Forvaltningsloven av 10.2.1967
  • Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Oversending av grunnlagsmateriale med vedlegg datert 14.08.2013:
    - Organisasjonskart
    - Samarbeidsavtalen mellom Kviteseid kommune og NAV Telemark
    - Delegasjonsbrev frå NAV leiar til tilsette på NAV Kviteseid

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 7 saksmapper frå KVP brukarar
  • Oversikt over langtidsmottakarar av sosialhjelp

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Telemark:

  • Førebels varsel om tilsyn datert 07.02.2013
  • Brev vedr kva slags dokumentasjon ein ynskja framlagt før tilsynet datert 18.08.2013
  • E – post datert 03.10.2013 program for tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Bjørn Johansson

NAV-leiar

X

X

X

Ingunn Fundlid

Rettleiar

X

X

X

Helene Nordby

Rettleiar

 

X

X

Bernt Rune Løvskeid

Rettleiar

X

X

X

Hans Bakke

Rådmann

X

X

X

Fra tilsynsmyndighetene deltok:
Merethe Bonsaksen, Mona Bjønnes og Inger Tveit Espeland

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013–14 Kvalifiseringsprogrammet

Søk