Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til utsending frå Kommunal- og regionaldepartementet dagsett 26. februar 2008 vedlagt høyringsnotat om forvaltningsreforma.

Vi merker oss at det ikkje er nemnd noko om overføring av oppgåver tilhøyrande Helse- og omsorgsdepartementet i oppsummeringa (punkt 1.2.1) på side 4ff. Vi tek dette som eit uttrykk for at Kommunal- og regionaldepartementet meiner at det ikkje er innanfor sosial- og helsetenesta at verknadene av endringane vil vere størst. Jf. såleis også det som tidlegare er kome fram i St. meld. nr. 12 (2006-2007). Vi legg til grunn at det som er sagt om fylkesmannens oppgåver som rettstryggingsinstans i avsnitt 10.6. i denne stortingsmeldinga ligg fast.

Vi legg vidare til grunn at høyringsnotatet føreset at den politiske og administrative inndelinga blir ståande uendra. Vi avstår difor frå å kommentere forhold innanfor vårt arbeidsfelt som ville kunne blitt påverka av endra geografiske grensedragingar.

I det følgjande vil vi såleis avgrense oss til å kommentere dei forholda som vi meiner direkte vil kunne påverke dei oppgåvene som gjennom lovgjevinga er lagde til Statens helsetilsyn og Fylkesmannen/Helsetilsynet i fylket innanfor vårt saksområde.

Dei aktuelle utsegnene for vårt saksfelt finn vi i kapittel 10. Vi merker oss at utsegnene i teksten her i det vesentlege er normative formuleringar med forslag som ikkje er nærare utgreidde eller empirisk underbygde. Vi saknar såleis ei nærare helsefagleg grunngjeving for kvifor ei overføring av oppgåver innanfor folkehelsefeltet frå staten v/fylkesmennene til fylkeskommunane vil styrkje dette arbeidet. Vi reknar med at ei meir utfyllande grunngjeving for dette forslaget naturleg vil høyre heime i det høyringsnotatet som blir sagt skal kome frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2008 med forslag til nødvendige lovendringar (jf. side 124). Det kunne vore relevant å vurdere dei røynslene ein har frå liknande endringar i folkehelsearbeidet i Sverige rundt 1990 og frå Danmark i samband med regionreforma der dei seinare åra.

Når det gjeld plasseringa av tannhelsetenesta i framtida, vil vi i denne omgang nøye oss med å vise til høyringssvaret vår i samband med høyringa om NOU 2005:11. Vi gjev der uttrykk for at for å sikre ei betre integrering av tannhelsetenesta i helsetenesta elles, bør ein vurdere å leggje ansvaret for denne tenesta til dei regionale helseføretaka. Vi kan ikkje sjå at innhaldet i det føreliggjande høyringsnotatet gjev oss grunn til å endre synspunkt på dette no.

Når det gjeld økonomiske og administrative følgjer av endra ansvars- og oppgåvefordeling innanfor folkehelsearbeidet er dette berre kort nemnd i avsnitt 11.10. Vi reknar med at også dette vil bli utdjupande drøfta i den lova utgreiinga frå Helse- og omsorgsdepartementet. I samband med dette vil vi alt no peike på at dei aktuelle fagmiljøa innanfor sosial- og helseteneste hos Fylkesmannen/Helsetilsynet i fylket alt i dag er kritisk små og lite robuste. Ei ytterlegare nedbygging av dei samla ressursane på dette området hos Fylkesmannen, reknar vi med også vil kunne føre til utilsikta følgjer for den nødvendige kompetansen og kapasiteten for å gjennomføre dei forvaltnings- og tilsynsoppgåvene som skal bli verande hos Fylkesmannen/ Helsetilsynet i fylket.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
 assisterande direktør

 


Saksbehandlar:  Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi   Helse- og omsorgsdepartementet
Helsedirektoratet
Fylkesmennene
Helsetilsynet i fylket