Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Professor dr. juris Asbjørn Kjønstad ved Universitetet i Oslo blir tildelt Karl-Evang-prisen for 2007 under det årlege Evang-seminaret i dag. Kjønstad får prisen for sin rettsvitenskaplege pionerinnsats innan sosial- og velferdretten. Særleg har komitéen lagt vekt på arbeidet hans med å oppnå velferd og rettstryggleik for dei svakaste gruppene i samfunnet. I tillegg har priskomitéen lagt vekt på Kjønstad sin innsats i arbeidet med lovgjeving mot tobakkskader.

Kjønstad har utført eit særs viktig nybrottsarbeid. Ved sida av det vitskaplege arbeidet har Kjønstad bidratt meir enn vanleg i den offentlege utgreiingsverksemda. Gjennom forsknings- og utgreiingsverksemd har Asbjørn Kjønstad gitt uvurdelege bidrag i utviklinga av eit stort og livskraftig miljø i trygde-, helse- og sosial- og velferdsrett på universiteta, høgskulane og innan offentleg forvalting.

Karl Evang-prisen blir tildelt årleg til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg framifrå innsats for å fremje enten folkehelsa og sosiale forhold knytta til denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysningsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitisk spørsmål. Det blir lagt vekt på at den som mottek prisen har ytt ein innsats som går ut over det som er forventa.

Komiteen som deler ut prisen er oppnemnd av Statens helsetilsyn. Medlemmer: Professor Aslak Syse (leiar), Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo, Professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, ansvarlig redaktør Hilde Haugsgjerd, Aftenposten, dekan Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmets høyskole og rådgjevar Ruth Andresen, Statens helsetilsyn.

23.10.2007