Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen er klageinstans for klager etter sosialtenestelova. I 2006 behandla fylkesmennene 5351 slike klager. Rapporten handlar om kva slags saker dette er, utfallet av klagebehandlinga, grunngjevingar for utfall og tida det tek frå Fylkesmannen mottek klager til dei er ferdig behandla. I rapporten blir fylkene/fylkesmennene samanlikna ut frå befolkningsgrunnlaget, og i lys av klagebehandlinga i tidlegare år. 

Talet på innkomne og behandla klagesaker har gått ned i 2006. Med unnatak av år 2000 har fylkesmennene aldri behandla så få klagesaker etter sosialenestelova.

Tre av fire klager gjeld økonomisk stønad. Dømer på saker om økonomisk stønad kan vere klage på storleiken på stønaden eller klage knytta til bukostnader, klede, tannbehandling, medisinar, inventar, reise eller andre kostnader. Klage kan også gjelde vilkår stilt til utbetalinga, at hjelpa blir gjeven som lån eller at kommunen tek refusjon i etterbetalt trygd.  I over ¾ av klagesakene om økonomisk stønad blir det kommunale vedtaket stadfesta.

Under 1/5 av klagesakene gjeld sosiale tenester. Saker om sosiale tenester er i hovudsak klage på omsorgsløn og praktisk bistand, til dømes at omfanget heimehjelp er redusert eller at det ikkje blir tildelt brukarstyrt personleg assistanse. Andre klagetema er utilstrekkelege støttekontakt- og avlastningstenester, eller avslag på dekning av kostnader til behandling for rusmiddelmisbrukarar. I om lag halvparten av sakene blei det kommunale vedtaket anten oppheva og saka sendt tilbake til ny behandling eller omgjort. Det er langt meir sannsynleg å få medhald i ein klage på sosiale tenester enn ein klage på økonomisk stønad.

85 prosent av klagesakene blei behandla innan tre månader. Ved utgangen av året var det 871 ubehandla saker. 

Klagesaker etter sosialtjenesteloven 2006 – sammenstilling av
fylkesmennenes rapportering.
Rapport fra Helsetilsynet 7/2007 (pdf)

0.8.2007