Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Brukar- og pårørendeorganisasjonar er velkomne til å kome med forslag til tema for landsomfattande tilsyn i 2019. Vi har allereie sendt brev til Voksne for barn/Landsforeningen for barnevernsbarn, Forandringsfabrikken, Velferdsalliansen, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Mental Helse, Rådet for psykisk helse, Rusmisbrukernes interesseorganisasjon, Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner og Pårørendealliansen.

Vi ønskjer også å gi andre brukar- og pårørendeorganisasjonar mulighet for å kome med forslag. Forslaga skal fortrinnsvis vere basert på informasjon og erfaringar frå organisasjonen sitt eige arbeid. Vi vil gjerne ha temaforslag på dei tenesteområda vi har tilsynsansvar for:

  • Barnevern
  • Sosiale tenester i Nav
  • Kommunale helse- og omsorgstenester
  • Spesialisthelsetenester
  • Tilsyn etter folkehelseloven

Kvar er det størst fare for svikt i tenestetilbodet og kva konsekvensar har det for dei som har tenester?

Forslaga bør vere prioritert med det de ser som viktigst for tenestebrukarane øverst. Vi ber om at de grunngjev forslaga:

  • Kva byggjer de forslaget på? (oppgje for eksempel namn på rapport, referer til statistikk osv.).
  • Kor alvorlg er faren for svikt for tenestebrukere (barnevernsbarn, pasientar, andre brukarar) og kva konsekvensar har det om det sviktar?
  • Kor ofte skjer slik svikt?

Kva er landsomfattande tilsyn?

Tilsynet si oppgåve er å undersøkje om lover og reglar blir følgde. Som tilsynsmyndigheit skal vi prioritere område

  • av stor betydning for enkeltmenneske sin rettstryggleik
  • der risikoen for svikt er stor
  • der konsekvensane av svikt for barn og deira familie og andre tenestemottakarar er alvorlege
  • der dei som trenger tenester ikkje sjølv kan forventast å ivareta eigne interesser

Ved landsomfattande tilsyn gjennomfører alle fylkesmenn tilsyn på same tenesteområde, med same tema og metode. Tema for slike tilsyn blir avgjort av Statens helsetilsyn etter ei brei innsamling av grunngjevne forslag frå fylkesmenn, direktorat, departement, ombod og andre fagmiljø, og Helsetilsynet sine eigne avdelingar.

Her finner de lenke til oversikt over landsomfattende tilsyn som er gjennomført tidligare år eller som allereie er beslutta skal gjennomførast.

Send oss eventuelle forslag innan 15. juni 2017 til .