Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med IK barneverntjeneste for Nesset, Sunndal og Tingvoll i perioden 16.03 – 07.06.2016.

Fylkesmannen fører tilsyn med den kommunale barneverntenesta med heimel i kommunelova § 10 og barnevernlova § 2-3.

Tilsynet er gjennomført som ein del av prosjekt «Godt tilsyn med barnas barnevern» etter initiativ frå stiftinga Forandringsfabrikken v/»barnevernproffene» i samarbeid med Helsetilsynet. Fem fylkesmannsembete deltek i prosjektet og har valt ulike tema og innretningar på tilsynet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har valt å prøve ut ny metodikk i tilsynet med kommunebarnevernet. Tema som er valt er barns medverknad i eigen barnevernssak, avgrensa til arbeidet med iverksetting, oppfølging og evaluering av hjelpetiltak for barn som har tiltak i heimen.

Barneverntenesta for Nesset, Sunndal Tingvoll vart valt ut frå kjennskap til at tenesta over tid har hatt involvering av barn og unge i hjelpetiltak som innsatsområde. Fylkesmannen ønska å prøve ut tilsyn med korleis barn og unge blir involverte i eiga barnevernssak sett opp mot lovkrava på området.  I tillegg til tradisjonelle tilsynsmetodar som intervju av tilsette og gjennomgang av dokumentasjon i saker, har vi intervjua barn og unge i barnevernet om deira opplevingar og synspunkt.

Kva har vi undersøkt – lovkrav på området

I tilsynet har vi undersøkt om barn og unge får medverke i eigen barnevernssak og om rutinar og oppfølging frå leiar sikrar at lovkrava om medverknad blir følgt med utgangspunkt i:

Barnekonvensjonen art. 12:
«….skal barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter ha rett til å gi uttrykk for egne synspunkter i saker som berører det, og barnets synspunkter skal tillegges behørig vekt i samsvar med alder og modenhet…»

Barnevernlova § 6-3: Barns rettigheter under saksbehandlingen.

«Et barn som er fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, skal informeres og gis anledning til å uttale seg før det tas avgjørelse i sak som berøre ham eller henne. Barnets mening skal tillegges vekt i samsvar med barnets alder og modenhet.»

Barnevernlova  § 1-4: «Tjenester og tiltak etter denne loven skal være forsvarlige».

Omtale av verksemda

Barneverntenesta er interkommunal med Sunndal kommune som vertskommune. Tenesta har til saman 11,8 årsverk og er tilknytta helse- og barneverntenesta i Sunndal kommune.

Tenesta rapporterte pr. 31.12.16 om til saman 106 barn i hjelpetiltak. Dei tilsette er delt inn i to team, eit med ansvar for undersøkingar og tiltaksarbeid og eit med ansvar for å følgje opp barn som bur utanfor heimen.  Dei legg vekt på fleksibilitet mellom teama ved at barn som har god tillit til kontaktpersonen sin kan behalde denne sjølv om dei etter organiseringa skulle ha skifta. 

Gjennomføring av tilsynet

Tilsynet har omfatta

  • formøte med tenesta 16. mars 2016
  • startmøte 2. mai 2016
  • intervju av 4 barn og unge (1 avtale vart avlyst)
  • intervju av 3 tilsette
  • gjennomgang av rutinar og 5 journalar
  • sluttmøte 7. juni 2016

Funn

  • Tenesta har skriflege rutinar på områda som var tema for tilsynet. Medverknad frå barn og unge var i nokon grad omtala i rutinane, mens fagprogrammet som tenesten nyttar i større grad ivaretok dette gjennom spørsmål og rapportmalar som skal fyllast ut.
  • I intervju med dei tilsette kom det fram at tema «medverknad frå barn og unge» har fokus på faste mandagsmøte, både som fagleg tema og knytt til enkeltsaker. Fleire var opptekne av at det fortsatt var noko individuell praksis på området og at målet var å «gjere» meir enn å «snakke om». Område dei seier er endra etter at medverknad vart felles innsatsområde og tenesta vart «Mitt Livkommune» er
    - møte med barn og unge gjennom Mitt Liv har påverka haldningar og ført til meir refleksjon over eigen praksis i møte med barn og unge
    - omtale av barn/unge og foreldre i skriftlege dokument er endra
    - barn deltek i utforming av eigen plan
    - kontaktpersonen møter barn og unge oftare og  på ulike arenaer
    - omgrep er endra, t.d. frå saksbehandlar til kontaktperson og frå atferd til oppførsel
  • Leiar etterspør aktivt barn og unge sin medverknad i sakene
  • Tenesta har fortsatt mange forbetringsområde når det gjeld barn og unges medverknad
    - Få ein felles forståing av kva barns medverknad inneber som grunnlag for endra og meir lik praksis
    - Betre rutiner og malar slik at barn og unge syns betre
  • Barn og unge seier i intervju
    - Er fornøgd med kontaktpersonen sin
    - Er involvert i eiga sak
    - Har tid og høyrer på meg
    - Let meg vere med å bestemme kva som skal skje
    - Ein god kontaktperson
        Bryr seg og høyrer etter
        Treff meg så ofte at ho veit kva eg er interessert i så eg slepp å gjenta
        Har stort hjerte og prøver å forstå (sjølv om ho ikkje alltid forstår)
        Er nysgjerrig på meg, høyrer på hjartet til barna
        Lar barna vere med å bestemme

Konklusjon

Barn og unge i barnevernet i IK barneverntjeneste for Nesset, Sunndal og Tingvoll får medverke i eiga barnevernssak i tråd med krava i barnevernlova.

Molde, 7. juli 2016

Heidrunn Avdem
fagkoordinator

Liv Aasen
seniorrådgivar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.