Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for det avviket som blei påpeikt innafor dei områda som vart reviderte. Tilsynet gjaldt følgjande område:

  • Om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • Bruk av tvungen helsehjelp
  • Om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A

Under tilsynet blei det avdekt eit avvik, det blei ikkje gjeve merknad.

Avvik:

Ørsta kommune sikrar ikkje at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje.

Dato: 20.04.2016

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar

Thomas Sørflaten
revisor

 

Sverre Veiset
revisor

 

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter eit ikkje varsla tilsyn ved Vartdal helsetun, Ørsta kommune, den 5. april 2016. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen er gitt fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m. § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 5-9.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om dei ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:

  • pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • bruk av tvungen helsehjelp
  • det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A

Ikkje varsla tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. Ikkje varsla tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføringa av tilsynet. Personalet som er til stades vil ha sine daglege oppgåver å ta hand om overfor pasientane. Det ikkje varsla tilsynet vart gjennomført med samtaler og innsyn i journalsystem.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innafor dei områder tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vartdal helsetun er ein av tre sjukeheimar i Ørsta kommune. Vartdal helsetun har tilbod om 15 bustader i bufellesskap i tillegg til 11 plassar i sjukeheimen. Fastlegen har 12% stilling i sjukeheimen og legevisitt kvar tysdag. Legekontoret er ope tre dagar per veke til ålmenta.

Vartal helsetun har tilsaman 32 tilsette i eininga, og samla årsverk for 2015 var 25,98 årsverk. Kjøkenet har 4 tilsette og 2,68 årsverk.

3. Gjennomføring

Det umelde tilsynet blei varsla om lag ein time før ankomst via telefon til einingsleiar ved Vartdal helsetun. Ho orienterte Rådmann og dei tilsette ved helsetunet om tilsynet.

Tilsynsteamet fikk orientering om status innafor området for tilsynet. Det vart opplyst at temaet blir teke opp til diskusjon når det er aktuelt.

Tilsynsteamet snakka med:

  • Einingsleiar Kirsti Hånes Vartdal
  • Tilsynslege Åsmund Keilen
  • Sjukepleiar Laila Håvoll Vartdal
  • Hjelpepleiar Marit-Synnøve Volle
  • Hjelpepleiar Marit Håvoll

Avslutningsvis oppsummerte tilsynsteamet sine funn og meddelte desse til einingsleiar ved Vartdal helsetun.

4. Funn

Avvik 1:

Ørsta kommune sikrar ikkje at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-3 sammenholdt med § 4A-5
  • Internkontrollforskriften § 4
  • Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1

Avviket byggjer på følgjande:
Gjennom samtaler kom det fram at det i enkelte høve blir nytta tvang for å få gjennomført personleg stell. Det vart understreka at dette var i samråd med pårørande og at det var heilt naudsynt å få gjennomført personleg stell. Tvangen vart ikkje vurdert opp mot reglane i pasient- og brukarrettighetslova kapittel 4A

Kommentar:
Det vart opplyst at det er auka fokus på samtykkekompetanse og vurdering av denne, og at slik vurdering vert gjort når det er aktuelt. Avgjersle om manglande samtykkekompetanse blir dokumentert i journal.

Evna til å treffe avgjersle i spørsmål som gjeld eiga helse, kan variere etter kva slags tiltak det er snakk om. Samtykkekompetansen kan fell bort for enkelte område, men ikkje automatisk for alle. Ein pasient kan vere heilt eller delvis samtykkekompetent. Det må difor gjerast ei konkret vurdering av på kva område pasienten har samtykkekompetanse. Av grunngjevinga må dei faktiske forholda avgjersla byggjer på gå fram. 

Å gi helsehjelp til pasientar som motsett seg helsehjelpa er eit alvorleg inngrep i deira sjølvråderett. For å ivareta pasienten sin rettstryggleik er det difor viktig at det faktisk blir fatta vedtak om helsehjelp med tvang, at vedtaka er så grundige som mogleg, og at innhaldet blir gjort kjent for dei som yt helsehjelp til pasienten.

5. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter

Følgende forskrifter vil også være sentrale ved tilsynet:

  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie

Frå tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar/sosionom Aase Årsbog Dyrset, revisor/jurist Thomas Sørflaten og revisor/psykiatrisk sjukepleier Sverre Veiset.