Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som vart reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen legg til rette for at menneske med utviklingshemming får personleg assistanse i form av:
    o tilsyn og bistand til å ivareta eigenomsorg
    o bistand til aktivisering
    o opplæring i dagleglivets gjeremål og personleg stell og eigenomsorg
  • Om kommunen legg til rette for at menneske med utviklingshemming får:
    o helsetenester i heimen
    o tilgang til medisinsk undersøking, utredning og behandling I tilsynet vart det avdekt to avvik:

Avvik 1:

Haram kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av personleg assistanse til alle personar med utviklingshemming.

Avvik 2:

Haram kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av legemiddelhandtering og at personalet har tilstrekkeleg kompetanse i å gjennomføre førstehjelp.

Molde 04.04.2017

Janne Bjørsnøs
revisjonsleiar

Marit Hovde Syltebø
revisor

 

Eilin Reinaas
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 27.09.2016 - 04.04.2017. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal dette året.

Fylkesmannen har mynde til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenestene etter lov om statleg tilsyn § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lov og regelverk blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i, eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i, eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Haram kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen har om lag 9100 innbyggarar. Kommunen yter på tidspunktet for tilsynet helse- og omsorgstenester til 28 personar med utviklingshemming.

Helse- og omsorgstenestene til personar med utviklingshemming blir i Haram kommune i all hovudsak ytt frå avdeling for Buteneste for utviklingshemma, som er ei av åtte avdelingar organisert i Eining for Helsetenester. Eining for Helsetenester er ei av til saman 9 einingar i kommunen, der einingsleiar er direkte underlagt rådmann. Nokre av brukarane får i tillegg tilbod frå Brattvåg dagaktivisering og frå psykiatrisk sjukepleiar, rustenesta og/eller fysioterapeut og ergoterapeut.

Kommunen nyttar fagsystemet Profil til journalføring og Compilo som elektronisk styringssystem.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 27.09.2016. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 14.02.2017.

Intervju
10 tilsette frå Haram kommune vart intervjua den 31.01, 14.02, 15.02 og 17.02.2017.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

NFU sitt lokallag blei invitert til samtale, men møtte ikkje.

Samtalar med 3 brukarar av helse- og omsorgstenester den 31.01.2017. Eigne samtalar med 2 pårørande den 10.11.2016.

Sluttmøte vart halde 7.03.2017.

Førebelsrapportvart sendt kommunen for uttale 10.03.2017.

4. Kva tilsynet omfatta

Systemrevisjonen omfatta undersøking av om Haram kommune gjennom systematisk styring og leiing sikrar at personar over 18 år med utviklingshemming, og som bur i eigen eigd eller leigd bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legg til rette for at personar med utviklingshemming får personleg assistanse i form av:

  • tilsyn og bistand til å ivareta eigenomsorg
  • bistand til aktivisering
  • opplæring i dagleglivets gjeremål, personleg stell og eigenomsorg

Vidare har Fylkesmannen undersøkt om kommunen legg til rette for at personar med utviklingshemming får:

  • helsetenester i heimen
  • tilgang til medisinsk undersøking, utgreiing og behandling

Det har også inngått i tilsynet å undersøke om kommunen legg til rette for

  • at brukarane får medverke i tenesteutøvinga
  • samhandling internt
  • samarbeid med fastlege og spesialisthelsetenesta

Som del av tilsynet er det også undersøkt om kommunen innhentar politiattest ved tilsetting av personell.

5. Funn

Avvik 1:
Haram kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av personleg assistanse til alle personar med utviklingshemming

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b, jf. §§ 3-1, 3-4, 4-1, 4-2a, kapittel 8,
  • Pasient- og brukarrettigheitsloven §§ 2-1a, 2-7, 3-1 til 3-3 og 3-5, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 2-2, 3-1 tredje ledd, § 3-10
  • Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenestene, før 01.01.2017: Internkontrollforskrifta §§ 3, 4 og 5
  • Kvalitetsforskrifta § 3 første og andre ledd

Avviket byggjer på følgjande:

Personleg assistanse:

Tenestevedtak og systematisk tenesteutøving av personleg assistanse

  • Vedtak om praktisk bistand og opplæring er lite presise og/eller av gammal dato
  • I intervju kom det fram at tilsette, brukarar og pårørande opplever av og til at det er for lite tid til å hjelpe den enkelte brukar.
  • I intervju og av dokumentasjon kom det fram at enkelte brukarar ikkje har fått innvilga tilstrekkeleg praktisk bistand
  • I intervju og av dokumentasjon kom det fram at enkelte brukarar ikkje får hjelp i det omfang som går fram av enkeltvedtaket
  • I intervju og av dokumentasjon går det fram at ikkje alle brukarane bur i bustad som er egna for deira behov.
  • Tiltaksplanane til enkelte brukarar som har spesielle utfordringar er mangelfulle og inneheld ikkje konkrete tiltak for kommunikasjon og samhandling med brukar, samt korleis målretta miljøarbeid skal ytast. Tilrådingar frå habiliteringstenesta er ikkje alltid følgt, utan at det ligg føre dokumentasjon på faglege vurderingar for kvifor dette ikkje er gjort.
  • Enkelte brukarar har svært mange ulike tenesteytarar.
  • Det blir gjennomført gruppemøter for kvar enkelt brukar. Ikkje alle som arbeider hjå brukar deltek. Det blir skreve referat frå møta. Det er ikkje eit system som sikrar at alle som ikkje deltek på møta les referatet, eller på anna måte får naudsynt informasjon.
  • I intervju og av dokumentasjon går det fram at brukarar kan ha behov for tenester om natta utan at det blir fanga opp av personalet.
  • Det går fram av kommunen si serviceerklæring at brukarane kan forvente at personalet ikkje nyttar tvang og makt som kan heimlast i helse- og omsorgstenestelova. I intervju og av dokumentasjon kom det fram at tiltak ikkje blir sett i verk på grunn av at kommunen ikkje vil nytte tvang og makt sjølv om det blir vurdert som eit tenleg tiltak for å sikre brukar forsvarlege tenester.
  • I intervju og av dokumentasjon går det fram at personalet ikkje alltid følgjer dei miljøtiltaka som er bestemt for den enkelte brukar, utan at det er gjort faglege vurderingar for å avvike frå desse.
  • Planar og rutinar for tenesteutøvinga er spreidd i ulike permar, oppslag og skriv i personalbasene og hjå den enkelte brukar. I intervju kom det fram at dette fører til at det er vanskeleg å ha tilstrekkeleg oversikt.
  • Kommunen følgjer ikkje med på at den hjelpa brukarane har vedtak på, faktisk blir gjennomført. I intervju og av arbeidsplan går det fram at kommunen planlegg at ein tenesteytar skal gi tenester til fleire brukarar, deriblant brukar med 1:1 bemanning. Tenesteytar kan då ikkje gje 1:1 bistand til brukar som har vedtak om det.
  • Kommunen har ikkje skriftlege rutinar for dokumentasjon av personleg assistanse og opplæring. Av Profil går det fram at personalet dokumenterer tenesteytinga ulikt. Fleire journalnotat manglar konkrete observasjonar.
  • I intervju og av dokumentasjon går det fram at det er lite systematisk brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene
  • I intervju kom det fram at tilsette ikkje alltid melder frå om svikt og manglar dei opplever ved planlegging og gjennomføring av personleg assistanse.

Kompetanse og personellstyring:

  • Av dokumentasjon og av intervju går det fram at kommunen ikkje har fastsett kva kompetanse og kunnskap den enkelte tenesteytar treng for å gje dei enkelte brukarane forsvarlege helse- og omsorgstenester.
  • Kommunen har ikkje kompetanseplan.
  • Kommunen har ikkje sikra at alle tilsette har kunnskap om generelle utfordringar ved det å leve med utviklingshemming.
  • Ikkje alle tilsette har kunnskap om spesielle utfordringar dei brukarane dei yter tenester til har, slik at dei kan legge til rette tenesteytinga med omsyn til den enkelte sitt behov.
  • Kommunen sett ikkje i verk opplærings- og rettleiingstiltak ut frå dei tilsette sine kvalifikasjonar.

Informasjon og medverknad

  • Informasjon og kommunikasjon blir ikkje alltid tilpassa brukar sine føresetnader. Ikkje alle tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter til dette. Det er ikkje sett av tilstrekkeleg med tid hos enkelte brukarar til å tilpasse kommunikasjonen.
  • Det blir i liten grad utarbeidd mål for tenesteutøvinga i samarbeid med bruker og/eller brukar sin representant
    o Det er ikkje dokumentert at det er avklart om brukarane har rett på og ønskjer individuell plan.
    o Det er ikkje dokumentert at det er vurdert kva moglegheit kvar enkelt brukar har for å auke funksjonsnivå og meistring.
    o Det er ikkje avklart kva kvar enkelt brukar treng av informasjon om personleg assistanse for å kunne medverke i gjennomføring av tenestene.

Leiinga si gjennomgang

  • I intervju og av dokumentasjon kom det fram at leiinga ikkje systematisk følgjer med på at dei tilsette har tilstrekkeleg kompetanse og etterlever rutinar. Leiinga fylgjer ikkje systematisk med på om rutinar er oppdatert og fungerer slik det er meint, og om avvik på området blir meldt, ved å sjølv etterspør informasjon.
  • Det er ikkje dokumentert at leiinga sikrar at feil og manglar ved tenestene blir korrigert og utbetra.

Kommentar:

Godt spesifiserte, skriftlege vedtak med grunnlag i konkrete og individuelle vurderingar av den enkelte brukar sine behov, skal legge grunnlag for kva slags tenester brukarane får og som fylgjer av krava i forvaltningslova § 24 og 25, jf. pasient- og brukarrettigheitslova § 2-7. Det er også viktig at reglane for saksbehandling blir følgde slik at vedtaka kan etterprøvast og gje brukarane, eventuelt representantar for brukarane, moglegheit til å klage og til å kunne sjå kva slags tenester dei faktisk skal få. Kommunen må til ei kvar tid sørgje for at brukar får tilstrekkelege og godt individuelt tilrettelagte tenester.

Enkelte grunnleggjande behov blir først og fremst dekka gjennom måten tenestene blir gjeve på. Å sørgje for at brukarane opplever kvardagen og samhandlinga med tenesteytarane som mest mogleg oversiktleg, føreseieleg og trygg er sentralt i fagleg god praksis for å sikre brukarane forsvarlege tenestetilbod. For å få til dette må tenesteytarane ha lik praksis i sine møter med brukar. Det er difor viktig med gode og lett tilgjengelege rutinar/planar for tenesteytinga. Det bør ligge føre kortfatta og oppdatert informasjon som gjer det mogleg for tenesteytar å raskt sette seg inn i eventuelle endringar i rutinar/planar for tenesteytinga eller brukar sin situasjon når han kjem på jobb. Kommunen må også sørgje for at tenesteytar har tilstrekkeleg tid til å halde seg oppdatert.

Det at den faglege plattforma som er bestemt gjennom brukarplanar, tiltaksplanar, i interne møter eller som går fram av tilråding frå spesialisthelsetenesta ikkje blir følgt opp, kan ha stor innverknad på brukar sin livskvalitet. Brukar vil då ikkje få den oversikta og tryggleiken som han er avhengig av. Ser ein dette saman med manglar i opplæring/rettleiing, rapportering og journalføring, vil det ikkje være råd å sikre at desse tenestemottakarane får forsvarlege og kontinuerlege tenester.

Etter pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 første og andre ledd, har pasient og brukar rett til å medverke både ved utforming og ved utøving av helse- og omsorgstenester. Det inneber at brukarane skal bli gitt høve til å bidra i planlegging, utforming, utøving og evaluering av sine tenester.

Brukarmedverknad inneber ein eigenaktivitet som legg til grunn at brukar har visse ferdigheiter til å utøve sjølvråde. Kommunen må derfor legge til rette for at personar med utviklingshemming får tilrettelagt informasjon, slik at den enkelte kan bidra ut frå sine føresetnader, både i saksbehandlingsprosessar og ved gjennomføring av helse- og omsorgstenester. Det går også fram av pasient- og brukarrettigheitsloven § 3-1 første ledd, at forma på medverknaden skal tilpassast den enkelte si evne til å gje og få informasjon. Det er vidare eit krav om at informasjon til brukarar skal tilpassast den enkelte sine føresetnadar og gis på ein omsynsfull måte, jf. pasient- og brukarrettigheitsloven § 3-5. Den tilsette skal så langt det er mogleg sikre at informasjonen er forstått og opplysningar om informasjon som er gitt skal dokumenterast i brukar sin journal. Når det gjeld kommunen sitt ansvar for informasjon til brukarar, er dette også nedfelt i helse- og omsorgstenestelova § 4-2 a.

For å legge til rette for forsvarlege tenester, skal kommunen også sikre tilstrekkeleg fagkompetanse i tenesta. Kommunen har etter helse- og omsorgstenestelova § 8-1 plikt til å medverke til undervisning og praktisk opplæring av helsepersonell, inkludert vidare- og etterutdanning. Vidare er kompetanse eit sentralt element i internkontrollen, jf. forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstenesta (internkontrollforskrifta) § 4 andre ledd bokstav c, no forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene § 3.

Avvik 2:
Haram kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av legemiddelhandtering og at personalet har tilstrekkeleg kompetanse i å gjennomføre førstehjelp

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a, jf. §§ 4-1, 5-10 og kapittel 8,
  • Pasient- og brukarrettigheitsloven §§ 3-1 og 3-5,
  • Helsepersonelloven §§ 16 og 39
  • Journalforskrifta § 5
  • Forskrift om legemiddelhandtering §§ 4 og 7 og rundskriv IS-7/2015
  • Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenestene §§ 3 flg. – før 01.01.2017: Internkontrollforskrifta §§ 3-5, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-1 tredje ledd
  • Kvalitetsforskrifta § 3 første og andre ledd

Avviket byggjer på følgjande:

Legemiddelhandtering

  • Det er ikkje arbeidd fram prosedyre for risikovurdering ved legemiddelhandtering, og av intervju kom det fram at ei slik vurdering heller ikkje er gjort.
  • Det ligg ikkje føre skriftlege avtaler mellom brukar/representant og kommunen om overtaking av ansvar for legemiddelhandtering.
  • Personell som har fullmakt til legemiddelhandtering har gjennomført kurs, men det er ikkje dokumentert at det blir vurdert om den enkelte har tilstrekkelege kvalifikasjonar og er skikka til å handtere legemiddel.
  • Avvik på legemiddelhandtering blir meldt i Profil. I profil må leiar enten få beskjed om at det er meldt eit avvik, eller aktivt gå inn i systemet for å sjå etter avvik. Det går ikkje fram i Profil om alle avvik er handsama av leiar og om tiltak for forbetring er vurdert og satt i verk.

Kompetanse og personellstyring

  • I intervju kom det fram at ikkje alle tilsette har fått tilstrekkeleg opplæring slik at dei har bakgrunnskunnskap om dei aktuelle sjukdommane hjå brukarane dei skal følgje opp.
  • I intervju og av dokumentasjon går det fram at ikkje alle tilsette har fått tilstrekkeleg opplæring til å identifisere og yte hjelp ved epileptiske anfall, sjølv om dei arbeider med brukarar med slik diagnose.
  • Det blir ikkje gjeve systematisk opplæring i førstehjelp.
  • Det ligg ikkje føre dokumentasjon på at alle tilsette har gjennomført førstehjelpskurs eller kurs av nyare dato.

Tiltak for å legge til rette for god praksis og korrigere og førebygge svikt

  • Ikkje all relevant informasjon om gjennomførte helsetenester blir dokumentert fortløpande. Kommunen har ikkje eit system for å følgje med på om journalføringa er tilstrekkeleg og sørgje for at den blir forbetra der det er behov.

Kommentar:

For å legge til rette for forsvarlege tenester, skal kommunen også sikre tilstrekkeleg fagkompetanse i tenesta. Kommunen har etter helse- og omsorgstenestelova § 8-1 plikt til å medverke til undervisning og praktisk opplæring av helsepersonell, inkludert vidare- og etterutdanning. Vidare er kompetanse eit sentralt element i internkontrollen, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7.

Tildeling av oppgåver knytt til legemiddelhandtering må skje etter ei konkret vurdering av kvalifikasjonane til personen som får oppgåva delegert, jf. helse- og omsorgstenesteloven kapittel 8 og legemiddelforskrifta § 4. Utilstrekkeleg kunnskap hos tilsette om verknader og biverknader av legemidlar, er eit kjent risikoområde i helseoppfølging. Særleg gjeld dette oppfølging av den enkelte sin legemiddelbehandling over tid, der ein kritisk faktor er om tilsette har faglege føresetnadar til å oppdage helsesvikt som kan være relatert til legemiddelbehandling. Dei tilsette må være i stand  til å kunne vurdere om det skjer endringar i brukar sin helsetilstand, som kan ha samanheng med legemiddelbehandlinga og eventuelt endringar av denne. For å kunne følgje med på og å rapportere om dette, må dei tilsette som yt dagleg omsorg for brukaren være kjent med brukaren sin helsetilstand, sjukdommar og legemidla sine verknader og viktige biverknader. Journalen må gje ei oversiktleg og samla framstilling av brukaren sin aktuelle helsetilstand, kva som særleg skal følgjast opp, både når det gjeld legemiddelbehandling og andre tiltak, jf. journalforskrifta.

Kommunen må syte for at tilsette som yt tenester i heimen hos brukarar med sjukdommar som raskt kan forverre seg, er i stand til å identifisere aktuelle symptom, og vite kva som må settast i verk av tiltak, jf. helsepersonelloven § 16 og helse- og omsorgstenesteloven § 4-1. Det kan også oppstå ulike akutte situasjonar som krev rask behandling/førstehjelp frå tilsette, til dømes brannskadar, sårskadar (skjærer seg),   tilløp til kveling (stor matbit i luftrøyret), hjertestans og epilepsianfall. Tilsette må  derfor ha hatt opplæring i førstehjelp (inkludert hjerte/lungeredning) og være kjent  med kva dei skal gjere dersom det oppstår situasjonar som krev akutt legehjelp.

Kommunen skal sørge for at dokumentasjon av tenestene er forsvarlege, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 5-10. For helsehjelp er det krav om journalføring i helsepersonelloven § 39. Naudsynte og relevante opplysningar må førast fortløpande, slik at journalen kan sikre kvalitet og kontinuitet i behandlinga. Når ikkje alle fører journal elektronisk og det også finst papirjournalar i permar, er det fare for at journalføringa ikkje er forsvarleg. Det skal som regel være ein journal pr. bruker, jf. journalforskrifta § 5.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Gjennom tilsynet vart det avdekt svikt i kommunen sitt styringssystem som har innverknad på helse- og omsorgstenestene til vaksne personar med utviklingshemming i Haram kommune.

Det er kjent at kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming er eit område der det er stor fare for svikt, fordi brukarane sjølve ofte ikkje er i stand til å ivareta sine rettar, melde frå om manglar i tenesta, eller om at dei har endra behov for tenester. Det er difor særleg viktig at kommunen si leiing sørgjer for å sikre desse tenestene. Konsekvensane av manglar i tenesta kan være alvorlege og føre til redusert livskvalitet, eller unødig liding om somatisk eller psykisk sjukdom ikkje blir fanga opp, eller blir behandla feil. Kravet om internkontroll inneber at kommunen si leiing har ansvar for å sikre etterleving av helse- og omsorgslovgivinga, gjennom systematisk styring og kontinuerleg forbetringsarbeid.

Fylkesmannen vurderer at Haram kommune sitt styringssystem ikkje sørgjer for ei systematisk sikring av at tenestene som blir ytt er forsvarlege. Kommunen har ikkje eit system som sikrar at brukarane til ei kvar tid har tilstrekkeleg og rett teneste med god nok kvalitet. Det er ein gjennomgåande svikt at kommunen ikkje syter for at brukarane/pasientane systematisk blir tatt med på planlegging og forbetring av tenestene.

Det er ein gjennomgåande svikt at kommunen ikkje systematisk syter for at alle tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter til å gje dei enkelte brukarane forsvarlege helse- og omsorgstenester. Svikten kan få alvorlege konsekvensar for brukarane.

Kommunen har organisert tenesta slik at mange tenesteytarar arbeider med enkelte av brukarane. Dess fleire som arbeider hos ein brukar, dess meir krevjande blir det for leiinga å sørgje for at alle tenesteytarane til ei kvar tid har tilstrekkeleg og oppdatert kunnskap. Det er sjølvsagt også krevjande for den enkelte brukar å forhalda seg til mange ulike tenesteytarar. Det krev med andre ord at leiinga har gode system for å sikre tenestene.

Det er leiinga sitt ansvar å følgje med på risikoområde i tenesteområda og at systemet for avvikshandtering blir nytta i forbetringsarbeidet. Eit avvik som ikkje er meldt er eit tapt høve for forbetring. I tilsynet blei det avdekt at det er avvik i tenesteytinga som ikkje blir meldt. Dette sett i samanheng med at kommunen si leiing ikkje har sørga for gode nok rutinar for mellom anna sikring av kompetanse og dokumentasjon, gjer at det er uakseptabel stor fare for svikt i tenesteytinga.

7. Regelverk

Følgjande lover og forskrifter blir lagt til grunn ved tilsynet:

  • Lov 30. mars 1984 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
  • Lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 3. april 2008 om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 27. juni 2003 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 21. desember 2000 om pasientjournal
  • Forskrift av 28.10.2016 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten som erstatter Forskrift av 20. desember 2002 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 1. juli 2015 om IKT-standarder i helse- og omsorgstjenesten

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart Haram kommune
  • Organisasjonskart Helsetenester
  • Delegasjon av mynde og ansvar knytt til avvikling av sosialtenesta
  • Reglement for vidaredelegering frå rådmannen til einingsleiarane
  • Nytt delegasjonsreglement i Haram – disposisjon for arbeidet
  • Arbeidsbeskrivelse for miløterapeut
  • Arbeidsbeskrivelse for miljøarbeider
  • Rutine leiars førte orientering til nytt personale
  • Turnusplan
  • Rutine for dokumentasjon i fagsystemet Profil
  • Rutine for registring av avvik i fagsystemet Profil
  • Oversikt over meldte avvik i pasientjournal i perioden 28.07.2016 – 26.10.2016
  • Serviceerklæring
  • Oversikt over tilsette
  • Rutine i samband med krav om politiattest
  • Kartlegging av kommunen si legemiddelhandtering i bustader til menneske med utviklingshemming
  • Oversikt over personar med utviklingshemming som får helse- og omsorgstenester frå Haram kommune
  • Tenestevedtak med tilhøyrande underlagsdokument og IPLOS-registring, samt ei klagesak
  • Samhandlingsavtale mellom Haram kommune og Helse Møre og Romsdal
  • Liste fullmakt i legemiddelhandtering (ikkje utfylt)
  • Prosedyrar for medisinhandtering butenesta, datert 11.11.2016
  • Skriv om delegering av mynde til medikamenthandtering i Haram kommune, sosialtenesta (ikkje utfylt)
  • Skriv om personleg godkjenning for tillaging, kontrollering og utdeling av medisin (ikkje utfylt)
  • Stadfesting frå kommuneoverlegen om at han yter rådgiving til einingsleiar helse, datert 04.11.2016

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Vidaredelegering frå einingsleiar i helsetenester, datert 01.10.2016
  • Reglement for vidaredelegering frå rådmann, datert 10.01.2017
  • Skriv om utpeiking av journalansvarleg i tenestene i eining for helsetenester
  • Organisasjonskart for Haram kommune
  • Overordna styringskort 2017 for Haram kommune
  • Skjema fullmakt i legemiddelhandtering (delvis utfylt)
  • 38 skriv om delegert mynde til medikamenthandtering som er delvis utfylt
  • Skriv om delegering av mynde til medikamenthandtering i Haram kommune, alle datert 01.10.2017
  • Vaktplan for veke 5
  • Kopi av 9 politiattestar
  • 2 saksmerknader om framlagt politiattest
  • Perm for Internkontroll HMS
  • Perm for ferievikarar
  • Perm med miljøtiltak
  • Stikkprøve i elektroniske pasientjournalar

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn, datert 27.09.2016
  • Oversending av kartleggingsskjema for legemiddelhandtering den 18.10.2016
  • Oversending av dokumentasjon frå Haram kommune, datert 27.10.2016, 04.11.2016, 21.12.2016 og 20.01.2017
  • Program for tilsynet oversendt den 23.01.2017 og 07.02.2017
  • Førebels rapport oversendt den 10.03.2017

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:

Revisor/ass.direktør Marit Hovde Syltebø
Revisor/seniorrådgivar Eilin Reinaas
Revisjonsleiar/fagkoordinator Janne Bjørsnøs


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

Tilsynsrapporter fra hvert enkelt tilsyn

Søk