Hopp til hovedinnhold

Bruk av medisindispenser hos heimebuande eldre

Får eldre som bur heime forsvarleg utdeling og administrering av legemiddel ved bruk av medisindispenser? 

Medisindispenser, eller elektronisk medisineringsstøtte for administrering av legemiddel, er ein type velferdsteknologi til heimebuande eldre. Rundt 7 500 personar brukte medisindispenser i 2022, og 82 prosent av desse var eldre. 

Statsforvaltaren skal undersøke korleis kommunane legg til rette for og følger opp denne helsehjelpa, mellom anna om: 

  • val av medisindispenser skjer ut frå eignavurdering
  • pasienten får opplæring i bruk av medisindispenser
  • helsetenesta følger med på medisindispenser som tiltak

Norske kommunar tilbyr velferdsteknologi for å bidra til auka eigenmeistring og livskvalitet for eldre, slik at dei kan bu heime så lenge som mogleg. Helsetilsynet sine risikoanalysar har tidlegare avdekt at aukande bruk av velferdsteknologi i heimane til pasientar inneber fare for svikt. Helsetilsynet har fått fleire varsel om uønskte hendingar der medisindispenser har vore eit sentralt element. Manglande vurdering av om dispenseren er eigna og tekniske forhold ved medisindispenseren har vist seg å vere ein del av årsaka til svikt i desse sakene. Det landsomfattande tilsynet i 2024 bygger på funn frå to pilottilsyn som Helsetilsynet gjennomførte i 2023. 

Dette tilsynet inngår i Helsetilsynets satsing på helse- og omsorgstenester til eldre.

Sjølvmordsførebygging i spesialisthelsetenesta

Sjølvmord er ein tragedie for dei ramma og eit stort samfunns- og folkehelseproblem. Talet på sjølvmord i Noreg har vore relativt stabilt over mange år, med rundt 650 sjølvmord i året, nesten to personar kvar dag. 

Statens helsetilsyn får årleg mange varsel frå spesialisthelsetenesta om pasientar som har teke livet sitt eller prøvd å ta livet sitt medan dei har vore under behandling i helsetenesta. I 2021 fekk Helsetilsynet 245 slike varsel, og i 2022 var talet 220. 

Førebygging av sjølvmord er ikkje eit individansvar, men eit felles ansvar for tenestene og samfunnet. Pasientar som er så sjuke at dei treng innlegging i psykisk helsevern, er ei risikogruppe, og det er derfor særleg viktig med tiltak for å førebygge sjølvmord i denne gruppa. Tilsynet skal undersøke om psykisk helsevern for vaksne sørger for gode og trygge tenester til pasientar med depresjon. Tilsynsmakta skal sjå på kritiske trinn i behandlingsforløpet for pasientar som er innlagde i døgnavdeling med depresjon som hovuddiagnose. Målet er å bidra til sjølvmordsførebygging hos pasientar som blir skrivne ut med sjølvmordsrisiko.

Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge

Statsforvaltarane skal i 2024 føre tilsyn med arbeidet i kommunane for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet skal undersøke om kommunen har oversikt over helsetilstanden til barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira. Vidare skal tilsynet undersøke om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak.

Alle kommunane i landet vil bli bede om å svare på eit spørjeskjema. Statsforvaltaren vil på bakgrunn av dette velje ut nokre kommunar for grundigare intervju. 

Statsforvaltaren vil ha ei felles samling for kommunane i fylket hausten 2024. Der vil funna frå undersøkinga og dei grundigare intervjua på fylkesnivå bli presentert, og det blir lagt opp til vidare dialog omkring det viktige arbeidet for oppvekst- og levekåra til barn og unge. Statens helsetilsyn vil i etterkant lage ein oppsummeringsrapport med hovudfunn frå tilsynet på landsbasis.

Ansvaret til Nav-kontoret for å tilby tenesta økonomisk rådgiving til personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon

Auka mat- og straumprisar og høg rente påverkar den økonomiske situasjonen for mange. Dei med låg inntekt og vanskelege levekår og andre utsette grupper blir ramma hardast. Nav-kontoret skal gi opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse og førebygge sosiale problem, og økonomisk rådgiving er ein del av denne plikta (§ 17 i sosialtenestelova). Statsforvaltarane skal i 2024 undersøke om Nav-kontora tilbyr økonomisk rådgiving til personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. 

Bakgrunnen for tilsynet er mellom anna Helsetilsynet si risikovurdering av sosiale tenester i Nav, som viste at «opplysning, råd og rettleiing» er eit område med høg for risiko for svikt. Vi har også fått innspel frå statsforvaltarar, ombod og andre som stadfestar at tilsyn med økonomisk rådgiving er viktig.