Hopp til hovedinnhold

Illustrasjon gåseøyne

Leiinga har ansvaret for at pasientar og brukarar som tek imot helse- og omsorgstenester i institusjon, i heimen eller andre steder, får forsvarlege tenester.

 

Plikta til å leggje til rette for fagleg forsvarleg utøving
Leiinga har ansvaret for at pasientar og brukarar som tek imot helse- og omsorgstenester i institusjon, i heimen eller andre steder, får forsvarlege tenester. Det inneber å leggje til rette for at helsepersonell har rammer som gjer det mogleg å utføre oppgåver og ta ansvar på ein god og sikker måte. Det inneber òg at arbeidsgivaren følgjer med på korleis helsepersonellet utfører oppgåver og tek ansvar.

Dersom det blir avdekt fagleg svikt, må ein handtere det forsvarleg. Slike situasjonar kan vere krevjande fordi leiinga må vareta både det personalmessige og arbeidsrettslege og tryggleiken for pasientane.

Når det blir avdekt fagleg svikt – to eksempel
Helsetilsynet tek kvart år imot tilsynssaker som gjeld svikt i den faglege yrkesutøvinga til helsepersonell. Somme av desse sakene handlar om svikt på fleire område, slik desse eksempla med to sjukepleiarar viser.

Leiinga fekk i begge sakene fleire uromeldingar frå andre tilsette. Meldingane inneheldt fleire forhold. Det handla om at sjukepleieoppgåver ikkje blei utførte på ein god og sikker måte, og at sentrale rutinar ikkje blei følgde. Det gjekk òg på samarbeid og samhandling med anna personell. 

Arbeidsgivar la arbeidssituasjonen til rette med meir opplæring på område som uromeldingane dreia seg om og sjukepleiarane sjølve bad om. Dei la turnusen til rette slik at dei jobba saman med andre sjukepleiarar og kunne få nødvendig rettleiing. 

Arbeidsgivarane fekk likevel framleis liknande uromeldingar. Dei to sjukepleiarane var ikkje fullt ut samde i det som kom fram, og hadde til dels ei anna forståing og oppfatning av yrkesutøvinga si enn arbeidsgivarane hadde. Etter ei tid vurderte begge arbeidsgivarane at sjukepleiarane ikkje hadde vist nødvendig betring. Dei vurderte at det ikkje var forsvarleg at sjukepleiarane utførte sjukepleieoppgåver og hadde sjukepleiefagleg ansvar. Verksemda melde saka til fylkesmannen.

Vurderingar frå Helsetilsynet
I tilsynssaker som dette vurderer vi òg om arbeidsgivaren har lagt til rette for at tenestene kan utførast på ein forsvarleg måte. I desse to sakene viste dokumentasjonen at ein hadde følgd opp sjukepleiarane med samtalar, opplæring og rettleiing. Vi gjorde vedtak om avgrensa autorisasjon for begge sjukepleiarane og fastsette vilkår for yrkesutøvinga. Vilkåra skal syte for at helsepersonellet arbeider innanfor rammer som i størst mogleg grad sikrar ei forsvarleg yrkesutøving.

Å setje vilkår for yrkesutøvinga i saker som dreier seg om fagleg svikt, er særleg aktuelt når svikten gjeld på fleire område, sentrale område og grunnleggjande område i profesjonen. Det er òg særleg aktuelt der helsepersonellet ikkje gir uttrykk for å forstå eller ta inn over seg manglande kunnskapar eller ferdigheiter, eller ikkje har betra den faglege utøvinga si.

Skal arbeidsgivaren alltid melde slike forhold til tilsynsmyndigheita?
Svaret på det spørsmålet kjem an på fleire faktorar, mellom anna kor erfaren helsepersonellet er, kor mykje oppfølging, opplæring og rettleiing dei har fått, kor alvorleg svikten er og om helsepersonellet framleis er tilsett eller ikkje. Arbeidsgivaren må vurdere dette under eitt.

Dersom arbeidsgivaren syter for at helsepersonellet arbeider innanfor rammer som gjer at utøvinga blir vurdert som forsvarleg, må ikkje dette meldast til tilsynsmyndigheita. Dersom arbeidsgivaren vurderer at situasjonen ikkje lenger er forsvarleg eller helsepersonellet sluttar, skal det meldast til tilsynsmyndigheita. Arbeidsgivaren må då syte for at svikten, oppfølginga og tilrettelegginga er godt dokumentert.

Arbeidsgivar kan førebyggje svikt i fagleg utøving
Ved å følgje med på utøvinga til helsepersonell kan arbeidsgivaren setje i gang tiltak tidleg. Det førebyggjer og hindrar svikt i utøvinga og medverkar til å sikre kvaliteten og tryggleiken i helse- og omsorgstenesta.Rød prikk illustrasjon