Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn i Giske kommune og besøkte i samband med det Nav-kontoret i Giske kommune 24.10.2023 og 25.10.2023. Vi undersøkte om kommunen sørger for at kommunens handsaming av søknader om økonomisk stønad etter sosialtenestelova blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at brukarane får trygge og gode tenester.

Tilsynet blei gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

I saker der familien søker om økonomisk stønad sikrar ikkje Giske kommune at individuell kartlegging, vurdering og avgjerd, blir gjort på ein forsvarleg måte. Manglar i styringa har ført til at

  • Barna sine behov ikkje blir til strekkeleg kartlagt
  • Det ikkje alltid blir gjort ei forsvarleg vurdering og avgjerd ut frå det enkelte barn sine behov

Det kan føre til at familiar ikkje får dei tenestene dei har behov for. Barnet eller barna i desse familiane risikerer ein levestandard som ikkje tek i vare deira fysiske, psykiske og sosiale utvikling.

Kommunen si leiing har ikkje i tilstrekkeleg grad identifisert eller følgt opp kvaliteten i saker der familien søker om økonomisk stønad, gjennom planlegging, drift, evaluering og korrigering av manglar/avvik i tenesta.

Det er brot på: Sosialtenestelova §§ 1, 4, 18, 19, 42 og 43, forvaltningslova §§ 17, 24 og 25 og kommunelova § 25-1.

Statsforvaltaren mottok kommentarar til faktagrunnlaget i rapporten 15.12.2023.

1.   Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet omtalar vi kva som blei undersøkt i tilsynet.

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen tek hand om barn sine behov i saker der familien søker om økonomisk stønad.

Statsforvaltaren har undersøkt om:

  • Nav-kontoret gjer ei tilstrekkeleg kartlegging av barn sine behov ved søknad om økonomisk stønad
  • Nav-kontoret gjer ei forsvarleg vurdering og avgjerd ved søknad om økonomisk stønad til familiar
  • Familiar som får økonomisk stønad, får oppfølging ved behov

Tilsynet frå Statsforvaltaren er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at Statsforvaltaren har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller krava til forsvarlege sosiale tenester til familiane.

Brukaren sine meiningar om, og erfaringar med tenestetilbodet i kommunen er viktig informasjon for tilsynsmyndigheitene. Eit utval brukarar er difor blitt intervjua i dette tilsynet.

2.   Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtenestelova), jf. Sosialtenestelova § 9. Etter bestemmelsen kan det og førast tilsyn med kommunen sin internkontroll med plikter etter kapittel 4, jf. Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) § 25-1.

Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med reglane i lover og forskrifter. I punkta nedanfor gir vi ein omtale av lovkrav som blei lagt til grunn i tilsynet.

Krav til forsvarlege tenester:

Det er kommunen som er ansvarleg for at alle tenester som utformast og blir ytt etter sosialtenestelova er forsvarlege. Kommunen må gjennom sin internkontroll sikre at Nav-kontoret er organisert på ein måte som sikrar forsvarlege tenester.

Forsvarlegheitskravet i sosialtenestelova § 4 er ein rettsleg standard. Det betyr at det er ein bindande rettsregel som er dynamisk og som endrar seg over tid. Kva som er forsvarlege tenester må vurderast i høve til fagleg utvikling, endra verdioppfatning og det som vurderast som god praksis på området. Føremålsbestemmelsen, samfunnsutviklinga og gjeldande normer for godt sosialfagleg arbeid, vil vere styrande for om tenesta er forsvarleg. Forsvarlegheitskravet stiller krav til mellom anna saksbehandlinga, tenestas innhald og tenesta sitt omfang.

Krava nedanfor konkretiserer kva som må vere på plass for å ivareta kravet til forsvarlege tenester.

Krav til kartlegging

Nav-kontoret skal gjere ei heilskapleg kartlegging av situasjonen i familien, der behova til det enkelte familiemedlem må undersøkast. Målsetnaden er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i utsette familiar. Nav-kontoret skal kartlegge familien sine behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.

Kommunen har ei plikt til å innhente tilstrekkelege opplysningar før vedtaket blir gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19 haldne saman med § 1 dannar utgangspunkt for kva opplysningar som er nødvendige for å avgjere ein søknad om økonomisk stønad.

I ein søknad kjem det ikkje alltid tydeleg fram kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga blir å avdekke behov for stønad og korleis familien bør følgast opp for å oppnå føremålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at det kan søkast om stønad til andre utgifter utover livsopphald, husleige og straum.

Kva som skal kartleggast, vil avhenge av situasjonen i familien og omfanget av hjelpebehovet. Opplysningane som blir innhenta, kan vere både munnlege og skriftlege. Munnlege opplysningar skal skrivast ned, jf. forvaltningslova 11 d.

Dersom familien er i ein nødssituasjon, kan stønaden avgrensast til utgifter til det heilt nødvendigaste. Det inneber at det blir gitt stønad til mat, nødvendige artiklar til personleg bruk, nødvendige reiseutgifter og til rekningar som må betalast for å hindre avstenging av nødvendige tenester som straum eller liknande. Det skal takast omsyn til barn sin situasjon og behov i desse sakene. Med nødssituasjon er det meint tilfelle der familien ikkje har det som er heilt nødvendig og står kortvarig utan moglegheit til å skaffe seg det. Kvifor situasjonen har oppstått, er utan betyding. Barnetrygd skal ikkje takast med i vurdering av søknad om hjelp i en nødssituasjon. Hjelp i ein nødssituasjon skal dekke dei nødvendigaste utgifter i ein kort periode. Stønad berre til det helt nødvendigaste vil ikkje vere forsvarleg i lengre tid enn nokre få dagar.

For førstegongssøkarar vil det som hovudregel vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løpande søknader er det viktig med jamlege samtalar for at opplysningane blir oppdaterte og eventuelle nye behov blir avdekte.

Brukarmedverknad skal vere sentralt i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg utformast i samarbeid med familiane. Dette går fram av sosialtenestelova §§ 42 og 43. Det er viktig at Nav-kontoret innhentar synspunkt frå barna, direkte eller gjennom foreldra. Det er opp til avtale mellom Nav-kontoret og familien om kartleggingssamtalane skjer på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.

I samtale eller ved heimebesøk der det er språkutfordringar, er det viktig at Nav-kontoret nyttar tolk slik at brukar får høve til å beskrive situasjonen. Manglande tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar slik at kartlegginga ikkje blir tilstrekkeleg.

Krav til vurdering og avgjerd

Etter at Nav-kontoret har gjort ei tilstrekkeleg kartlegging, skal dei gjere ei vurdering og fatte ei avgjerd om økonomisk stønad skal innvilgast eller ikkje, og eventuelt kva som innvilgast. Har ikkje Nav-kontoret gjort ei tilstrekkeleg kartlegging, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når søknaden skal vurderast og det skal fattast ei avgjerd.

Nav-kontoret skal gjere ei konkret og individuell vurdering, basert på opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Nav-kontoret må også synleggjere korleis det beste for barnet er vurdert ut frå situasjon og behov, og korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn.

I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal dei faktiske inntektene og utgiftene familien har, leggast til grunn. Frå 1. september 2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd og barn si eigen inntekt av arbeid i fritid og skuleferiar, skal haldast utanfor berekninga av økonomisk stønad.

I vurderinga av hjelpebehovet skal Nav-kontoret legge til grunn utgiftene familien har til eit forsvarleg livsopphald. Det er ikkje spesifisert i lovteksten kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen i sosialtenestelova § 1 og kravet om forsvarleg livsopphald i sosialtenestelova § 4 gir rettleiing om stønadsnivået.

Statlege og kommunale satsar gir berre eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der det mellom anna blir teke omsyn til det enkelte barn.

Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal det vurderast om stønad i særlege tilfelle kan innvilgast etter sosialtenestelova § 19. I likheit med kravet i § 18, må det også etter § 19 gjerast ei konkret vurdering.

Stønad i særlege tilfelle er ikkje ei pliktig yting, men kan innvilgast etter ei konkret og individuell vurdering for å fange opp ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje er dekt gjennom sosialtenestelova § 18.

Krav til oppfølging

Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebygge at slike problem oppstår. Oppfølginga skal støtte opp under familiane sitt høve til å bli sjølvhjelpne.

Kommunane har stor grad av fridom til å velje korleis oppfølging av familiar skal gjennomførast og organiserast. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing for å kunne handtere kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.

I følge rundskrivet skal Nav-kontoret gjennom motivasjons- og endringsarbeid styrke familien sitt høve til å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Det inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav- kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje er gjennomført samtalar i enkelte saker.

Oppfølgingsansvaret til Nav-kontoret inneheld ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvaret for etter sosialtenestelova, og gjeld ikkje utføring av tenester og oppgåver som ligg til andre instansar.

Samtidig er ofte eit vilkår for forsvarleg oppfølging at Nav-kontoret samarbeider med andre tenester.

Nav-kontoret skal ivareta oppfølgingsplikta si ved at dei fattar vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak har betydning for heile søknadsprosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Det kan anten fattast eige vedtak etter sosialtenestelova § 17, eller det kan fattast saman med vedtak om økonomisk stønad.

Krav til styring og leiing

Kravet til leiing, organisering og styring er viktige element i ansvaret kommunen har for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan difor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikten kan få store konsekvensar for den enkelte brukar.

I sosialtenestelova § 5 viser ein til at kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Styringssystemet skal tilpassast storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholdet for verksemda, og ha det omfanget som er nødvendig.

3.   Framstilling av faktagrunnlaget

Her blir det gjort greie for korleis verksemda sine aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemda sine tiltak for å sørge for at krav til kvalitet og tryggleik for brukarane blir haldne.

Om kommunen

Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre, like vest for Ålesund. Det bur folk på dei fire største øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Kommunesenter med rådhus og Nav-kontor ligg på Valderøya. 1. kvartal 2023 hadde kommunen 8.682 innbyggarar.

Kommunen har ei yngre befolkning enn landet elles.

Giske kommune har sterk befolkningsvekst og er ein av kommunane i fylket med størst prosentvis vekst i fylket. Det er venta at Giske er den kommunen i fylket som har størst prosentvis auke i folketalet fram mot 2030. Kommunen er den mest barnerike kommunen i fylket, og har mange

barnefamiliar og færre som bur åleine enn i landet elles. Levealder er høgare enn i resten av landet, samstundes som delen eldre er lågare enn i resten av fylket.

Utdanningsnivået i kommunen er lågare enn på landsbasis, men skil seg ikkje frå resten av fylket. 20 % av alle ungdommar frå Giske kommune som begynner på vidaregåande opplæring fullfører ikkje skulegangen. Det er omtrent likt som resten av fylket, men lågare enn landsgjennomsnittet. Talet som droppar ut frå vidaregåande opplæring no, er lågare enn ved starten av 2010-talet.

EU definerer fattigdomsgrensa som 60 % av medianinntekta. I 2018 levde 7,8 % av befolkninga i Giske kommune, tilsvarande 646 personar, i hushald med inntekt under fattigdomsgrensa. Delen har auka med to prosentpoeng sidan 2009, men er framleis lågare enn landsgjennomsnittet på 11,2 % (Statistikkbanken SSB). Delen barn under 18 år i hushald med inntekt under fattigdomsgrensa har auka.

I 2022 var det 71 barn i familiar som tok i mot økonomisk stønad minst éin gong i løpet året. Det talet har auka dei siste åra.

Om Nav-kontoret

Nav-kontoret har 7 kommunale, og 8,9 statlege årsverk. Kommunen er innvilga midlar til prosjektstilling frå Statsforvaltaren til utvikling av sosiale tenester i Nav. Kommunen har oppretta ei ekstra stilling i samband med mottak av flyktningar, og det er signalisert at det er behov for ytterlegare stilling om fleire skal busettast.

Nav-kontoret er organisert i to team, Arbeidsretta oppfølging unge vaksne/flyktning og Arbeidsretta oppfølging vaksne. I tillegg har kontoret gjeldsrådgjevar i 100% stilling, der 40% er leigd ut til Vestnes kommune. Det er opplyst at det er ei vesentleg auke i pågang for gjeldsrådgiving, men pr. i dag er det ikkje ressursar til å arbeide førebyggande.

Tilsette arbeider på tvers av statlege og kommunale tenester, og gir tenester etter brukar sitt behov. Brukarane er fordelt til rettleiarane etter fødselsdato og alder. Flyktningar blir følgt opp av eigne rettleiarar.

Nav-kontoret har tett samarbeid med ulike einingar i kommunen som til dømes Frivilligheitssentralen, Barneverntenesta, PPT, helsestasjon, psykisk helseteam, flyktningkontoret og tiltaksarrangørar. I tillegg er det tett samarbeid med eksterne ut frå brukar sine behov.

Kommunen busette 48 flyktningar i 2022, og har vedtak om å busette 50 i 2023.

Sidan 2017 har leiinga ved kontoret vore ustabil, og ny leiar blei tilsett 01.07.2023. Det har og vore stor utskifting av tilsette. I 2023 er det tilsett 8 nye rettleiarar. Opplæring av så mange nye tilsette har vore krevjande for kontoret, og det har vore utfordrande å prioritere utviklingsarbeid. Ein ustabil leiarsituasjon og stor utskifting av tilsette har vore utfordrande. Samstundes har kommunen busett eit stort tal flyktningar og det har vore meir enn ei dobling av personar som tok i mot økonomisk stønad frå 1. til 2. tertialrapportering 2023. Frå 45 personar, til at det var 115 personar som tok i mot økonomisk stønad.

I kommunen si årsmelding for 2022 går det fram at på trass av at det er god tilgang til arbeid i kommunen, har talet på personar som har motteke økonomisk stønad auka frå 2021 til 2022.

Nav-kontoret er ope tysdag og torsdag frå kl. 10.00 til 12.00, elles er det berre timeavtale. I tillegg har kontoret vakttelefon som er betjent alle kvardagar frå kl. 9.00 til kl. 15.00.

Styring og leiing

Nav-leiar har delegert mynde frå kommunen på sosialtenestelova sine områder. Nav-leiar deltek i kommunen si leiargruppe til kommunalsjef for helse og sosial, og rapporterer til kommunedirektør via hen. Det blir halde partnerskapsmøte mellom eigarane etter behov, minst ein gong årleg. I 2023 var det halde eit møte den 18.01.2023. Kommunen får informasjon om tilstand og risiko i Nav- kontoret ved månadlege HOS-leiarmøte, og gjennom tertialrapporteringar.

Kvart år skal ei felles kompetanseplan ved Nav-kontoret utarbeidast. I Nav-kontoret er det utpeika tre «ressurspersonar sosialhjelp». Dei skal vere kollegarettleiarar for økonomisk stønad, og har og eit spesielt ansvar for å halde seg fagleg oppdatert på det området, ansvar for koordinering av prinsipielle faglege diskusjonar og implementering av tilbakemeldingar i klagesaker. I tillegg har dei ansvar for å avdekke kompetansebehov blant dei tilsette. I tilsynet kom det ikkje fram om dette blir følgt opp i praksis.

Nav-kontoret skil ikkje mellom kommunalt og statleg tilsette, alle arbeider med både kommunale og statlege oppgåver. Kontoret gir tenester etter tenestemottakar sitt behov, og dei er fordelt til rettleiarane etter fødselsdato og alder. Alle tilsette, sett bort frå jobbkonsulent, har vedtaksmynde etter sosialtenestelova.

Det er ingen ved kontoret som har eit spesielt ansvar for barnefamiliar, dei er likt fordelt mellom dei tilsette.

Nav-kontoret nyttar fleire journalsystem. For sosiale tenester nyttar Nav Giske fagsystemet Velferd. Alt som er relevant for søknadar om økonomisk stønad skal journalførast i der. I tilsynet blei det opplyst at opplysningar i enkelte saker kan vere meir utfyllande i det statlege journalsystemet, Modia.

I tillegg til Nav-leiar er det utpeika to tilsette som har mynde til å godkjenne vedtak. For utbetaling av økonomisk stønad er det seks tilsette som har den mynde.

I kommunen si eigenvurdering, om Risikovurdering, går det fram at det ikkje er heilt klart om det er vurdert kvar det er fare for svikt i arbeidet med å etterleve lov- og forskriftskrav på dette området. Det er opplyst at dette vil bli gjennomgått og nødvendige rutinar vil bli utarbeidd.

I referat frå partnerskapsmøte 18.01.2023 går det fram det er ei auke av barn i husstandar med vedvarande låg inntekt, og som bur trongt, i Giske kommune.

På bakgrunn av det som kom fram i partnerskapsmøte er det vedtatt at kartlegging og oppfølging av barnefamiliar skal vere eit satsingsområde i kommunen. I tertialrapportering for 1. og 2. tertial er eit av tiltaka for å nå det målet, å utarbeide kartleggingsskjema for å kunne avdekke barn og unge sine behov. Kontoret skal og ha større fokus på å dokumentere samtalar og vurderingar i journalnotat.

Kommunen har utarbeidd skjema «kartlegging Nav Giske». Vi har ikkje sett at det har vore nytta i dei sakene som er gjennomgått. I tilsynet blei det opplyst at dette skjemaet blir nytta ved kartlegging av barn i flyktningefamiliar.

Det er ikkje utarbeidd ei skriftleg rutine for nødhjelp. Det er opplyst at nødhjelp berre skal nyttast i korte periodar, og at dagsats er auka frå 1.7.2023, til kr. 100 pr døgn for vaksne og kr. 75 for barn.

I tertialrapport for 1. og 2. tertial kjem det fram at det ikkje har vore meldt avvik i Nav Giske. Kommunen nyttar internkontrollsystemet Compilo. Tilsette som yt kommunale tenester i Nav Giske har ikkje tilgang til det. Statleg internkontroll nyttar ASYS for avviksregistrering. I tilsynet kom det fram at det er uklart for fleire tilsette kva som oppfattast som avvik, og kvar det skal meldast. Det er ikkje gjeve opplæring til alle korleis avvik skal meldast. Nav-kontoret har sjølv identifisert at dei kan bli betre på å melde avvik. Det vil difor vere jamleg tema på kontormøter og eventuelt i grupperettleiing.

Kartlegging

Ansvar for brukarane er fordelt på fødselsdato, og kartlegginga av familien skal gjerast av den som får tildelt ansvaret for brukaren.

Saksmappene vi har gjennomgått viser få spor av at det blir gjennomført kartleggingssamtalar. Sjølv om det i enkelte vedtak finns informasjon som tyder på at det er gjennomført ein samtale, er det svært få journalnotat som syner kvar samtalen har vore gjennomført eller kva som eventuelt blei kartlagt.

Nav-kontoret har få prosedyrar for kartlegging av barn sine hjelpebehov. Det er utarbeidd kartleggingsskjema i samband med økonomisk stønad. Ved gjennomgang av journal såg vi ikkje spor av at denne var nytta. Det blei og stadfesta i samtaler med tilsette. Det er opp til kvar enkelt rettleiar kva som blir kartlagt i dei ulike saker.

Sjølv om vi finn få journalnotat i sakene, opplyser tilsette at familiens behov blir kartlagt i samtalar på kontoret og på telefon, og dei har ikkje som praksis å innhente barna sine synspunkt. Det blir ikkje gjennomført heimebesøk. Tilsette seier at sjølv om det ikkje kjem fram i journalnotat har dei barna i tankane. Tilsette opplyser og at dei opplever sjølv at dei har god kontroll over brukarane sine behov, da dei fleste og mottek ein statleg yting og opplysningar kan vere journalført der. Nav- kontoret har sjølv identifisert at kartlegging av barna sine behov og dokumentasjon på samtaler er eit forbetringsområde.

«Prosedyre for søknad om sosiale tenester Nav Giske», sist evaluert 26.01.2016 er ikkje kjent for tilsette.

I sakene finn vi ikkje informasjon om familiens nettverk, barnas sosial- og helsesituasjon, skulesituasjon og behov for oppfølging og samarbeid. Det er uklart om dette er noko Nav-kontoret aktivt har spurt familiane om.

Vi ser også at opplysningar i sakene er avgrensa til utgiftene det blir søkt om. I dei sakene vi har gjennomgått har det ikkje kome fram at Nav-kontoret har kartlagt barna på sjølvstendig grunnlag, ved å innhente eller spørje familiane om dei har andre behov enn det som kjem frem av søknaden.

Fordi det er lite informasjon i vedtaka og svært få journalnotat, er det vanskeleg å få innsikt i familien og barna sin situasjon gjennom saksdokumenta.

I dei 20 sakene vi har gjennomgått er det i 10 % av sakene lagt feil tal barn til grunn i vedtak. Det har ført til at familien har fått mindre utbetalt enn det kommunen opplyser at dei har fått, altså etter staten si rettleiande norm for økonomisk stønad for den familien.

Ved gjennomgang av saksmapper går det fram at Nav-kontoret ikkje legg eventuell gjeld til grunn når behov før økonomisk stønad skal vurderast. Det går ikkje fram om det er undersøkt om gjelda er relatert til nødvendig livsopphold.

Vurdering og avgjerd

I dei vedtak vi gjekk gjennom blei utgifter det blei søkt om, som hovudregel innvilga. Familiar vi har snakka med fortel at dei får det dei konkret søker om i dei fleste tilfelle. Likevel har vi i fleire saker sett at utgifter det konkret er søkt om stønad til, eller er opplyst i saka på anna måte, verken blir vurdert eller teke omsyn til av Nav-kontoret.

Nav-kontoret nyttar staten sine rettleiande satsar til livsopphald ved utrekning av søkar sitt behov for økonomisk stønad. I gjennomgang av mapper såg vi lite eller ingen spor av korleis barnas situasjon og behov var vurdert. Vi fant at dei fleste vurderingane som blir gjort er generelle og ofte baserer seg på eit «teknisk reknestykke». I saksgjennomgangen fant vi ingen vedtak der Nav- kontoret har gjort ei individuell vurdering av om rettleiande sats er eit forsvarleg utgangspunkt for utmålinga. Vurderingane i vedtaka er stort sett avgrensa til om familien ligg over eller under staten sin rettleiande sats for livsopphald. I intervju kom det fram at rettleiande sats blir nytta for at det skal vere rettferdig.

I fleire saker er det vanskeleg å sjå kva som ligg til grunn for avgjerda. Fordi det ikkje er synleg kva måte utgifter er vurdert, eller kva for omsyn som er vektlagt, er det vanskeleg å sjå ut frå vedtaka at avgjerd er eit resultat av ei konkret og individuell vurdering.

Vi såg likevel at enkelte vedtak er grunngjeve med at det er teke spesielt omsyn til at søkar har barn å forsørge. Det gir inntrykk av å vere ein standardtekst, og vi kan ikkje sjå at det er gjort ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

I sakene som er gjennomgått er det 9 vedtak om nødhjelp. I fleire av sakene ser vi at familien gjentakande blir ytt stønad som nødhjelp, og at det varer over tid.

I dei sakene vi har gjennomgått er det ikkje gjort ei kartlegging av barna sine behov, og individuell vurdering av om den økonomiske stønaden som blir gitt i nødhjelp er tilstrekkeleg. I tilsynet blei det opplyst at nødhjelp berre skal ytast over få dagar, og skal ikkje nyttast i saker der det er barn. Om søkar har behov for stønad ut over 3-4 dagar skal rettleiande sats for livsopphald nyttast.

Ved gjennomgang av dokumentasjon såg vi ikkje at rettleiande sats for livsopphald blei nytta dersom nødhjelp vart gitt meir enn 3-4 dagar. Ved gjennomgang av dei 9 vedtaka om nødhjelp var nødhjelpssats nytta i alle saker. Berre eit vedtak var handsama same dag som søknad om nødhjelp var lagt fram. I to tilfelle var det 6 dagar før søknad om nødhjelp var handsama. Vi såg i ei sak at det var gjort ei vurdering av at det var forsvarleg å vente med handsaming av søknad om nødhjelp.

Det blei opplyst at tilsette tek kontakt med søkar dersom søknad ikkje blir handsama same dag. Vi såg ikkje det i saksdokumenta.

I ei sak der det var vedtak om kr. 75 for vaksen og kr. 60 for barn, var det opplyst at stønad var gitt etter sats for minstenorm. Vi såg og at nødhjelp blei nytta over tre veker samanhengande. Vi såg og at ein familie i løpet av eit år til saman hadde motteke nødhjelp i til saman 11 veker, altså bortimot ¼ av året. Også gjennom julehøgtida var det vedtak om nødhjelp. Sjølv om det i tillegg var utbetalt ei «juletilskott» som var bestemt frå Regjeringa, var det ikkje gjort ei konkret kartlegging, og heller ikkje vurdering, av om barna i den familien var sikra eit forsvarleg livsopphald.

I ei sak var det innvilga nødhjelp med til saman kr. 1080 for 8 dagar til ein familie med barn. Sidan søkar hadde kr. 54 på konto blei det trekt frå stønaden og det blei utbetalt kr. 1026. Heller ikkje her såg vi at det var gjort ei kartlegging og individuell vurdering.

I dei sakene om nødhjelp vi gjekk gjennom såg vi at det i hovudsak var nytta kr. 60 for vaksne og kr. 45 for barn til livsopphald pr. dag. I tilsynet blei det opplyst at satsane for nødhjelp var auka frå 01.07 2023 til kr. 100 for vaksen og kr. 75 for barn pr. dag.

Tilsette er samstemte om at barnetrygd ikkje blir teke med som inntekt ved søknad om økonomisk stønad etter 1.9.2022. Vi har likevel sett at det er opplyst at «Du mottek barnetrygd med kr x.

Barnetrygd vert likevel ikkje tatt med i berekninga. Her har du eit fritt handlingsrom til å auke bornas levevilkår etter eigne prioriteringar.» Det blei opplyst at det er ein praksis som ikkje lenger blir nytta. Vi har likevel sett i vedtak datert i juni 2023 at det er opplyst at søkar har barnetrygd, og at den er ikkje er med i berekningsgrunnlaget, men søkar sitt økonomiske handlingsrom har auka. Vi har og sett døme på at barns inntekt er lagt til grunn når foreldre har søkt om økonomisk stønad.

Tilsette informerer brukarane om at dei kan søke om økonomisk stønad til utstyr/utgifter til barna. Vi har og sett at vedtak har ein standardtekst der det er opplyst at det kan søkast om ekstra tilskot til spesielt tyngjande utgifter, men ein berre unntaksvis kan regne med å få ein slik søknad innfridd.

Vi har ikkje sett døme på at barneperspektivet har vore i fokus eller vurdert, i dei sakene vi har gjennomgått. Det har heller ikkje kome fram i intervju at det blir gjort.

Det er opplyst at vedtak er vurdert etter § 19, utan at det er gjort ei konkret vurdering.

Oppfølging

Som for kartleggingssamtalar, finn vi få journalnotat som viser om, og eventuelt kva for oppfølging familiar som søker økonomisk stønad får tilbod om. Oppfølginga vi har sett i enkeltsaker er stort sett avgrensa til økonomi.

I samtalar kom det fram at Nav-kontoret har utstrekt samarbeid med andre instansar, slik som Frivilligheitssentralen, Barneverntenesta, PPT, helsestasjon, psykisk helseteam, flyktningkontoret og tiltaksarrangørar.

Det er fatta få vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17 i dei sakene vi har gjennomgått. Det blei opplyst at dersom det er behov for økonomisk rådgjeving, blir det i stor grad fatta vedtak etter sosialtenestelova § 17. Nav-kontoret har sett ei fordobling av saker om gjeldsrådgiving, og omlag 50 % av desse er barnefamiliar.

Brukarar som får løpande økonomisk stønad og som sjølv ber om ein samtale, får i hovudsak det. Dei tilsette tilbyr òg samtalar når dei ser at det er behov for det. Det blei og stadfesta i samtalane vi hadde med brukarar, at dei lett kunne komma i kontakt med Nav-kontoret.

4.   Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

I samband med søknad om økonomisk stønad til barnefamiliar må Nav-kontoret foreta ei heilskapleg kartlegging av familiens situasjon, og behova til kvart enkelt familiemedlem skal undersøkast. Nav-kontoret skal ha eit særleg fokus på barn sine behov. Det er vidare viktig at søkar får formidla sine behov, samt får informasjon om sine rettigheiter. Basert på informasjonen skal Nav-kontoret gjere konkrete individuelle vurderingar av hjelpebehovet. Det er både ein rett og plikt lagt til kontoret å gjere skjønnsmessige vurderingar i kvar einskild sak, og lova sine føremål skal vere førande for avgjerda.

Kartlegging

Ut frå dei forholda som her er omtalt om manglande systematikk, skriftleg dokumentasjon og kontroll, vurderer vi at Giske kommune ikkje sørger for at behovet til barna blir tilstrekkeleg kartlagt før det blir fatta vedtak om økonomisk stønad.

Kommunen har rutine for kva som skal kartleggast når familiar med barn søker om økonomisk stønad, men vi ser ikkje spor av at den blir nytta.

Ut frå det som kom fram ved gjennomgang av mapper kan det sjå ut som at det i stor grad er opp til søkar å legge fram om det er behov for, og be om stønad til utgifter til barn. Kommunen etterspør ikkje aktivt informasjon om barnet sin situasjon. Det blir såleis søkar sitt ansvar å kartlegge sin eige situasjon, då det berre er det som det blir søkt om stønad til som blir kartlagt.

Ved behandling av søknad om hjelp i ein nødssituasjon, er det ikkje alltid tid til å gjere ei grundig kartlegging. Likevel må søkar sin situasjon kartleggast i så tilstrekkeleg grad, at Nav-kontoret kan ta ei forsvarleg vurdering og avgjerd. Ved at Nav-kontoret ikkje kartlegg søkar og søkar sin familiessituasjon nærare, er det ein risiko for at søkar sitt hjelpebehov ikkje blir avdekt.

Samla sett vurderer vi at Giske kommune ikkje sikrar ei tilstrekkeleg kartlegging av barn sine behov når familien søker om økonomisk stønad. Det er brot på sosialtenestelova §§ 18 og 19, jf. § 1 og § 4 og sosialtenestelova §§ 42 og 43, jf. forvaltningslova § 17.

Sjølv om det ikkje har hatt betydning for lovbrotet vil vi gjere merksam på at enkelte deler av Nav- kontoret sine rutinar er misvisande eller feil. Vi oppmodar kommunen til å rette opp dette:

  • Ved innhenting av manglande dokumentasjon til søknad har vi ved fleire høve sett at det mellom anna er opplyst: «Dersom etterspurt dokumentasjon mangler etter fristen satt i dette brevet vil søknaden bli avslått.»

Etter vår vurdering kan dette gi inntrykk av at Nav-kontoret systematisk avslår søknadar når brukar ikkje leverer dokumentasjon. Vi minner om at dersom brukar ikkje leverer etterspurt dokumentasjon, må Nav-kontoret uansett vurdere sannsynlegheita av hjelpebehovet ut frå dei opplysningane som er tilgjengelege.

Vurdering og avgjerd

Vi vurderer at Nav-kontoret i all hovudsak tek omsyn til utgifter som familien har søkt om stønad til. Vidare vurderer vi at Nav-kontoret i all hovudsak innvilgar stønad til utgifter til barna det blir søkt om.

Som følge av at Nav-kontoret i hovudsak ikkje kartlegg behovet til barna tilstrekkeleg, kan det vanskeleg gjerast ein reell individuell vurdering av behovet til barna. Når kartlegging manglar, har ikkje Nav-kontoret tilstrekkeleg kjennskap til den faktiske situasjonen og eventuelle behov det enkelte barn måtte ha.

Vi har sett få vedtak eller journalnotat der det er innvilga ekstra stønad til barn, og vi har sett døme på saker der ikkje alt det blir søkt om er vurdert.

Statlege rettleiande satsar og kontorets sine nødhjelpssatsar kan nyttast som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Sjølv om rettleiande satsar blir nytta som eit utgangspunkt, må Nav- kontoret alltid foreta individuelle vurderingar av om stønaden er tilstrekkeleg til å dekke familiens faktiske utgifter. Dette blir særleg sårbart i saker der Nav-kontoret nyttar kontoret sin nødhjelpssats.

Vi legg til grunn at den satsen som blir omtalt som nødhjelpssats, i all hovudsak skal dekkje det mest nødvendige som mat, drikke og nødvendige hygieneartiklar. Det stønadsnivået vil ikkje vere forsvarleg over lengre tid enn nokre få dagar. Det blei opplyst at dagsats for nødhjelp frå 1.7.2023 har auka til kr. 100 pr døgn for vaksne og kr. 75 for barn. I dei sakene vi gjekk gjennom såg vi at det i hovudsak var nytta kr. 60 for vaksne og kr. 45 for barn til livsopphald pr. dag. Om vi likevel tek utgangspunkt i den sats kommunen frå 1.7.2023 auka til, tilsvara det kr. 3.000 for vaksne i månaden. Det er kr. 3.300 mindre enn tilsvarande dei statlege rettleiande satsar for livsopphald frå 1.7.2023.

Når stønaden er lågare enn dei statlege rettleiande satsar for livsopphald, og tilsynelatande er meint å dekkje utgifter til mat, drikke og nødvendige hygieneartiklar, stiller det strengare krav til den individuelle vurderinga.

Ved behandling av søknad om hjelp i ein nødssituasjon, er det ikkje alltid tid til å gjere ei grundig kartlegging. Likevel må søkar sin situasjon kartleggast i så tilstrekkeleg grad, at Nav-kontoret kan ta ei forsvarleg vurdering og avgjerd. Tilsynet viser at Nav-kontoret overlét ansvaret til brukar å dokumentere sin situasjon, ved at det berre er det konkrete det blir søkt om som blir undersøkt, og at Nav-kontoret i liten grad gjer ei sjølvstendig kartlegging. Det er i liten grad dokumentert at barn sin situasjon er kartlagt. Ved at Nav-kontoret ikkje kartlegg søkar, kan det bli teke avgjerd på eit grunnlag der familien sitt behov ikkje har kome fram.

Personar som søker hjelp i nødssituasjon er i ein akutt, vanskeleg og sårbar situasjon, og det stillast difor strenge krav til sakshandsaminga for å sikre at tenestene forvaltast på ein forsvarleg måte. Å tilby tenester som ikkje er forsvarlege, eller bygge vurderingar og konklusjonar på ei uforsvarleg sakshandsaming, vil vere brot på lova.

Det kjem ikkje fram om kommunen har undersøkt om brukar faktisk vil ha eit forsvarleg livsopphald i den tida nødhjelp er den einaste ytinga. Kommunen antek at det vil vere tilstrekkeleg, men har ikkje gjort ei konkret vurdering. Etter vår vurdering må Nav-kontoret ha klarere haldepunkt enn å føresette at familien er sikra eit forsvarleg livsopphald.

Ved stønad til livsopphald blir staten sin rettleiande sats nytta utan at det er gjort ei konkret individuell vurdering av om det er tilstrekkeleg. Nav-kontoret sine vurderingar ber preg av å vere standardtekst.

Sjølv om NAV-kontoret har som praksis at barnetrygd ikkje blir rekna inn i den økonomiske oversikt, har vi sett tilfelle der det likevel blir opplyst at søkar sitt økonomiske handlingsrom har auka fordi søkar mottek barnetrygd. Dette er feil bruk av regelverket som kan ha ført til at enkelte familiar har fått mindre stønad enn dei har rett på.

Behovet for økonomisk stønad skal ta utgangspunktet i kva for behov søkar har på søknadstidspunktet. At søkar burde hatt eigne midlar, er difor ikkje ein gyldig avslagsgrunn etter sosialtenestelova § 18.

Sjølv om gjeld normalt ikkje er ein nødvendig levekostnad i sosialtenestelova si forstand, må Nav- kontoret likevel vurdere å dekke gjeld dersom manglande betaling kan føre til tap av bustad. Nav- kontoret kan og ta omsyn til anna gjeld, som lån eller kreditt til nødvendig livsopphald. I enkelte saker der brukar opplyser å ha gjeld, saknar Statsforvaltaren ei nærare vurdering av om gjelda unntaksvis er ein nødvendig levekostnad etter sosialtenestelova § 18.

Ved alle handlingar som omhandlar barn skal barnets beste vere eit grunnleggande omsyn. Dette følger av barnekonvensjonen artikkel 3 og grunnlova § 104 andre ledd. Vi vurderer at sjølv om omsynet til barna kan vere utslagsgjevande i enkelte saker, blir omsynet til barnets beste i liten grad synleggjort i vedtaka. Når saksdokumenta ikkje har informasjon om at barnet sitt beste er undersøkt og vurdert, er det fare for at omsynet til barnet ikkje har blitt tillagt tilstrekkeleg vekt i saka.

Samla sett vurderer vi at Giske kommune ikkje sikrar ei forsvarleg vurdering og avgjerd ved søknader om økonomisk stønad til familiar. Det er brot på sosialtenestelova §§ 18 og 19, jf. § 4.

Oppfølging

Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar mottek økonomisk stønad. Oppfølginga skal støtte opp under familiens moglegheit til å bli sjølvhjelpen.

Statsforvaltaren presiserer at tenesta økonomisk stønad ikkje er forsvarleg aleine gjennom vedtak om stønad. I tillegg til samtalar, vil forsvarleg oppfølging ofte vere avhengig av at Nav-kontoret samarbeider med andre instansar og at det fattast vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17.

Når kartlegging og vurdering er mangelfull, vil det vere ein risiko for at oppfølging ikkje blir gitt i tråd med dei behova kvar enkelt familie har.

Tilsynet har vist at det i liten grad blir fatta vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17.

Vi har likevel høyrt at brukarar får oppfølging om det er behov for det, og i enkelte høve blir brukarar ringt opp om det til dømes er fritidstilbod å orientere om. Det er då ut frå den enkelte tilsette si vurdering, og ikkje praksis som er bestemt på kontoret.

Statsforvaltaren vurderer at Nav-kontoret som hovudregel tek hand om sitt oppfølgingsansvar ved å tilby samtalar. Vi har likevel sett saker der oppfølging verken er gitt tilbod om eller gitt. At det skal bli gitt tilbod om oppfølging til alle familiar som mottek økonomisk stønad, er difor eit klart forbetringsområde.

Sjølv om det ikkje har hatt betydning for vurderinga av om Nav-kontoret tilbyr oppfølging i dette tilsynet, har vi funne enkelte forbetringspunkt. Vi vil gjere kommunen merksam på følgande:

Som for kartlegging, finn vi få spor av at det er gjennomført oppfølgingssamtaler og samarbeid med andre tenester i dei sakene vi har gjennomgått. Samtidig har Nav-kontoret sjølv identifisert dokumentasjon som eit forbetringsområde. Det blir opplyst at journalføring i fleire fagsystem fører til at oppfølging ikkje alltid er synlege i det kommunale saksbehandlingssystemet. Vi vil difor oppfordre NAV-kontoret til å sjå på eigen praksis for dokumentasjon av oppfølgingsarbeidet.

Vi oppmodar også NAV-kontoret til å sjå på eigen praksis for vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17 og samarbeid med andre tenester.

Styring og leiing

God styring og leiing skal sikre at personar som er i kontakt med Nav-kontoret får oppfylt sine rettigheiter, og at tenestene er i samsvar med krav som lova stiller. Det er nær samanheng mellom styring av tenesta og at tenestene er forsvarlege.

Statsforvaltaren har i tilsynet avdekt manglande kartlegging av barn og unge sin situasjon og behov, manglande individuelle vurderingar og manglande synleggjering av slutningar eller avgjer i vedtak.

Som del av internkontrollen må kommunen ikkje berre etablere tiltak for internkontroll, men også sørge for at tiltaka blir evaluert og følgt opp. Leiinga må følge med på at slutningar nedfelt i rutinar og retningsliner, og/eller formidla munnleg i møter på kontoret, blir etterlevd, og at observasjonar gjort under stikkprøvekontroll fører til kontinuerleg evaluering og endring av praksis.

Leiinga har sjølv formidla at dei er kjent med gapet mellom faktisk praksis og ønska praksis. Det er alvorleg dersom ein har kjent til lovstridig praksis, utan å ha teke grep for å endre på dette.

Konsekvensen for sårbare barn og unge og deira familiar, kan vere at deira allereie krevjande livssituasjon har blitt forverra ved at dei ikkje har fått dei tenestene dei har behov for. Dette særleg i ei tid, der utgifter til mat, straum og bustad har blitt dyrare.

Statsforvalteran oppfattar at både kommunens leiing og tilsette i Nav-kontoret er opptekne av at barn og unge skal få forsvarlege tenester. Vi oppfattar og at gjennomføring av tilsynet, har sett tema på dagsorden, og har gitt leiinga ved Nav-kontoret eit «push» til på alvor å gå i gang med ønska praksisendring.

Det er likevel vår konklusjon, at manglande styring og kontroll over tid, gjer at Nav-kontoret ikkje har nødvendig systematikk i arbeidet med barnefamiliar. Det med påfølgande risiko for at barn sine behov ikkje blir vareteke når familien søker økonomisk stønad. Kravet til forsvarlege tenester er med det ikkje oppfylt, og tenesteutøvinga er ikkje underlagt tilstrekkeleg styring og kontroll.

5.   Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

I saker der familien søker om økonomisk stønad sikrar ikkje Giske kommune at individuell kartlegging, vurdering og avgjerd, blir gjort på ein forsvarleg måte. Manglar i styringa har ført til at

  • Barna sine behov ikkje blir tilstrekkeleg kartlagt
  • Det ikkje alltid blir gjort ei forsvarleg vurdering og avgjerd ut frå det enkelte barn sine behov

Det kan føre til at familiar ikkje får dei tenestene dei har behov for. Barnet eller barna i desse familiane risikerer ein levestandard som ikkje tek i vare deira fysiske, psykiske og sosiale utvikling.

Kommunen si leiing har ikkje i tilstrekkeleg grad identifisert eller følgt opp kvaliteten i saker der familien søker om økonomisk stønad, gjennom planlegging, drift, evaluering og korrigering av manglar/avvik i tenesta.

Det er brot på: Sosialtenestelova §§ 1, 4, 18, 19, 42 og 43, forvaltningslova §§ 17, 24 og 25 og kommunelova § 25-1.

6.   Oppfølging av påpeika lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva Statsforvaltaren forventar at kommunen skal gjere for å rette lovbrota.

Konklusjonen i rapporten bygger på opplysningar om situasjonen på tidspunktet for tilsynsbesøket. Kommunen må rette det som blei påpeika, og vi ber om tilbakemelding på kommunen si plan for retting av lovbrotet innan 1.2.2024. Planen skal innehalde:

  • oversikt over kva tiltak som skal gjennomførast for å endre praksis/rette lovbrot
  • fristar for iverksetting av tiltak og evaluering av om tiltaka har verka som planlagt
  • informasjon om kven som er ansvarleg for iverksetting av tiltak og evaluering av tiltaka
  • informasjon om korleis leiinga vil følgje med, for å sikre at kontoret sin praksis framover er i samsvar med gjeldande lovkrav

Etter at vi har fått kommunen si plan for retting, vil vi ha eit møte der planen for retting er tema. I tillegg vil vi i samråd med dykk legge ein plan for vidare oppfølging og dialog om dette. Vi foreslår at vi har dette møtet 08.02.2024 kl. 12-13. Dersom møtetida ikkje passar for dykk, ber vi om at de tek kontakt om dette så snart som mogleg.

For å undersøke om tiltaka har resultert i forsvarleg praksis, vil kommunen bli bedne om å utføre ein eigenkontroll. I eigenkontrollen skal kommunen gå gjennom saker og fylle ut eit skjema med spørsmål, sjå vedlegg. Tidspunkt for gjennomføring av eigenkontrollen og kor mange saker kontrollen skal omfatte, blir avtalt i møtet med kommunen.

Kommunen skal sende resultatet av eigenkontrollen til oss, og vi vil på bakgrunn av dette vurdere om det er behov for vidare oppfølging frå vår side. Statsforvaltaren kan i tillegg til kommunens eigenkontroll utføre ein stikkprøvekontroll dersom vi vurderer at det er nødvendig.

Med helsing

Grete Teigland (e.f.)
direktør

Aase Årsbog Dyrset
seniorrådgivar

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet blei gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet blei sendt 12.05.2023.

Tilsynet blei gjennomført ved Giske kommune/Nav Giske, og innleia med eit kort informasjonsmøte 24.10.2023. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 25.10.2023.

Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand, medan andre dokument blei overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. I tillegg hadde vi stikkprøver i elektronisk journal saman med ein tilsett.

Følgjande dokument blei gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Kommunens eigenrapportering
  • Organisasjonskart, Giske kommune og Nav Giske
  • Oversikt over tilsette, og arbeidsfordeling for den enkelte
  • Årsmelding 2022
  • Partnerskapsavtale og referat frå partnerskapsmøte 18.01.2023
  • Nav Giske 2023-2025
  • Skjema – Kartlegging i forbindelse med økonomisk sosialhjelp
  • Opplæringsplaner for tilsette
  • Rutine – Melde avvik og avvikshandtering
  • Serviceklage
  • Tertialrapport, og 2. tertial 2023
  • Oversikt interne møter
  • Prosedyre for søknad om sosiale tenester Nav Giske
  • Delegering av mynde
  • Intern delegering datert 19.05.2020

Det blei valt 20 mapper, i perioden 15.05.2022 – 15.05.2023, etter følgjande kriteria

  • Nye familiar - førstegongssøkarar
  • Langtidsmottakarar, meir enn seks månader
  • Familiar med fleire enn tre barn
  • Saker om samvær med barn
  • Hastesaker, til dømes nødhjelp

I tabellen under gir vi ei oversikt over kven som blei intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

I tillegg blei fleire brukarar intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgjevar, Aase Årsbog Dyrset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, revisjonsleiar
  • rådgjevar, Marianne Halle, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, revisor
  • rådgjevar, Marianne Stensvold, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, revisor

2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk