Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland gjennomførte tilsyn med Helse Fonna HF Habiliteringsavdelinga, Habilitering for barn og unge (HABU) 20. juni -  22. juni 2022. Vi undersøkte om helseføretaket sørgjer for at barn og unge under 18 år som vert tilviste med spørsmål om utviklingshemming og om vurdering av bruk av tvang, vert følgde opp i samsvar med aktuelle lovkrav slik at tenestemottakarane får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren peiker på følgjande:

  • Barn med utviklingshemming som er fagleg vurderte til å ha behov for (ny) kognitiv utgreiing i Habiliteringstenesta for barn og unge, ventar langt ut over førespegla tid for inntak. Ved tilsynet kunne ingen opplyse kva tid barna vil få tilbodet. Det ligg ikkje føre plan for når barna vert tekne inn til utgreiing. Helse Fonna HF sikrar difor ikkje at barna får hjelp til rett tid.
  • Dette er brot på: Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 6-9, jf. spesialisthelsetjenesteloven §§ 2-2 og 3-4 a.

Forseinka utgreiing og oppfølging av barn og unge med langvarige og samansette behov innverkar på pasienttryggleiken og kan innebere at behandling og eigna tiltak ikkje vert sett inn i tide.

Føremålet med tilsyn er å bidra til å styrke tryggleik og kvalitet i helse- og omsorgstenestene og folks tillit til personell og tenester.

Vi ber Helse Fonna om å gjere ei vurdering av forhold som medverkar til lovbrotet og om å gjere greie for kva som vert gjort for å rette dette.

Nærare omtale om oppfølginga av tilsynet er gitt i rapporten kapittel 6.

Fristen for første tilbakemelding er 20. oktober 2022.

1.  Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi hva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi har undersøkt om helseføretaket sørgjer for barn og unge under 18 år som vert tilviste med spørsmål om ulike grader av utviklingshemming og eller bruk av tvang, får helsehjelp i samsvar med aktuelle lovkrav slik at tenestemottakarane får trygge og gode tenester, avgrensa til:

  • utgreiing og diagnostisering, under dette samarbeid internt med andre einingar, informasjon til og medverknad frå barn og foreldre
  • utgreiing og vurdering av tiltak for å førebyggje og ved behov, bruk av tvang
  • samarbeid med og rettleiing til kommunale tenester i samband med gjennomføring av tvangstiltak.

2.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvalteren er gitt mynde til å føre tilsyn med spesialisthelsetenesta etter helsetilsynslova § 4.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Kravet om forsvarleg verksemd går fram av lov om spesialisthelsetjenesten m.m. § 2-2. Kravet er forankra i anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer.
Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gi innhald i kravet. Tilrådingar
gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved å peike på ønske og tilrådde handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og verktoy .

Publikasjonar frå Helsedirektoratet som er aktuelle for dette tilsynet:

  • Rundskriv IS-10/2015 Rettssikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer
    med psykisk utviklingshemming
  • Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten, prioriteringsveileder
  • Psykisk helsevern for barn og unge, prioriteringsveileder
  • Rettleiar om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator
  • Utredning og diagnostisering av utviklingshemming, rapport frå Helsedirektoratet til Helse
    og omsorgsdepartementet
  • Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming, nasjonal veileder

Konsensus i relevante fagmiljø er ei viktig kjelde til informasjon om kva som er fagleg forsvarleg praksis:

  • Generell veileder i pediatri
  • Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming frå Regionsenter for habiliteringstjenesten for barn og unge, Oslo universitetssykehus

Retningslina gir faglege tilrådingar om god praksis for utgreiing i spesialisthelsetenesta av barn og unge 0 – 18 år ved spørsmål om utviklingshemming som hovud- eller bidiagnose.

Samla oversikt over alle tilrådingane går fram i kapittel 2. Fagleg grunngjeving for tilrådingane går fram av dei enkelte kapitla. I metoderapporten kapittel 23 er det gjort greie for kven som har delteke i arbeidet og om kunnskapsgrunnlaget.

Tilrådingar om kompetanse i habiliteringstenestene og samarbeid med andre einingar i spesialisthelsetenesta er mellom anna gitt i:

Rettleiar frå Helsedirektoratet om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator,
kapittel 9.6 om kompetanse i habiliteringstenestene:

«For å oppfylle krav om kvalitet og forsvarlighet i tjenesten, bør habiliteringstjenestene være bredt tverrfaglig sammensatt med medisinsk, psykologisk, sosialfaglig, spesialpedagogisk og miljøterapeutisk kompetanse. Det er behov for spesialisert fagkompetanse innen et vidt spekter av temaer og områder som:

  • utredning og diagnostisering ved indikasjon på utviklingshemming og adferdsavvik
  • symptomer og adferdsmønstre ved en rekke ulike syndromer
  • autismespekterforstyrrelser
  • sjeldne tilstander og alvorlig funksjonsnedsettelse
  • differensialdiagnoser og komorbiditet
  • forebygging av bruk av tvang og makt
  • utforming av tiltak som innebærer bruk av tvang og makt»

Andre publikasjonar som òg er relevante for dette tilsynet:·

  • Statens helsetilsyns gjennomgang av diagnostiseringen av tre brør frå Tolga
  • Riksrevisjonens undersøking av helse- og omsorgstenester til barn med   funksjonsnedsettingar
  • Helse Vest RHF - Oppdatert regional plan for habilitering og rehabilitering med følgjande prioriterte    innsatsområde:

1: Betre implementering av koordinator-ordninga i sjukehusa
2: Inkludere habilitering for barn og unge i «Barn og unges helseteneste»
3: Styrke legeressursar og nødvendig kompetanse i habilitering for barn, unge og vaksne
4: Tidleg start av rehabiliteringa
5: Redusere variasjonane i seinfaserehabilitering
6: Vidareutvikle infrastruktur for samarbeid på tvers om forsking og kunnskapsutvikling
7: Utvikle styringsdata og datakvalitet

Styringsdokument 2022 frå Helse Vest RHF til Helse Fonna, sitat: 

«Av Dokument 3:15 (2020–2021) Riksrevisjonens undersøkelse av helse- og omsorgstjenester til barn med funksjonsnedsettelser peiker Riksrevisjonen på at det er geografiske skilnader og utilstrekkeleg kapasitet i helseføretaka sine habiliteringstilbod til barn. Det er av avgjerande betydning at Riksrevisjonen sine undersøkingar blir følgde opp.

Helse Vest RHF ber helseføretaka:

  • følge opp omtalte undersøkingar utført av Riksrevisjonen.»

Informasjon til og medverknad frå pasient

Medverknad i helsetenesta er regulert i pasient- og brukarrettslova og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Etter pasient- og brukarrettslova §§ 3-1 og 3-2 skal pasientar få naudsynt informasjon om helsetilstanden sin og tenestetilbodet, og pasienten har rett til å medverke ved gjennomføringa av helsetenester.

Medverknaden skal vere tilpassa pasientens evne til å gi og få informasjon. Informasjon om eige pasientforløp i tråd med pasient- og brukarrettslova § 3-2 er ein sentral pasientrett. Informasjon til pasientar må bli gjeven på ein måte som gjer at pasienten kan forstå den, og personellet skal freiste å sikre seg at pasienten har forstått innhaldet i informasjonen og kva denne inneber, sjå pasient- og brukarrettslova § 3-5

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9 stiller krav om at verksemda brukar erfaringar frå pasientar i arbeidet med forbetring av verksemda.

Det er venta at helseføretaket

  • har ein felles praksis for informasjon til barn og foreldre før utgreiing av utviklingshemming
  • gir ungdom tilbod om eigen samtale før utgreiing
  • gir tilpassa informasjon om utgreiinga til barn og unge med språkvanskar og eller vanskar med å forstå
  • brukar tolk når barn og eller foreldre har avgrensa norskkunnskap
  • gir tilbakemelding til barn og foreldre etter gjennomført utgreiing

Systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten skildrar plikta som verksemda har, til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Denne plikta går også fram av spesialisthelsetenestelova § 3-4 a.

Kravet til forsvarleg verksemd som er retta mot verksemder, jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-2, omfattar fleire forhold som er samanfallande med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleik.

Leiarar på alle organisatoriske nivå i helseføretaket må leggje til rette for og følgje opp at  helsetenestene er i tråd med gjeldande regelverk og av god nok kvalitet. Det inneber at leiinga må ha kunnskap om kvaliteten på tenestene i verksemda, inkludert oversikt over risiko og
uønskte hendingar, for å kunne setje i verk rett tiltak for å redusere risiko og ivareta pasienttryggleiken.

Det er venta at

  • leiinga har teke stilling til kva kompetanse Habilitering for barn og unge treng for utgreiing og diagnostisering av mogeleg utviklingshemming og for å vurdere og rettleie kommunale tenester i spørsmål om bruk av tvang
  • leiinga sørgjer for innarbeidde rutinar for utgreiing og diagnostisering , informasjon og medverknad frå pasient og foreldre/føresette
  • leiinga sørgjer for at ansvarsforhold og samarbeid med andre einingar, mellom andre Habiliteringstenesta for vaksne og Psykisk helsevern for barn og unge, og kommunale tenester er avklart
  • leiinga sørgjer for at etablerte rutinar/praksis for utgreiing og diagnostisering fungerer og vert følgd, og set i verk naudsynte tiltak dersom det har utvikla seg ein uønskt praksis
  • leiinga følgjer med på at det er framdrift i utgreiingsforløpet. Eventuelle problemstillingar vert løfta opp i organisasjonen dersom manglande kompetanse og eller samhandling med andre organisatoriske einingar medfører at utgreiing og diagnostisering ikkje vert gjennomført
  • leiinga har teke stilling til korleis Habiliteringstenesta for barn og unge skal hjelpe kommunane i utforming av tiltak som gjeld bruk av tvang og gjennomføring av tiltaka
  • leiinga sørgjer for at etablerte rutinar/praksis for at Habiliteringstenesta for barn og unge gir uttale til kommunens vedtak til Statsforvaltaren
  • leiinga sørgjer for at etablerte rutinar/praksis for å følgje opp kommunale tenester ved gjennomføring av tiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 9-5 tredje ledd bokstav b) og c)
  • leiinga følgjer med på kvalitet og pasienttryggleik i verksemda, med særleg vekt på område med kjent risiko

3.  Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Dato for tilsynsbesøket vart endra frå 26. – 28. april 2022 til 20. – 22. juni 2022.

Organisering, ansvar og mynde, tilsette

Habilitering for barn og unge (HABU)  er samlokalisert med Habilitering for vaksne (HAVO). Avdelingsleiar for Habiliteringsavdelinga er næraste overordna for funksjonsleiarane i HABU, HAVO og Lærings- og meistringssenteret. Habiliteringsavdelinga er ei avdeling i Klinikk for medisin Haugesund og Odda. Avdelingsleiar rapporterer til klinikkdirektør. Avdelingsleiar for Habiliteringsavdelinga er konstituert avdelingsleiar Barneavdelinga frå 20. april 2022 til og med 31. desember 2022. Funksjonsleiar HABU er konstituert avdelingsleiar i Habiliteringsavdelinga i same tidsrom. Frå 1. juli 2022 vert ein annan medarbeidar konstituert funksjonsleiar i HABU.

Funksjonsleiar i HABU har fag-, personal- og økonomiansvar for eininga. Stillinga er delt med 60 % klinisk arbeid og 40 % leiaroppgåver.

Tilsette

HABU har 14 stillingar i pasientretta arbeid. To av stillingane er vikariat. I 2021 vart det tilsett to psykologspesialistar i HABU, ein i ledig stilling og ein i nyoppretta stilling i desember. Eininga får legeressurs, overlege, frå Barneavdelinga to dagar for veka, tilsvarande om lag 40 % stilling. Frå hausten 2021 har HABU hatt to faste dagar med  tverrfagleg poliklinikk med lege, ergo- og fysioterapeut om lag tre veker kvar månad. Fagkonsulentane arbeider i hovudsak sjølvstendig. Den største delen av besøk og konsultasjonar i HABU vert utført av andre faggrupper enn dei som deltek i tverrfagleg poliklinikk.

Det går fram av årsrapporten frå barnehabiliteringsteamet 2021 at talet på tilvisingar har auka jamt dei siste åra. Arbeidspresset på tilsette har vore høgt og nådd taket med omsyn til kor mykje rettleiing den enkelte tilsette kan gje.

Inntak til HABU

Funksjonsleiar og psykologspesialist gjennomgår mottekne tilvisingar i møte  kvar veke. Avgjerd om pasienten har rett til naudsynt helsehjelp vert teken i inntaksmøtet. I notatet (tilvisingsvurderinga) frå inntaksmøtet er det opplysningar om kven som har vurdert tilvisinga, fristen for helsehjelp og  kva som skal gjerast.

Nye saker vert fordelt av funksjonsleiar direkte  til saksbehandlar eller i teammøtet måndagar. Ved fordeling vert det teke omsyn til kva saka gjeld og om mogeleg, kor mange saker den enkelte har frå før. Vi fekk opplyst at tilsette i HABU er spesialiserte på ulike felt. Stor saksmengd og avgrensa kor mange som har naudsynt kompetanse på fagfeltet, innverkar på saksflyten og ventetid.

Ved tilsynsbesøket var ein del saker ikkje fordelte til saksbehandlar då ingen av dei hadde ledig kapasitet.

Ventetid

HABU har venteliste på kognitiv utgreiing. Det gjeld nye pasientar som er tilviste for utgreiing, pasientar som er i eit habiliteringsforløp og pasientar med utviklingshemming der kommunen vurderer bruk av tvang, jf. helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.  I 2021 vart seks barn tilviste for vurdering av vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Det var fristbrot i alle. 

I brev av 9. mars 2022 frå Helse Fonna står det at HABU har hatt utfordingar med stabil tilgang på psykologressursar sidan 2019 og at ventetid for å kome til utgreiing hos psykolog var åtte - ni månader.

Ved tilsynsbesøket venta 29 barn på utgreiing hos psykolog. I 12 saker har barnet venta ut over fristen for rett til naudsynt helsehjelp. Åtte av dei er barn som ventar på utgreiing om utviklingshemming. Det er i tillegg 17 barn i forløp som ikkje er tekne inn til (ny) kognitiv utgreiing innan oppgitt frist. Saker som har gått til fristbrot er ikkje fordelte til saksbehandlar.

Funksjonsleiar har oversikt over kven som ventar på å kome til utgreiing hos psykolog. Vi fekk opplyst at fordeling av sakene kan ta tid. Sakene vert fordelt etter dialog med behandlarane (psykologspesialistane) ut frå kapasiteten hos den enkelte. HABU har ikkje intern retningsline for prioritering mellom dei som ventar på (ny) kognitiv utgreiing. Ved ledig kapasitet vert det avklart i dialog med behandlarane kven som skal få tilbod. Det var ingen som kunne gi informasjon om kva tid pasientane som ventar, vert tekne imot i HABU. Ventetida opp mot eitt år vart fagleg vurdert som for lang og noko som kan ha konsekvensar for tilrettelegging i samsvar med behova den enkelte har. For å redusere ventetid har det vore drøfta, men ikkje forsøkt, å tilvise enkelte pasientar til utgreiing ved Nevropsykologisk eining.

Samtalar med foreldre

Vi har snakka med foreldre til fem barn som var tilviste for utgreiing eller ny vurdering i 2021. Felles for dei var at dei hadde fått melding frå Helfo om fristbrot og at det var undersøkt, men ikkje funne tilbod annan stad. Foreldra hadde i ettertid ikkje teke kontakt med HABU og var heller ikkje kontakta frå HABU med informasjon om kva tid dei kunne rekne med å kome inn. 

Utgreiing og diagnostisering av barn med spørsmål om utviklingshemming

Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming er lagt til grunn for arbeidet.

I saker som gjeld nytilviste pasientar vert foreldra inviterte til forundersøking hos fagkonsulent. Det vert brukt tolk ved forundersøking og vidare utgreiing om det er naudsynt. Det vert skrive oppsummeringsnotat frå forundersøkinga. Det er ikkje ein innarbeidd praksis for å leggje fram resultatet frå forundersøkinga på teammøtet måndagar der alle tilsette i HABU deltek. Det varierer i kva saker resultat frå forundersøking vert lagt fram i dette møtet. Overlege deltek ikkje fast i teammøtet, men over ein periode på seks veker er overlege med i to teammøte.

Medisinsk undersøking vert gjort i tverrfagleg poliklinikk der foreldre og pasienten møter overlege, ergoterapeut og fysioterapeut i felles konsultasjon. Dei fleste foreldra har informasjon om kva tverrfagleg poliklinikk er og kven dei møter. Dei som ikkje veit kva dei møtet til, får informasjon innleiingsvis i konsultasjonen.

Medisinsk årsaksavklaring vert gjort om dette ikkje er gjort tidlegare. Tilleggsundersøkingar vert bestilt ved behov. Opplysningar frå tverrfagleg poliklinikk vert dokumentert i samla (felles) notat i pasientjournalen. Foreldra får tilbakemelding avslutningsvis i konsultasjonen, eventuelt per telefon eller i eige møte etter gjennomførte tilleggsundersøkingar.  Det er vanlegvis kort tid mellom forundersøking og tverrfagleg poliklinikk. Det kan gå lang tid frå konsultasjon i tverrfagleg poliklinikk til utgreiing hos psykologspesialist vert gjort. Det er ingen faste møte mellom psykologspesialist og overlege i samband med utreiinga av utviklingshemming. Ein del kommunikasjon føregår med «gul lapp» i journalsystemet, eventuelt kontakt ad hoc. Vi fekk opplyst at legeressursen i HABU ikkje dekkjer meir enn legeoppgåvene i samband med tverrfagleg poliklinikk, og at lege tilsett ved Barneavdeling ikkje er ein integrert del av fagmiljøet i HABU.

Informasjon i tilsende dokument  om ventetid på kognitiv utgreiing samsvarer med opplysningane vi fekk under tilsynsbesøket.  Informasjon i intervju om gjennomføring av observasjonar, evneutgreiing og utgreiing av evne til å fungere i dagleglivet, samsvarer med det vi fann ved stikkprøver i pasientjournal.  I enkelte saker er forundersøking gjennomført lenge før, inntil eit år før, utgreiing hos psykologspesialist vert påbegynt. Det varierer òg om forundersøkingane er utfyllande nok. Dei fleste, men ikkje alle foreldra, veit kva dei kjem til når dei møter psykologspesialist i samband med utgreiing. Psykologspesialist diagnostiserer.  Etter fullført utgreiing får foreldra alltid først tilbakemelding frå psykologspesialist før instansmøtet. Tilbakemelding til barnet vert gitt alt etter alder og evne til å ta imot tilbakemelding. Full timeliste og eventuelt fråvær (ferie/sjukefråvær) innverkar på kva tid foreldra får tilbakemelding. Det kan ta lang tid frå fullført utgreiing til tilbakemeldinga vert gitt.

Stikkprøver i pasientjournalar – utgreiing og diagnostisering

Vi gjorde stikkprøver i 23 journalar til barn som var tekne imot for utgreiing av utviklingshemming.

Vi fann at HABU brukar testar/kartleggingsverktøy for evnevurdering og evne til å fungere i dagleglivet som tilrådd i Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming.

I ni av 18 saker fann vi opplysningar om medisinsk undersøking. I tre saker fann vi opplysningar om medisinske undersøkingar frå tidlegare. I seks fann vi ikkje opplysningar om medisinsk undersøking i tilknyting til aktuelle eller tidlegare utgreiing. Helseføretaket hadde kort tid før tilsynsbesøket skifta journalsystem, frå Dips Classic til Dips Arena.  Det kan vere at opplysningar om legeundersøking og medisinsk årsaksavklaring likevel er gjort i dei seks sakene og at opplysningane om dette ligg i andre deler av pasientjournalen enn den vi hadde tilgang til. Vi fann at tolk var brukt i fire saker.

Utgreiingsrapporten med konklusjon frå psykologspesialist ligg føre kort tid etter fullført utgreiing. Tida frå utgreiingsrapporten ligg føre til foreldra får tilbakemelding, varierte frå under ein månad til eit halvt år. I enkelte saker gjekk det fram av journalnotat at foreldra hadde etterlyst tilbakemelding fleire gonger. Det var òg variasjon i kor snart det vart gitt tilbakemelding til tenestene (instansmøte).

Vi fann ingen samla rapport med omtale av medisinske undersøking/medisinsk årsaksavklaring  og utgreiing hos psykologspesialist.

I ein del brev om innkalling til time fann vi informasjon om kva timen gjeld, i andre brev var det ingen opplysningar om dette, men om dato og klokkeslett.

I 10 av 12 saker der pasienten var teken imot for utgreiing (opne saker), var oppstart helsehjelp etter fristen.

I fem av ti saker som gjeld pasientar i forløp, fann vi at ventetida på kognitiv utgreiing var meir enn eitt år og meir enn seks månader i ei sak. I fire saker fann vi ikkje sikre haldepunkt for kor lenge den enkelte hadde venta på å verte teken imot for kognitiv utgreiing.

I 13 tilvisingar om utgreiing som var tekne imot i tidsrommet 1. august 2021 – 14. juni 2022, fann vi at fristen for rett til naudsynt helsehjelp var broten i åtte av ti saker. I tre saker er fristen for rett til naudsynt helsehjelp seinare i 2022.

Uttale, rettleiing og oppfølging i saker som gjeld bruk av tvang og makt

HABU nyttar same skriftleg prosedyre som HAVO (Habiliteringstenesta for vaksne) om Rettssikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming. Prosedyren skildrar saksgangen frå forundersøking til sakkunning vurdering av kommunens vedtak. Fristen for å skrive sakkunnig vurdering er innan ei veke etter at kopi av kommunens vedtak er motteke. HABU legg vekt å skrive uttalen så snart som råd og innan tre veker.

Saker som kjem inn, vert vurdert og fordelt saksbehandlar i teammøte. Ved behov tek saks-behandlar saka tilbake til teammøtet for avklaring og vurdering av tiltak. Ved forundersøking og observasjon kan saksbehandlar ta med ein kollega i tilfelle det er behov for det. HABU er merksam på at nokre pasientar i målgruppa har venta lenge på evnevurdering og eller kognitiv vurdering. I intervju kom det òg fram at tilsette vurderer ventetida til å vere for lang.

Nye medarbeidarar på fagområdet tvang og makt får opplæring og rettleiing frå ein meir erfaren medarbeidar i HABU. Ved behov vert det også søkt råd hos andre i HABU og HAVO. 

Stikkprøver i pasientjournalar – spørsmål om tvang og makt

Ved stikkprøver i sju pasientjournalar fann vi at tid frå tilvising var motteken til datoen for forundersøking varierte frå ein til åtte månader. Det var to nye godkjente vedtak om bruk av tvang, jf. helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. HABU hadde gitt uttale til vedtaka. I dei to sakene låg det føre oppsummeringsnotat med tilrådingar  til kommunen.  Ei sak var overført til HAVO og i ei sak var det funne andre løysningar enn bruk av tvang og makt.

I tre saker skal det gjerast kognitiv utgreiing (1. gongs utgreiing eller ny utgreiing). Det går ikkje fram kva tid pasientane  vert tekne inn til utgreiing i HABU. Kvar av dei tre pasientane har venta i meir enn seks månader.  

Samarbeid mellom HABU og HAVO, HABU og psykisk helsevern

I brev av 9. mars 2022 frå Helse Fonna HF går det fram at psykologane i HABU og HAVO har møte kvar veke for å drøfte pasientsaker og eventuelt samarbeide om utgreiing. I intervju vart samarbeidet skildra som nært og godt. Det ligg føre skriftleg rutine om overføring av pasient frå HABU til HAVO.

Samarbeidsavtalen mellom HABU og BUP er nyleg godkjent. I vedlegga til samarbeidsavtalen frå 2020 mellom HABU og BUP går det fram korleis tenestene skal samarbeide i saker der begge einingane er inne og kva som skal vere framgangsmåten ved utfordringar i samarbeidet. Det skal vere minst to møte i året mellom leiarane i HABU og BUP. Vi fekk lagt fram referat frå samarbeidsmøte mellom HABU og BUP for perioden 20. februar 2020 – 19. mai 2022. 

Leiinga si oppfølging av verksemda i HABU

Det er regelmessige leiarmøte i avdelinga, med klinikkdirektør og med administrerande direktør. Opplysningar om ventetid på funksjonsvurdering hos psykologspesialist i HABU er vel kjent på alle nivå i organisasjonen. I Opptrappingsplan Habilitering 2021 – 2024 er det lagt opp til å styrkje HABU og HAVO med 9,7 årsverk. Ved tilsynsbesøket vart det frå helseføretaket si side gjort merksam på at vidare auke i stillingar er avhengig av kva midlar som vert avsett til føremålet. Som del av opptrappingsplanen fekk HABU ressursar til nye stillingar i 2021, spesialpedagog og psykolog. I 2022 er det ei utlyst stilling.

Som eit av tiltaka for å redusere ventetid har leiinga gitt løyve til å bruke midlar ut over budsjett-ramma i 2022 for å rekruttere personell. Vi fekk opplyst og lagt fram opplysningar (tal på ventande ved periodeslutt fordelt på kor lenge pasientane har venta totalt) som viser at samanlikna med 2021 så er ventetidene i HABU redusert i løpet av 2022.  Internt i HABU vert det arbeidd med effektivisering og omstrukturering av utgreiingsforløp ved at spesialpedagog testar språk og kommunikasjon.  Det er og starta eit internt arbeid knytt til rolleavklaring i høve til kva rettleiing HABU skal gi til kommunane.

Leiinga sin gjennomgang vert gjennomført på nivå 1 i helseføretaket. Gjennomgangen er lagt fram for styret, jf. styresak 33/22, https://helse-fonna.no/Documents/Styret/2022/05-24/sak-33-22-leiinga-sin-gjennomgang.pdf

4.  Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helselovgjevinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege helsetenester. Naudsynte tiltak skal planleggast, setjast i verk, verte evaluert og korrigert ved behov. Barn og unge som er under utgreiing for psykisk utviklingshemming og eller i tilfelle bruk av tvang skal motta forsvarlege tenester. Dette stiller krav til organisering, systematikk, framdrift i arbeidet, oppfølging og samhandling ved utføring av dei ulike oppgåvene. Leiinga må følgje opp at planlagde tiltak vert sett i verk og fungerer slik at barn og unge får gode og trygge tenester. Risikofaktorar vil i mange tilfelle vere mangelfull tilgang på relevant fagspesifikk kompetanse, mangelfull tilrettelegging for god samhandling, kommunikasjon, informasjonsoverføring, dokumentasjon og mangelfulle retningsliner for kven som har mynde til å ta ulike avgjerder. Det er stor breidde i oppgåvene som HABU har. Verksemda er sårbar ved at oppgåvene er spesialiserte. Det er få tilsette som arbeider med dei ulike oppgåvene og tenestetilboda er særleg sårbare ved fråvær som lengre  tids sjukdom og eller ved rekruttering til ledig stilling.

Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming er lagt til grunn for utgreiing i HABU. Opplysningane som vi har fått, tilseier at retten til informasjon og medverknad som barn og foreldre har, vert ivareteken i samband med utgreiing av spørsmål om utviklingshemming. Foreldra får ikkje ei samla vurdering med konklusjon på utgreiinga, men separate tilbakemeldingar frå dei som har vore ansvarlege for utgreiinga (medisinsk utgreiing med årsaksavklaring og funksjonsutgreiing).

Utgreiing av utviklingshemming i HABU er ikkje eit samanhengande utgreiingsforløp. Det er lang tid mellom legeundersøking/ medisinsk årsaksavklaring, og funksjonsutgreiing. Det er òg lang ventetid på kognitiv utgreiing hos barn i forløp og hos barn med utviklingshemming der kommunen ønskjer rettleiing og vurdering om eventuell bruk av tvang. Ved tilsynet var det ingen som kunne gi opplysningar om kva tid barn/unge som ventar på kognitiv utgreiing, vil få tilbod.  

HABU følgjer opp tilvisingar frå kommunane om bruk av tvang, men ventetid på forundersøking og deretter ventetid på kognitiv utgreiing fører til lang saksbehandlingstid og dermed på kva tid kommunen kjem vidare i arbeidet med tilrettelegging av tenestene til den enkelte.

Leiinga er kjent med og har iverksett tiltak for å redusere ventetid på kognitiv utgreiing.

Vi er merksame på at ventetida er på veg ned. Det er likevel barn som er tekne imot for utgreiing som har venta lenge. I fleire av sakene er det ikkje tildelt behandlar og det er uklart kva tid barna vert tekne inn til utgreiing. Det ligg ikkje føre interne retningsliner for prioritering mellom dei som ventar og plan for inntak.

For dei unge som er tilviste med spørsmål om bruk av tvang, kan ventetid på utgreiing medføre at dei ikkje får tilrettelegginga og hjelpa dei skal ha, og at dei vert utsette for uheimla tvang. For dei som ventar på utgreiing av utviklingshemming, kan ventetida ha innverknad på tilrettelegginga, tenestene og oppfølginga frå kommunen. Vi finn at helseføretaket ikkje har nødvendig styring med at barn med utviklingshemming ventar på (ny) utgreiing/vurdering i HABU, får hjelp til rett tid. Etter vår vurdering er dette i strid med krav til styring og kontinuerleg forbetring.

5.  Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Statsforvaltaren peiker på følgjande:

  • Barn med utviklingshemming som er fagleg vurderte til å ha behov for (ny) kognitiv utgreiing i Habiliteringstenesta for barn og unge, ventar langt ut over førespegla tid for inntak. Ved tilsynet kunne ingen opplyse kva tid barna vil få tilbod. Det ligg ikkje føre plan for når barna vert tekne inn til utgreiing. Helse Fonna HF sikrar difor ikkje at barna får hjelp til rett tid.

Dette er brot på: Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten   §§ 6-9, jf. spesialisthelsetjenesteloven §§ 2-2 og 3-4 a.

Forseinka utgreiing og oppfølging av barn og unge med langvarige og samansette behov innverkar på pasienttryggleiken og kan innebere at behandling og eigna tiltak ikkje vert sett inn i tide.

6. Oppfølging av lovbrot

Tilsynet omfattar ein avgrensa del verksemda i HABU. Vi tilrår at Helse Fonna gjer ei vurdering av den samla verksemda i HABU for å identifisere bakanforliggande forhold som medverkar til at barn i målgruppa for tilsynet som etter dykkar faglege vurderingar treng kognitiv utgreiing, får forsvarleg helsehjelp til rett tid.

Vi ber Helse Fonna om å gjere greie for kva de vil gjere for å rette lovbrotet og kva indikatorar de vil bruke til regelmessige målingar/oppfølging over tid for å dokumentere at praksis vert endra og at tiltaka verkar som føresett. I tilbakemeldinga ber vi òg om opplysningar om kva tid de vil setje i verk tiltaka og kor ofte de vil gjere målingar.

Fristen for første tilbakemelding er 20. oktober 2022.

Endeleg rapport vert sendt til Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no.

Helse Vest RHF får etter avtale tilsendt rapporten.

Med helsing

Sjur Lehmann
fylkeslege og avdelingsdirektør

Anne Grete Robøle
fagdirektør

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 23. februar 2022.

Vi har gjennomført samtalar med foreldre til fem barn og unge i målgruppa for tilsynet.

Dato for tilsynsbesøket vart endra frå 26. – 28. april 2022 til 20. – 22. juni 2022.

Tilsynet vart gjennomført ved Habilitering for barn og unge, og innleia med eit kort informasjonsmøte 20. juni 2022. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 22. juni 2022.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Opplysningar i brev av 9. mars 2022 frå Helse Fonna
  • Organisasjonskart Medisinsk klinikk
  • Stillingsbeskriving avdelingsleiar (nivå 3)
  • Stillingsbeskriving funksjonsleiar (nivå 4 klinikk)
  • Funksjonsleiar Habilitering, godkjent 26. januar 2022
  • Fagansvarleg Habilitering, godkjent 18. januar 2022
  • Fagkonsulent Habilitering, godkjent 9. mars 2022
  • Psykolog/psykologspesialist i HABU, godkjent 9. mars 2022
  • Psykolog/psykologspesialist i HABU, godkjent 9. mars 2022
  • Fagkonsulent Habilitering, godkjent 9. mars 2022
  • Tilsette i HABU Helse Fonna
  • Kap 9 prosedyre ved første henvisning
  • Statsforvaltaren i Rogaland si momentliste for sakkunnig uttale frå spesialisthelsetenesta til kommunale vedtak etter hol kap 9
  • Årsrapport for barnehabiliteringsteamet 2021
  • Samarbeidsavtale mellom BUP og HABU Helse Fonna
  • Mål 2022 for Habiliteringsavdelinga
  • Opptrappingsplan Habilitering Helse Fonna 2021 - 2024
  • Oversikt tal på fristbrot behandla og ventande 2020 – juni 2022, ventande ved periodeslutt fordelt på kor lenge pasienten har venta
  • Flytskjema – utgreiingsforløp i HABU
  • Informasjon om sjukemeldingar
  • Sjekkliste – forundersøking
  • Referat frå samarbeidsmøte HABU og BUP

Det vart valt 53 journalar etter følgjande kriterium

  • Barn 0 – 18 år som var tilviste med spørsmål om utviklingshemming og eller som er      utgreidde/under utgreiing i samband med vedtak om bruk av tvang.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her.

Frå Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestland deltok:

  • seniorrådgjevar, Paul Grude , Statsforvaltaren i Rogaland, revisor
  • seniorrådgjevar, Elisabeth Larsen, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • fylkeslege, Rebekka Helle, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • fagdirektør, Anne Grete Robøle, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar