Hopp til hovedinnhold

Vi gjennomførte tilsyn med Vik kommune 1.-2. mars 2023. Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å vareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad.

Statsforvaltarens konklusjon

Vik kommune har ikkje system og rutinar som sikrar at Nav-kontoret varetek barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Dette kan føre til at familien ikkje får den hjelpa dei treng for å sikre barna ein trygg og god oppvekst.

Konklusjonen byggjer på desse delkonklusjonane:  

  1. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at Nav-kontoret dokumenterer relevant kunnskap om barna og barnas situasjon.

    Dette er brot på forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

  2. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at barnetrygda vert halden utanfor ved utrekning av stønad.

    Dette er brot på sosialtenestelova § 18, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

  3. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at at det vert gjort individuelle vurderingar ved utmåling av stønad med utgangspunkt i rettleiande satsar.

    Dette er brot på sosialtenestelova § 18, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

  4. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at det vert teke omsyn til kvart enkelt barn i vurderingane der det er relevant.

    Dette er brot på forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

Vi ber om tilbakemelding om kommunens plan for retting av lovbrotet innan 23.06.2023, sjå kapittel 6 om kva planen skal innehalde. Planen bør vere oppdatert, slik at det går fram kva som er gjennomført og kva som er planen vidare. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål til dette, eller treng lenger frist.

Etter at vi har fått kommunens plan for retting, vil vi ha eit møte med kommunen der kommunens plan for retting er tema, i tillegg til at vi i samråd med dykk vil leggje ein plan for vidare oppfølging og dialog om dette. Vi foreslår at vi har dette møtet 06.07.2023 kl 12-13. Ta kontakt så snart som mogleg dersom dette ikkje passar for dykk, så finn vi eit tidspunkt som passar.

Med helsing

Øystein B. Jacobsen
seksjonssjef

Turid Måseide
seniorrådgjevar

1.  Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å vareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen oppfyller desse krava:

  • Ved søknad om økonomisk stønad må Nav-kontoret kartleggje barnas behov godt nok.
  • Ved behandling av søknader om økonomisk stønad til familiar, må Nav-kontorets vurderingar og avgjerder vere forsvarlege.
  • Nav-kontoret må følgje opp familiar som tek i mot økonomisk stønad, ved behov.

Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at vi har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet, er viktig informasjon for tilsynet.

Vi har som ledd i tilsynet snakka med fem personar som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Vik.

Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn for 2022-23. Det at tilsynet er landsomfattande, betyr at alle statsforvaltarane gjennomfører tilsyn med same tema, og innanfor den fastsette perioden. Formålet med det landsomfattande tilsynet er å skape nasjonal merksemd om området, avdekke svikt og bidra til forbetring. Helsetilsynets rettleiar for tilsynet er publisert på Helsetilsynets nettsider. Tilsynsrapportane frå alle statsforvaltarane og Helsetilsynets oppsummeringsrapportar, vert også publiserte der.

2.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunen oppfyller plikter som følgjer av sosialtenestelova, sjå sosialtenestelova § 9. Tilsynet omfattar også den delen av kommunens internkontroll som skal sikre at kommunen oppfyller dei pliktene som følgjer av sosialtenestelova kapittel 4.

Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med gjeldande lovkrav. Her gjer vi kort greie for dei lovkrava som vart lagt til grunn i dette tilsynet.

Krav til kartlegging

Nav-kontoret skal kartleggje familiens situasjon. Kartlegginga skal omfatte behova til kvart enkelt familiemedlem. Målet med kartlegginga er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i familiar med sosiale problem. Nav-kontoret skal kartleggje familiens behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.

Kommunen pliktar å opplyse saka godt nok før vedtaket blir gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19, saman med § 1, er styrande for kva opplysningar som er nødvendige for å ta avgjerder om økonomisk stønad.

Det kjem ikkje alltid tydeleg fram i ein søknad kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga er å avdekkje behov for stønad og om familien treng anna oppfølging for å oppnå formålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at dei kan søkje om stønad til utgifter utover det som vert dekt av rettleiande livsopphaldssatsar, husleige og straum.

Kva som skal kartleggjast, vil avhenge av familiesituasjonen og familiens hjelpebehov. Nav kan innhente opplysningar munnleg eller skriftleg. Dei opplysningane Nav får munnleg, skal dei skrive ned, jf. forvaltningslova 11 d.

Ved søknad frå ein person som søkjer om økonomisk stønad for første gang, vil det til vanleg vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løpande søknader, er det viktig med jamlege samtalar med brukaren for å sikre at opplysningane vert oppdaterte, og at eventuelt nye behov vert avdekte.

Nav-kontoret må leggje til rette for brukarmedverknad i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg vere utforma i samarbeid med brukaren. Det er viktig at Nav-kontoret som ledd i kartlegginga innhentar informasjon om kva barna treng. Dette skjer til vanleg i samtale med foreldra, men Nav-kontoret kan også på andre måtar få informasjon om kva barna treng.

Nav-kontoret må avtale med familien om dei skal ha kartleggingssamtalane på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.

Ved språkutfordringar er det viktig at Nav-kontoret bruker tolk, slik at brukaren forstår informasjonen frå Nav og får høve til å skildre situasjonen sin på ein måte Nav kan forstå. Manglande bruk av tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar, slik at kartlegginga ikkje vert god nok.

Krav til vurdering og avgjerd

Når Nav-kontoret har kartlagt familiens situasjon godt nok, skal dei vurdere hjelpebehovet og ta stilling til om søkjaren skal få økonomisk stønad, og eventuelt kor mykje. Dersom Nav-kontoret ikkje har kartlagt godt nok, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når dei skal vurdere søknaden og ta avgjerd.

Nav-kontorets vurderingar skal vere konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Det må gå fram at dei har teke omsyn til kvart enkelt barns behov. Nav-kontoret må synleggjere korleis barnets beste er vurdert ut frå familiens situasjon og behov, og det må gå fram korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn i vurderingane.

I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal Nav-kontoret leggje til grunn dei faktiske inntektene og utgiftene som familien har. Frå 01.09.2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd skal haldast utanfor ved vurdering av søknad om stønad til familiar.

Ved vurderinga av hjelpebehovet, skal Nav-kontoret leggje til grunn familiens utgifter til forsvarleg livsopphald. Det går ikkje direkte fram i lova kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen og kravet om forsvarleg livsopphald gjev rettleiing om stønadsnivået.

Statlege og kommunale satsar gjeld berre som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav-kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der dei blant anna tek omsyn til kvart enkelt barn.

Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal dei vurdere om dei bør gje stønad etter sosialtenestelova § 19. Dei må da vurdere konkret om søkjaren treng stønad for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon. Nav-kontoret kan på denne måten fange opp og dekkje ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje vert dekt gjennom sosialtenestelova § 18. 

Det må vere logisk samanheng mellom vurderingane og avgjerda.

Krav til oppfølging

Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Målet er at familien på sikt skal klare seg sjølv, og oppfølginga skal støtte opp under dette.

Kommunane har stor grad av handlefridom med omsyn korleis oppfølging av familiar skal skje. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing som skal bidra til at søkjaren skal klare seg i kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.

Nav-kontoret skal gjennom motivasjons- og endringsarbeid gjere det lettare for familien å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Dette inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje i alle saker er vert gjennomført samtalar.

Nav-kontora skal vareta oppfølgingsplikta si ved at dei gjer vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak, har betydning for heile prosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Nav kan anten gjere eige vedtak etter § 17, eller vedtak etter § 17 saman med vedtak om økonomisk stønad.

Oppfølgingsansvaret etter sosialtenestelova omfattar ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvar for etter sosialtenestelova. Det omfattar ikkje tenester og oppgåver som ligg til andre instansar. På den andre sida vil det ofte vere slik at Nav-kontoret må samarbeide med andre tenester for at oppfølginga skal vere forsvarleg.

Krav til styring og leiing

Krava som gjeld leiing, organisering og styring understrekar kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikt i tenesteytinga kan få store konsekvensar for dei som bruker tenestene.

Kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholda i verksemda.

3.  Framstilling av faktagrunnlaget

Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer med tanke på det som er temaet ved dette tilsynet.

Vik kommune har om lag 2560 innbyggjarar (SSB 2022). Av desse er om lag 500 barn, fordelt på om lag 250 familiar, der om lag 40 familiar er mor eller far med barn. Statistikken viser at Vik kommune i 2020 hadde ein høgare prosentdel barn i husstandar med vedvarande låginntekt, enn det vi hadde i Vestland fylke og i Norge. Talet for Vik kommune var 12,6%, mens det for Vestland fylke var 10%, og for Norge var 11,7% (barnefattigdom.no).

I Vik kommune er Nav ei eining under kommunalsjef for helse- og omsorg. Kommunalsjefen har løpande kontakt med Nav-leiaren, og faste leiarmøte med leiarane i helse- og velferdssektoren ein gong i månaden. Nav-leiaren rapporterer om tal brukarar og økonomi.

Nav-kontoret har i tillegg til minimumsløysinga for kommunale tenester i Nav, ansvaret for Husbankordningar, flyktningtenesta, og parkeringsløyve for funksjonshemma, inntil vidare.

I kontoret er det to tilsette som behandlar saker etter sosialtenestelova, i tillegg til Nav-leiaren, som godkjenner vedtak. Saker vert drøfta i saksmøte, eller i fagnettverket for sosialstønad i Sogn.

Nav Vik bruker saksbehandlingssystemet Socio. I tillegg har kontoret dei statlege systema Gosys og Modia.

Kommunen har ikkje Digisos, men det er på tilsynstidspunktet mogleg å søkje digitalt via kommunens heimesider. Kommunen skal få Digisos i løpet av året.

Kartlegging

Det er sjeldan det kjem søknader digitalt eller i posten, men Nav kan få tilsendt faktura for straum eller husleige og behandle det som ein søknad. Mange søknader kjem munnleg på telefon. Da vert søkjaren bedt om å kome innom kontoret, og saksbehandlarane hjelper dei med skriftleg søknad. Alle får telefonnummeret til saksbehandlarane og kan ringe ved behov.

Det er vanleg at saksbehandlarane snakkar med brukaren før det vert gjort vedtak. Dei bruker som regel telefontolk når det er behov for tolk. Saksbehandlarane bestiller og ordnar med tolk sjølve.

Kontoret har eit kartleggingsskjema, sist revidert 16.12.2017, men det er ikkje brukt i dei sakene vi har sett på. Vi har fått vite at det er lite brukt, eller ikkje brukt i det heile.

Saksbehandlarane kan skrive notat i Socio, men det er vanleg å berre skrive opplysningane inn i vedtaket. Dei skriv som regel den dagen søknaden kjem inn, eller neste dag. Saksbehandlarane opplever at det er dokumentert godt nok til at dei kan overta saker for kvarandre, til dømes ved feriefråvær.

Dei bruker sjeldan heimebesøk som ledd i kartlegging med tanke på sosiale tenester. Saksbehandlarane veit likevel mykje om dei fleste brukarane, fordi dei har ulike roller i Nav-kontoret. Dei kjenner familien godt, fordi dei har kontakt om ulike tenester.

Dei fleste som hadde søkt om sosiale tenester i tidsrommet for tilsynet, hadde flyktningbakgrunn. Sosialtenesta har god oversikt over busituasjonen deira, sidan dei som jobbar med dei sosiale tenestene også har jobba eller jobbar i flyktningtenesta. Dei har hjelpt dei med innflytting og etablering, og følgt dei tett opp den første tida etter innflytting. Saksbehandlarane veit mykje om familiane før dei kjem, og har vedtak om økonomisk stønad klart når dei kjem. Dei følgjer med på korleis dei har det, og ser kva dei treng hjelp til. Dei veit kor mange barn det er i kvar familie, alder og kjøn. Dei veit om barna går barnehage eller skule, og om barna er med på fritidsaktivitetar. Det er ikkje så aktuelt å spørje om barnas situasjon, når familiane er nye. Dei passar på med tanke på ferie, og kan for eksempel hjelpe med søknad til Røde kors.

Ved søknad frå personar utan flyktningbakgrunn, går det ikkje fram at sosialtenesta har oversikt over busituasjonen eller barnas situasjon elles. Ved søknad frå brukarar som ikkje bur saman med barna sine, kan vi ikkje sjå at det vert kartlagt kor ofte eller når dei har samvær med barna.

Fleire av dei fem brukarane vi snakka med i samband med tilsynet, sa at dei ikkje kan hugse at Nav har spurt etter barnas situasjon og behov. 

Vurdering og avgjerd

Det som av saksbehandlarane er vurdert som relevante opplysningar om familiens behov, er med i vurderingane. Det står lite om barna, utover alder og om dei går i barnehage/skule/SFO. Vi har fått vite at dersom det står i ei sak at det ikkje har kome fram opplysningar om at barna treng noko ekstra, betyr det at saksbehandlaren har spurt om dette. Vi har ikkje sett døme på dette. Dersom det kjem konkrete spørsmål om noko til barna, for eksempel sykkel, vert det vurdert.

Nav-leiaren deltek i saksdrøftingane og godkjenner vedtak. Ved intervju har vi fått opplyst at dei følgjer dei statlege rettleiande satsane nokolunde, men ser på kva som er behovet. Sidan levekostnadene har gått opp, gjev dei meir stønad, sidan satsane ikkje er auka. Dei får sjeldan klager, men det hender nokon søkjer to gonger og får når dei søkjer for andre gong, fordi situasjonen deira har endra seg mellom dei to søknadene. Dei har ikkje faste saksdrøftingsmøte, men kan drøfte saker ved behov. Dei har planar om å begynne med faste saksdrøftingsmøte.

Vi kan ikkje sjå at det vert gjort ei individuell vurdering av stønadssatsen. Det går ikkje fram av vedtaket eller dokumentasjonen elles korleis summen til livsopphaldet er fastsett.

Vi har fått vite at det ved søknad frå familiar med meir enn tre barn, vert redusert for stordriftsfordel. Dette vert gjort på den måten at det vert gjeve stønad for tre barn, etter den satsen som gjeld for dei tre eldste barna. Det går ikkje fram i vedtaka at det er slik Nav har kome fram til stønadssummen. Vi har fått vite at dette er fast praksis, og at det ikkje vert gjort vurderingar rundt dette frå sak til sak.

I fleire vedtak har vi sett standardteksten «Nav Vik har i vurderinga teke omsyn til familiens storleik, barnas alder og dei individuelle behova», utan at vi kan sjå at Nav faktisk har teke omsyn til dette i vurderingane. Vurderingane er ikkje dokumenterte, verken i vedtaka eller andre stader. Vi kan derfor ikkje sjå korleis Nav har brukt opplysningar om barna i vurderingane.

Vi har ikkje sett døme på at det er teke omsyn til barnas beste ved utmåling av stønaden. Vi har tvert om sett avslag på søknader om ekstraytingar til klede, utstyr eller aktivitetar for barna, og avslag på søknad om økonomisk stønad til reparasjon av bil, der det går fram at avslaget vil få konsekvensar for barna, utan at det går fram korleis omsynet til barna er vurdert opp mot andre omsyn.

I Vik kommune har dei halde barnetrygda utanfor ved berekning av stønaden sidan før lovendringa.  Det er ikkje heilt avklara i kontoret kva dette betyr i alle samanhengar. Vi har sett døme på avslag på søknad om ekstrayting til sykkel og vinterklede, der det i grunngjevinga er vist til at familien får sosialhjelp og barnetrygd. I ei anna sak er det brukt formuleringa «Barnetrygda vert halden utanfor i vurderinga av inntekta og kan såleis kome barna til gode».

Ved avslag er det alltid vist til både § 18 og § 19, men vi kan ikkje sjå at det er gjort ei reell vurdering av om vilkåra i § 19 er oppfylte. Det vert vist til den vurderinga som er gjort etter § 18. I saker der det er gjeve avslag, går det ikkje fram at barnets beste er vurdert. Vi har fått vite at kontoret i nokre tilfelle gir stønad etter § 19 til å betale gjeld, slik at brukaren får ein betre og meir oversiktleg økonomisk situasjon.

Oppfølging

Flyktningtenesta følgjer opp flyktningar i introduksjonsprogram og arbeidspraksis. Dei får arbeidsretta oppfølging, og Nav har stort fokus på at dei skal bli sjølvberga. Der det er både arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging, vil det gå fram i Modia og Gosys.

Vi har ikkje sett døme på vedtak etter § 17. Vi har ved intervjua fått vite at Nav Vik ikkje gjer slike vedtak, men at dei tilbyr denne typen hjelp. Det kan til dømes handle om økonomi, gjeld, eller heimesituasjonen til brukaren. Vi har sett døme på at brukarar har fått tilbod om oppfølgingssamtale (-ar). Dette vert dokumentert i Socio.

Vi har ikkje sett døme på samarbeid med andre tenester. Vi har fått vite at det er ei saksbehandlaroppgåve å delta i samarbeid med andre instansar, men at dette ikkje er aktuelt med dei familiane som sosialtenesta er i kontakt med no.

Det er spor av oppfølging eller tilbod om oppfølging i om lag 85% av dei sakene vi har sett på.

4.  Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kartlegging

På bakgrunn av det som har kome fram om Nav-kontorets kjennskap til dei familiane som har søkt om sosiale tenester, legg vi til grunn at Nav har ein del taus kunnskap om barna og barnas situasjon, som ikkje vert dokumentert nokon stad. Manglande dokumentasjon av dette, gjer det vanskeleg å sjå om Nav har teke med i vurderinga alle relevante opplysningar som var tilgjengelege for dei på vedtakstidspunktet. Det verkar uavklart kva kunnskap om barna og barnas situasjon som er vurdert relevant for Navs vidare arbeid med familien, og korleis kunnskapen vert brukt.

Vurdering og avgjerd

Det går ikkje fram av vurderingane kva kunnskap om barna og barnas situasjon som er lagt til grunn og brukt i vurderingane. Vi ser ikkje at Nav i alle saker som gjeld stønad til barnefamiliar tek omsyn til kvart enkelt barn i vurderingane, og heller ikkje at det vert gjort individuelle vurderingar ved bruk av rettleiande satsar. Vi saknar vurderingar av barnets beste, i saker der det er relevant å vurdere omsynet til barnet opp mot andre omsyn.

Når det gjeld individuelle vurderingar ved reduksjon for stordriftsfordel, viser vi til brev 18.06.2019 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til Fylkesmannen i Vestland, sjå vedlegg. Praksisen med å redusere for stordriftsfordel automatisk frå og med fjerde barn, er ikkje i samsvar med lova.

Vi har sett døme på vedtak der barnetrygda var rekna med, og formuleringar som er uklare med omsyn til at barnetrygda ikkje skal reknast med. Vi kan på bakgrunn av dette ikkje leggje til grunn at barnetrygda alltid vert halden utanfor ved utrekning av stønad.

Når det i grunngjevinga for vedtaket ikkje er gjort greie for dei konkrete, individuelle vurderingane som er gjort ved behandling av søknaden, er det ikkje mogleg for søkjaren å sjå om Nav har vurdert hjelpebehovet rett, eller fange opp om det er gjort feil i utmålinga. Dette gjer det vanskeleg for brukaren å vareta interessene sine.

Når vurderingane heller ikkje går fram andre stader, til dømes i interne notat, er det heller ikkje ved etterfølgande kontroll av arbeidet mogleg å sjå om vedtaket byggjer på forsvarleg saksutgreiing og skjøn.

Kommunen må også sikre at det ved avslag etter § 18, vert gjort ei reell vurdering etter § 19. Det er ikkje nok å vise til den vurderinga som er gjort etter § 18, sidan vilkåra i dei to paragrafane er ulike. Vurderingane skal vere knytt til vilkåra i den paragrafen som vert vurdert. 

Oppfølging

Vi har høyrt og sett at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtale og/eller samarbeid med andre tenester. I rettleiaren til dette tilsynet står det at det er nok at det anten vert tilbydd samtalar, vert samarbeidd med andre tenester eller er gjort vedtak med heimel i sosialtenestelova § 17. Vidare at dersom vi ikkje finn spor av dette i over 50% av saksmappene, skal vi leggje til grunn at det ikkje vert tilbydd oppfølging.

Kravet om spor av oppfølging er oppfylt, og vi har ikkje merknader knytt til det vi har fått vite om oppfølging av familiar som tek i mot økonomisk stønad.

5.  Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Vik kommune har ikkje system og rutinar som sikrar at Nav-kontoret varetek barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Dette kan føre til at familien ikkje får den hjelpa dei treng for å sikre barna ein trygg og god oppvekst.

Konklusjonen byggjer på desse delkonklusjonane:  

  1. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at Nav-kontoret dokumenterer relevant kunnskap om barna og barnas situasjon.

    Dette er brot på forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

  2. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at barnetrygda vert halden utanfor ved utrekning av stønad.

    Dette er brot på sosialtenestelova § 18, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

  3. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at at det vert gjort individuelle vurderingar ved utmåling av stønad med utgangspunkt i rettleiande satsar.

Dette er brot på sosialtenestelova § 18, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

  1. Kommunen har ikkje system og rutinar som sikrar at det vert teke omsyn til kvart enkelt barn i vurderingane der det er relevant.

    Dette er brot på forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollreglane i kommunelova § 25-1.

6. Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva Statsforvaltaren forventar at kommunen skal gjere for å rette lovbrota.

Vi ber om tilbakemelding om kommunens plan for retting av lovbrotet innan 23.06.2023. Planen skal innehalde:

  • oversikt over kva tiltak som skal gjennomførast for å endre praksis/rette lovbrot
  • fristar for iverksetting av tiltak og evaluering av om tiltaka har verka som planlagt
  • informasjon om kven som er ansvarleg for iverksetting av tiltak og evaluering av tiltaka
  • informasjon om korleis leiinga vil følgje med, for å sikre at kontorets praksis framover er i samsvar med gjeldande lovkrav

Etter at vi har fått kommunens plan for retting, vil vi ha eit møte med kommunen der kommunens plan for retting er tema, i tillegg til at vi i samråd med dykk vil leggje ein plan for vidare oppfølging og dialog om dette. Vi foreslår at vi har dette møtet 06.07.2023 kl 12-13. Dersom møtetida ikkje passar for dykk, ber vi dykk ta kontakt om dette så snart som mogleg.

For å undersøke om tiltaka har resultert i forsvarleg praksis, vil kommunen bli bedt om å utføre ein eigenkontroll. I eigenkontrollen skal kommunen gå gjennom saker og fylle ut eit skjema med spørsmål, sjå vedlegg. Tidspunkt for gjennomføring av eigenkontrollen og kor mange saker kontrollen skal omfatte, vert avtalt i møtet med kommunen.

Kommunen skal sende resultatet av eigenkontrollen til oss, og vi vil på bakgrunn av dette vurdere om det er behov for vidare oppfølging frå vår side. Statsforvaltaren kan i tillegg til kommunens eigenkontroll utføre ein stikkprøvekontroll dersom vi vurderer at det er nødvendig.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 20.12.2022.

Før tilsynet, hadde vi telefonsamtale med fem personar i målgruppa for tilsynet, om deira erfaring med Nav Viks arbeid.

Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss dei to tilsynsdagane. Vi gjekk gjennom dokumentasjon knytt til søknader, vedtak og oppfølging i 17 klientsaker.  

Tabellen under viser kven som vart intervjua, og kven som deltok på sluttmøtet ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

  • seniorrådgjevar Elisabeth Lund-Iversen, revisor
  • rådgjevar Kjerstin Carlsen, revisor
  • seniorrådgjevar Turid Måseide, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk