Hopp til hovedinnhold
Rapport fra Helsetilsynet

Kunnskapsinnhenting om klagesaksbehandlinga til kommunane innan helse- og omsorgstenester

Rapport frå Helsetilsynet 2/2024

Dokumentflyt. Dokumenter flyr fra en grønn mappe til en rød mappe.

Rapport 2/2024 er eit svar på oppdraget i tildelingsbrevet for 2022-2023 frå Helse- og omsorgsdepartementet til alle statsforvaltarane i landet, om å innhenta kunnskap om korleis kommunar som førsteinstans behandlar klagar på vedtak. Helsetilsynet fekk i oppdrag å koordinera kunnskapsinnhentinga til statsforvaltarane, og har no samla inn og systematisert resultata. Kunnskapsinnhentinga vart gjennomført som ei kartlegging hausten 2023, der kommunane sjølv gjorde ei eigenevaluering ved hjelp av eit spørjeskjema.

Kartlegginga viser at fleirtalet av kommunane har system for å halda oversikter og interne fristar for klagesaksbehandling, og at dei fleste klagane har relativt kort saksbehandlingstid. Kommunane rettleier om klagerettar, og fleirtalet av kommunane har rutinar for å hjelpa parten med behov for hjelp med å klaga og for å ta imot munnlege klagar. Fleirtalet av kommunane har også rutinar for vurderingar av barnets beste. Når nokre kommunar derimot ikkje har slike system og/eller rutinar, kan det peika på risikoområde ved korleis kommunane behandlar klagesaker. I rapporten har vi analysert resultata og drøfta mogleg risiko ved dei ulike manglane hos kommunane.

ISBN 978-82-93595-56-4

Kunnskapsinnhenting om klagesaksbehandlinga til kommunane innan helse- og omsorgstenester

Rapport frå Helsetilsynet 2/2024
PDF