Hopp til hovedinnhold
Rapport fra Helsetilsynet

3. Resultat

3.1. Generelt om svara

3.1.1. Mengd svar

Til saman 297 av 370 kommunar/bydelar har svart på spørjeskjemaet. Dette gjev ein svarprosent på 80. Frå Oslo og Rogaland er svarprosenten 100, medan Troms og Finnmark og Møre og Romsdal har lågast svarprosent med 62.

Av dei 297 som har svart, er det 126 små, 99 mellomstore og 72 store kommunar*. Dei 15 bydelane i Oslo inngår blant dei store kommunane, og vil frå no av omtalast som kommunar. Bergen (som også har bydelar) har sendt inn eitt svar for heile kommunen. Av dei 73 kommunane som ikkje har svart, er det 48 små, 18 mellomstore og 7 store kommunar. Tabell med oversikt over mengda svar i kvart fylke og kommunestorleikar er lagd ved (vedlegg 2).

*Vi bruker følgjande kategorisering av kommunar:

  • Små kommunar: < 5000 innbyggjarar
  • Mellomstore kommunar: 5000–19 999 innbyggarar
  • Store kommunar: ≥ 20 000 innbyggjarar

3.1.2. Doble svar

Sju kommunar hadde fylt ut to spørjeskjema, sjølv om vi hadde presisert at kvar kommune skulle svare éin gong. For nokre av desse fekk vi avklart kva for ein av dei to innsende versjonane vi kunne slette, i dialog med kommunen. For andre gjorde vi sjølv ei vurdering av kva versjon av svara vi skulle slette, sidan vi ikkje fekk avklart dette med kommunane innan rimeleg tid. Det vil derfor vere nokre uvisser knytte til desse svara.

Vi sit då igjen med eitt svar per kommune. Vi har likevel teke vare på dei doble svara, i tilfelle dei aktuelle statsforvaltarane vil sjå nærare på dei i ei eventuell seinare oppfølging av kommunane.

3.1.3. Uvisser knytte til svar

Nokre spørsmål og kommentarar om utfylling av spørjeskjemaet, og nokre av svara, kan tyde på at kommunane forstår visse omgrep ulikt, og at dei har ulike måtar å registrere data på i løpet av saksbehandlinga.( Dette kan kome av ulike rutinar og praksis, og ulike system.

Det at kommunane kan ha ulik forståing og ulike måtar å registrere på, gjer at det er nokre uvisser knytte til delar av resultata.

Det vi har sett, som kan tilseie at nokre av funna er usikre:

  • Nokre har, i svar om saksbehandlingstid hos kommunen, rekna med den tida klagesaka ligg hos statsforvaltaren.
  • For spørsmål om saksbehandlingstid for klagar i 2022 og om utfallet i klagesaker i 2022, skulle summen av to eller fleire svar i utgangspunktet ha vore lik svaret for talet på klagar behandla i 2022 totalt. Dette er ikkje alltid tilfelle. Større og mindre avvik ved summering av tal i svaret frå kommunane kan tyde på at tala er feil på ein eller fleire stader.

På bakgrunn av spørsmål og kommentarar vi fekk undervegs, kan vi òg gå ut frå at nokre kommunar kan ha registrert/rekna med alle vedtak som er fatta i 2022, medan nokre berre har rekna med opphavlege vedtak og ikkje inkludert vedtak basert på revurderingar/endringar.

Vi såg også eit døme på at nokon har svart på spørjeskjemaet på vegner av éin del av helse- og omsorgstenesta i kommunen. Det er ein risiko for at fleire kommunar kan ha gjort dette, sjølv om vi presiserte at den som har ansvar for å sende inn skjemaet, skulle samle inn nødvendige opplysningar frå ulike einingar i verksemda i framkant, slik at svara representerer heile helse- og omsorgstenesta i kommunen.

Vi ser generelt at det særleg er der kommunane skulle gje opp eit tal (knytt til vedtak og klagesaker), at det er ein risiko for at ulik forståing/registrering kan gje noko misvisande tal når svara blir lagde saman og blir samanlikna i systematiseringa vår. Dette gjeld særleg for delen klagar og delen klagar som fekk medhald eller ikkje fekk medhald.

3.2. Gjennomgang av resultata

Vi har delt inn resultata etter følgjande hovudfunn, og vil gå gjennom svaret til kommunane i denne rekkjefølgja:

  • Uvisse i talmaterialet om klagar.
  • Dei fleste kommunane held oversikt over vedtak og klagar.
  • Dei fleste klagane hadde saksbehandlingstid under tre månader.
  • Dei fleste kommunane gjev informasjon og rettleiing.
  • Gjev kommunane tilpassa informasjon til dei som treng det?
  • Har kommunane fokus på barnets beste?
  • Kva ser vi av moglege risikoområde?

3.2.1. Uvisse i talmaterialet om klagar

Kommunane vart bedne om å opplyse om talet på vedtak fatta i 2022 og talet på klagar dei tok mot i 2022, slik at vi kunne finne delen klagar på vedtak. Tala vil ikkje gje oss presise svar, då ikkje alle vedtak før årsskiftet vart klaga på same år, og ikkje alle klagar gjaldt vedtak frå inneverande år. Vi har òg teke høgd for at svara kommunane har gjeve, ikkje er nøyaktige. Føremålet var likevel å få eit anslag for kor mange som klagar på vedtak.

Vi bad òg om følgjande tal for 2022: Talet på klagar ferdigbehandla, talet på klagar som har fått medhald (kommunen sende ikkje saka til statsforvaltaren for klagebehandling) og talet på klagar der kommunen har sendt saka over til statsforvaltaren. Dette for å kartleggje kor stor del klagar kommunane gjev medhald, og kor stor del klagar dei ikkje gjev medhald og sender vidare til statsforvaltaren som klageinstans.

Om delen klagesaker, fann vi mellom anna dette:

  • 27 kommunar manglar data (har ikkje opplyst talet på vedtak og/eller klagar)
  • 47 % av kommunane har ein klagedel på 0 %
  • 30 % av kommunane har ein klagedel på 1 %
  • Det er 8 kommunar som har klagedel på 4 % eller meir
  • 1 kommune har ein klagedel på 100 %

Vi manglar data frå 27 kommunar, og nesten halvparten av kommunane har opplyst tal som i utrekningane våre gjev ein klagedel på 0 %. Samtidig har éin kommune opplyst om ein klagedel på 100 %. Vi vurderer på denne bakgrunnen at talmaterialet generelt er usikkert. Men det vi samla sett ser, er at talet på klagar er lågt samanlikna med talet på vedtak. For delen klagesaker ser vi elles at det ikkje er store forskjellar mellom fylke.

Når det gjeld utfall i klagesakene manglar vi data frå opp mot 30 % av kommunane. Det vil seie at desse kommunane ikkje har opplyst om talet på klagar behandla og/eller talet på klagar med dei ulike utfalla. Mange kommunar har opplyst tal som i utrekningane våre gjev 0 % eller 100 % i delen klagar. Små og usikre tal gjer det derfor vanskeleg å få noko klart bilde på kor ofte kommunane gjev medhald eller avslag i klagesakene.

3.2.2. Dei fleste kommunane held oversikt over vedtak og klagar

3.2.2.1. System – vedtak

  • Nesten alle kommunane, 284 (96 %), har fagsystem for å halde oversikt over talet på vedtak som blir fatta.
  • 24 kommunar har manuelle system for å halde oversikt.
  • 8 kommunar (5 små, 1 mellomstor og 2 store) har ikkje noko system.

3.2.2.2. System – klagar

  • Dei fleste kommunane, 241 (81 %), har fagsystem for å halde oversikt over talet på klagar som blir tekne mot og blir behandla til kvar tid.
  • 57 kommunar (19 %) har manuelle system for å halde oversikt.
  • 32 kommunar (16 små, 11 mellomstore og 5 store) har ikkje noko system.
  • 202 kommunar (68 %) hadde fagsystem for å halde oversikt over både vedtak og klager.

3.2.3. Dei fleste klagane vart behandla innan tre månader

3.2.3.1. Litt over halvparten av kommunane har interne fristar for klagesaksbehandling

  • 158 kommunar (53 %) har svart at dei har interne fristar for ferdigbehandling av klagesaker.
  • Dei resterande (139 kommunar, 47 %) har anten svart at dei ikkje har interne fristar eller at dei veit ikkje om dei har det. Blant desse er det 59 små, 46 mellomstore og 34 store kommunar.

3.2.3.2. Dei fleste klagane vart behandla innan tre månader

  • Dei fleste klagane (79 %), hadde ei saksbehandlingstid under tre månader.
  • Talet på klagar med saksbehandlingstider totalt:
    • Mindre enn fire veker: 846 (39 %).
    • Saksbehandlingstid mellom fire veker og tre månader: 869 (40 %).
    • Mellom tre månader og seks månader: 324 (15 %).
    • Mellom seks månader og eitt år: 111 (5 %).
    • Lengre enn eitt år: 29 (1 %).
  • 55 kommunar hadde behandla klagar med saksbehandlingstid på over seks månader. Av desse svarte 27 kommunar at dei ikkje hadde interne fristar for ferdigbehandling av klagesaker eller dei ikkje visste om dei hadde det.

3.2.3.3. Lang saksbehandlingstid kjem av ulike forhold

Dei 55 kommunane som hadde hatt lengre saksbehandlingstid enn seks månader, har opplyst om følgjande årsaker til dette:

Årsaker til lang saksbehandlingstid

Kvifor behandlingstid lengre enn seks månader?

(Fleire moglege svar)

Talet på kommunar

Forhold på kommunen si side

Stor saksmengd hos kommunen/bydelen

32

For lite ressursar/stillingar sette av til saksbehandling

26

Manglande kompetanse hos saksbehandlarar

9

Måten saksbehandlinga er organisert på i kommunen/bydelen

4

Mangelfullt saksbehandlingssystem/malar for vedtaksskriving

1

Forhold på klagar/andre si side

Ventar på avklaring frå fastlege eller andre instansar

35

Forhold hos klagar

25

Avklaring av om klagar har klagerett

6

  • Den oftast oppgjevne årsaka til at saksbehandlingstida var lengre enn seks månader, var at kommunen ventar på avklaring frå fastlege eller andre instansar (35 kommunar).
  • 32 kommunar (3 små, 10 mellomstore og 19 store) svarte at saksbehandlingstid over seks månader kan kome av stor saksmengd hos kommunen.
  • 26 kommunar (6 små, 9 mellomstore og 10 store) svarte at det kan kome av for lite ressursar/stillingar sette av til saksbehandling.

3.2.4. Dei fleste kommunane gjev informasjon og rettleiing

3.2.4.1. Informasjon i løpet av klagebehandlinga

  • Dei fleste kommunane, 250 (84 %) har rutinar for å informere klagar om prosessen med behandlinga av klagen frå han er motteken og til han er avgjort/oversend til statsforvaltaren. 
  • Dei resterande (47 kommunar, 16 %) har ikkje slike rutinar, eller veit ikkje om dei har det. Blant desse er det 8 store kommunar.

3.2.4.2. 3.2.4.2 Rettleiing til part i saka om klagerettar

Tabellen gjev oversikt over kor mange kommunar som har svart at dei gjev rettleiing til part i saka på dei ulike måtane. 

Oversikt over kor mange kommunar som har svart at dei gjev rettleiing til part i saka på dei ulike måtane

(Fleire moglege svar)

Rettleier om moglegheita til å klage på kommunevedtaket

Informerer om at statsforvaltaren er klageinstans

Rettleier om tilgangen til å be om utsett iverksetjing i saker der det er aktuelt

I vedtaket 

289

278

94

I vedlegget til vedtaket

32

29

13

På nettsida til kommunen 

127

104

3

Munnleg i kontakt med parten 

202

181

206

Ved bruk av tolk

86

77

55

Vi rettleier ikkje om dette

1

1

51

Anna – fritekst

1: Veit ikkje

1: Veit ikkje

Mange veit ikkje / har ikkje erfaring med dette. Nokre svarer at dei informerer under klagebehandlinga når det er relevant. 

  • Dei aller fleste kommunane har svart at dei rettleier om moglegheita til å klage på kommunevedtaket og at statsforvaltaren er klageinstans, anten i vedtaket eller i vedlegg til vedtaket.
  • Berre to kommunar har svart at dei ikkje rettleier om klagemoglegheiter / ikkje veit om dei gjer det, og to har svart at dei ikkje informerer om at statsforvaltaren er klageinstans / ikkje veit om dei gjer det.

 

  • Når det gjeld å rettleie om tilgang til å be om utsett iverksetjing, har 94 kommunar svart at dei rettleier i vedtak, 13 har svart at dei rettleier om det i vedlegg til vedtaket og 206 rettleier munnleg i kontakt med parten.
  • 51 kommunar har svart at dei ikkje rettleier om tilgangen til å be om utsett iverksetjing i saker der det er aktuelt.

3.2.5. Gjev kommunane tilpassa informasjon til dei som treng det?

3.2.5.1. Tilpassa informasjon om klagerettar

  • Dei fleste kommunane har svart at dei gjev tilpassa informasjon om klagerettar til sårbare grupper (barn, unge, personar med demens, personar med nedsett funksjonsevne, språksvake/ framandspråklege og liknande) – på ein eller annan måte:
    • 243 gjev tilpassa informasjon munnleg i kontakt med parten.
    • 147 gjev tilpassa informasjon ved bruk av tolk.
    • 57 har universelt utforma informasjon på nettsida til kommunen.
  • 48 kommunar (16 %) har svart at dei ikkje gjev tilpassa informasjon om klagerettar til særleg sårbare grupper. Av desse er det 31 små, 11 mellomstore og 6 store kommunar.

3.2.5.2. Rutinar for å hjelpe part med klage

  • 246 kommunar (83 %) har rutinar for å hjelpe parten ved behov for hjelp med å klage, eksempelvis utforme klagen skriftleg, fylle ut skjema og liknande.
  • Dei resterande 51 kommunar (17 %) har anten svart at dei ikkje har slike rutinar eller at dei ikkje veit om dei har det. Av desse er det 27 små, 12 mellomstore og 12 store kommunar.

3.2.5.3. Rutinar for å ta imot munnlege klagar

  • 192 kommunar (65 %) har rutinar for å ta imot munnlege klagar.
  • Dei resterande 105 kommunar (35 %) har anten svart at dei ikkje har slike rutinar eller at dei ikkje veit om dei har det. Av desse er det 56 små, 27 mellomstore og 21 store kommunar.

3.2.6. Har kommunen fokus på barnets beste?

3.2.6.1. Rutinar for barnets beste-vurderingar

  • 187 kommunar (63 %) har rutinar for vurdering av barnets beste i klagesaker som direkte eller indirekte gjeld barn.
  • Dei resterande 110 kommunar (37 %) har anten svart at dei ikkje har slike rutinar eller at dei ikkje veit om dei har det. Av desse er det 63 små, 33 mellomstore og 14 store kommunar.

3.2.7. Kva ser vi av moglege risikoområde?

3.2.7.1. Risikosvar

Nokre svar på spørsmåla i spørjeskjemaet kan peike på risikoområde ved behandlinga til kommunane av klagesaker. Vi kallar slike svar for «risikosvar», og vi har definert 11 slike totalt. Her er ei oppsummering av kor mange kommunar som gav dei ulike risikosvara:

Oppsummering av kor mange kommunar som gav dei ulike risikosvara

Risikosvar

Talet på kommunar som har svart og kommunestorleik

1. Har ikkje noko system som gjev oversikt over talet på klagar dei får og behandlar til kvar tid

32 (16 små, 11 mellomstore og 5 store)

2. Har ikkje / veit ikkje om dei har interne fristar for ferdigbehandling av klagesaker

139 (59 små, 46 mellomstore og 34 store)

3. Har behandla klagesaker der saksbehandlingstida var lengre enn seks månader

55 (9 små, 16 mellomstore og 30 store)

4. Har ikkje / veit ikkje om dei har rutinar for å informere klagar om prosessen med behandlinga av klagen frå han er teken mot til han er avgjort/oversend statsforvaltaren

47 (30 små, 9 mellomstore og 8 store)

5. Rettleier ikkje om moglegheita til å klage på kommunevedtaket

1 (mellomstor)

6. Rettleier ikkje særskilt om at statsforvaltaren er klageinstans

1 (liten)

7. Gjev ingen informasjon om klagerettar som er tilpassa særlege sårbare grupper

48 (31 små, 11 mellomstore og 6 store kommunar)

8. Har ikkje / veit ikkje om dei har rutinar for å hjelpe parten ved behov for hjelp med å klage

51 (27 små, 12 mellomstore og 12 store)

9. Har ikkje/veit ikkje om dei har rutinar for å ta imot munnlege klagar

105 (56 små, 27 mellomstore og 21 store)

10. Rettleier ikkje om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak i saker der det er aktuelt

51 (24 små, 14 mellomstore og 13 store)

11. Har ikkje / veit ikkje om dei har rutinar for vurdering av barnets beste i klagesaker som direkte eller indirekte gjeld barn

110 (63 små, 33 mellomstore og 14 store)

Vi fann at 139 kommunar (46 %) ikkje har / ikkje veit om dei har interne fristar for ferdigbehandling av klagesaker. Vi såg samtidig at dei fleste klagane (79 %) som vart behandla, hadde ei saksbehandlingstid på under tre månader. Til saman 6 % av klagane hadde ei saksbehandlingstid på lengre enn seks månader, og desse var fordelte på 55 kommunar. Av dei 55 kommunane var det 27 kommunar som ikkje har eller ikkje veit om dei har interne fristar for klagesaksbehandlinga. Vi såg òg at saksbehandlingstid på over seks månader ofte kjem av at kommunen ventar på avklaring frå fastlege eller andre instansar, eller forhold på kommunen si side, som stor saksmengd og/eller for lite ressursar sette av til saksbehandling. Til saman 32 kommunar har ikkje noko system som gjev oversikt over klagane dei får og behandlar.

Vi vil òg trekkje fram at 48 kommunar ikkje gjev tilpassa informasjon om klagerettar til særlege sårbare grupper. Vidare er det 51 kommunar som ikkje har / ikkje veit om dei har rutinar for å hjelpe parten ved behov for hjelp med å klage, og 105 kommunar som ikkje har / ikkje veit om dei har rutinar for å ta imot munnlege klagar. Vi ser at 110 kommunar (40 %) ikkje har / ikkje veit om dei har rutinar for vurdering av barnets beste i klagesaker som direkte eller indirekte gjeld barn.

Ei fullstendig oversikt over kor mange kommunar i kvart fylke som har gjeve dei ulike risikosvara er lagd ved (vedlegg 3). Ut frå denne oversikta ser vi at høgaste delane risikosvar (over 60 %) i fylka, er ved manglande interne fristar for klagebehandlinga (67 % i Troms og Finnmark), klagar med saksbehandlingstid lengre enn seks månader (67 % i Oslo) og ved manglande rutinar for vurdering av barnets beste (66 % i Nordland).

3.2.7.2. Risikopoeng

Når vi har definert 11 moglege risikosvar, kan kvar kommune ha gjeve 0–11 risikosvar totalt. Kvar kommune kan dermed få maks 11 «risikopoeng».

Oversikta under viser kor mange kommunar i kvart fylke som har fått høvesvis 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8 risikopoeng. Ingen kommunar har fleire enn 8 risikopoeng.

Kommunar i kvart fylke som har fått høvesvis 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8 risikopoeng

Talet på risikopoeng

Agder

Innlandet

Møre og Romsdal

Nordland

Oslo

Rogaland

Troms og Finnmark

Trøndelag

Vestfold og Telemark

Vestland

Viken

Totalt

0

6

3

1

5

2

4

1

5

4

6

6

43

1

4

15

7

3

1

8

4

8

4

10

11

75

2

7

15

2

7

3

3

4

6

4

5

13

69

3

4

4

2

13

4

2

3

4

5

6

10

57

4

1

2

2

3

2

1

5

1

3

3

2

25

5

0

0

1

1

2

3

2

0

2

1

1

13

6

0

0

0

0

0

1

2

1

0

1

0

5

7

0

0

1

2

1

0

3

0

0

0

0

7

8

0

1

0

1

0

1

0

0

0

0

0

3

Talet på kommunar i fylket som har svart

22

40

16

35

15

23

24

25

22

32

43

297

  • Flest kommunar har 1 eller 2 risikopoeng (høvesvis 75 og 69 kommunar totalt).
  • 43 kommunar har fått 0 risikopoeng.
  • Totalt 28 kommunar har fått 5 risikopoeng eller meir.
  • 7 kommunar har fått 7 risikopoeng.
  • 3 kommunar har fått 8 risikopoeng.
  • Blant kommunane som har 5 risikopoeng eller meir, er det størst del i:
    • Troms og Finnmark 7/24 (29 %)
    • Oslo 3/15 (20 %)
    • Rogaland 5/23 (21 %)
    • Nordland 4/35 (11 %)