Hopp til hovedinnhold
Rapport fra Helsetilsynet

2. Metode

2.1. Involvering av tredjepartar/høyringsinstansar

Vi har hatt dialog med fleire aktørar i prosessen med å planleggje, utforme og gjennomføre kunnskapsinnhentinga:

  • Kontaktpersonar hos statsforvaltarane (dialog innleiingsvis, høyringsrundar med spørjeskjemaet, dialog i samband med distribuering av spørjeskjemaet og oppfølging av deltakinga til kommunane).
  • Kontaktpersonar i Helsedirektoratet (dialog innleiingsvis og høyringsrunde med spørjeskjemaet).
  • Møte med pasient- og brukaromboda.
  • Brukarrådet i Statens helsetilsyn.
  • Fire pilotkommunar (høyringsrunde med spørjeskjemaet).
  • Organisasjonen til kommunesektoren (KS) – (dialog innleiingsvis og høyringsrunde med spørjeskjemaet).

2.2. Val av metode

Kunnskapsinnhentinga vart gjennomført som ei kartlegging, der kommunane sjølve gjorde ei eigenevaluering ved hjelp av eit spørjeskjema. Metoden vart vald då spørjeskjema er enkelt å distribuere, det vil vere lite rom for tolkingsfeil og uklåre punkt dersom spørsmåla som blir stilte, er presise, og det er lite ressurskrevjande å hente inn svar og samanlikne resultata.

Ein veikskap er at det ikkje gjev oss informasjon utover dei spørsmåla som blir stilte, og innsikta vi får, blir dermed noko avgrensa. Vidare kan eigenrapporteringar til dels vere subjektive, baserte på respondenten sine eigne oppfatningar, og svara vil ikkje nødvendigvis spegle den reelle praksisen i kommunen. Vi har likevel valt ei slik tilnærming for å få ei oversikt over hovudtrekk ved klagebehandlinga. Svaret til kommunane i eigenrapporteringa vil seinare kunne haldast saman med inntrykka og erfaringane til både statsforvaltarane og brukarane. Eigenrapporteringa vil òg kunne ha ein læringseffekt for kommunane.

2.3. Fokusområde og avgrensingar

Riksrevisjonen gav i rapporten sin fleire tilrådingar til HOD, mellom anna å hente inn meir kunnskap om behandlinga til kommunane av rettsklagar. Når det gjeld å sjå nærare på årsakene til manglar i vurderingane til kommunane og årsakene til forskjellar mellom kommunane når det gjeld tildeling av tenester til foreldre med særleg tyngjande omsorgsarbeid, vil ei slik kunnskapsinnhenting måtte innebere ei meir djuptgåande kvalitativ undersøking.

I dialogen med HOD kom vi derfor fram til at vi ville avgrense kunnskapsinnhentinga til: 

  • Korleis kommunane rettleier om klagerettar. 
  • Kor mange klagar kommunane behandlar. 
  • Kor lang tid kommunane bruker på å behandle klagane, og årsaker til lange saksbehandlingstider.  

Desse punkta vil gje eit breitt bilde av klagebehandlinga til kommunane som førsteinstans på dei konkrete områda.

Vi har valt ikkje å avgrense mot type helse- og omsorgstenester, til dømes helse- og omsorgstenester til barn. Vi veit ikkje kor mange klagesaker kommunane behandlar knytte til dei ulike tenestene, og slike avgrensingar i kartlegginga vil derfor kunne gje oss avgrensa data. Ein veikskap ved ikkje å avgrense mot, eller dele kartlegginga inn i ulike tenesteområde, er at vi kan gå glipp av informasjon om moglege nyansar og forskjellar i klagebehandlinga for spesifikke tenestetypar og pasientar/brukarar.

I tillegg til spørsmål om helse- og omsorgstenester generelt, bad vi kommunane om å opplyse om talet på vedtak og klagar om BPA. Grunnen til dette var at statsforvaltarane har meldt frå om ein auke av denne typen klagar, og at svar frå kommunane om BPA kunne gje grunnlag for vidare arbeid ut mot statsforvaltarane. Likevel ser vi at tala vi har fått inn i undersøkinga, ikkje lèt seg bruke til dette føremålet, og vi vil derfor ikkje gå nærare inn på dei i gjennomgangen av resultata.

Riksrevisjonen tilrådde elles HOD å følgje opp at Helsetilsynet legg til rette for ein meir einskapleg praksis mellom statsforvaltarane i behandlinga av rettsklagar. Dette er noko vi følgjer opp uavhengig av, og i tillegg til arbeidet med denne kartlegginga. 

2.4. Gjennomføringa av kartlegginga

Vi har brukt Microsoft Forms (heretter Forms) som verktøy for spørjeundersøkinga. Spørjeskjemaet (i Word-format) er lagd ved denne rapporten (vedlegg 1). 

I tillegg til generell informasjon om kartlegginga, gav statsforvaltarane kommunane følgjande presiseringar og rettleiing for utfylling av spørjeskjemaet:

  • Med klagar meiner vi klagar på avslag / delvis avslag på nødvendige helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstenestelova.
  • Med klagesaksbehandling meiner vi klagebehandlinga til kommunen fram til avgjerd finst hos kommunen, altså fram til klagesaka eventuelt blir send over til statsforvaltaren.
  • Kvar kommune/bydel skal berre svara på eitt spørjeskjema. Dersom vedtak og klagesaker innanfor helse- og omsorgstenesta blir behandla fleire stader hos dykk, må den som har ansvar for å sende inn skjemaet, hente inn opplysningane frå dei ulike stadene i framkant av innsendinga.
  • Leiinga i kommunen/bydelen har ansvar for at spørjeskjemaet blir fylt ut korrekt. Sjølve utfyllinga kan delegerast til ein leiar eller ein tilsett med kunnskap til å gje korrekte svar.
  • Ein versjon av spørjeskjemaet i Word-format blir send over, slik at kommunen/bydelen kan sjå spørsmåla og førebu svara i framkant, før sjølve utfyllinga i Forms. Om spørsmål om talet på vedtak og klagar behandla i 2022, og om saksbehandlingstid: Dersom kommunen/bydelen ikkje har oversikt over aktuelle tal, skal dei ikkje fylle inn talverdiar. Dersom det eksempelvis ikkje har vorte fatta vedtak som etterspurt, skal dei derimot svare 0 (null).

Spørjeskjemaet var klart til utfylling 22. september 2023. Statsforvaltarane sende ut lenkje til spørjeskjemaet og informasjon om kartlegginga til kommunane i løpet av den følgjande veka.

Kommunane fekk i utgangspunktet frist på to veker til å svare på spørjeskjemaet. Vi har hatt eit mål om høg svarprosent (minimum 80 %). Dette føresette at statsforvaltarane purra på kommunane som ikkje hadde svart innan fristen, noko som vart gjort.

Svara vart henta inn i perioden 25. september 2023 til 27. november 2023.