Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Sauda kommune v/Nav Sauda sitt arbeid med dei sosiale tenestene

  • Opplysning, råd og rettleiing, jf. § 17 og
  • Økonomisk stønad, jf. §§ 18 og 19 i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, til unge personar mellom 17 – 23 år.

Tilsynet omfatta mellom anna om kommunen sikrar at dei nemnde sosiale tenestene er tilgjengelege for personar mellom 17 og 23 år. Vidare blei det undersøkt om kommunen sikrar at tildelinga av tenestene er forsvarleg, mellom anna arbeidet med kartlegging, vurdering og beslutning. Det blei og sett på om oppfølginga av brukarane som mottar tenestene er forsvarleg. I tilsynet såg ein og på områda brukarmedverknad og samhandling med andre relevante tenesteytarar.

Det blei funne 2 avvik ved tilsynet.

Avvik 1:

  • Sauda kommune sikrar ikkje at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon om tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til brukarar mellom 17 – 23 år.

Avvik 2:

  • Sauda kommune sikrar ikkje forsvarleg tildeling av tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til brukarar mellom 17 – 23 år.

Lillian K. Gjennestad
revisjonsleiar

Torunn Salte
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nav Sauda i perioden 08., 09. og 16.06.15. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av det landsomfattande tilsynet på området.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med dei sosiale tenestene i Nav-kontora etter lov om sosiale tenester i NAV § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte, og
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sauda kommune har ca. 4700 innbyggjarar. Kommunen har organisert verksemda si i fire områder med kvar sin kommunalsjef. Områda er fellestenester, oppvekst og levekår, teknisk og helse og omsorg. Rådmannen si leiargruppe består av dei fire kommunalsjefane og økonomisjef, personalsjef og beredskapskoordinator. Stabsfunksjonane kommuneoverlege og miljøretta helsevern ligg direkte til rådmannen.

Nav-kontoret er plassert under området helse og omsorg og rapporterer til kommunalsjefen på området. Kommunalsjefen har faste møter med Nav-leiar og dei andre einingsleiarane kvar 3. veke. Det er ikkje faste møter med kvar einskilt einingsleiar, dette blir gjennomført ved trong. I samband med tilsetting av ny Nav-leiar har det vore meir kontakt med vedkommande i starten.

Nav-kontoret i Sauda har i tillegg til minimumsløysinga ansvar for ein del kommunale bustader for vanskelegstilte. I tillegg leiger Nav Sauda bustader på den private marknaden til vidare utleige til rusmisbrukarar som bur i kommunen. Nav Sauda yter og miljøarbeidartenester til vanskelegstilte, med særleg fokus på rusmisbrukarar.

Introduksjonstenesta er og organisert i Nav-kontoret, og Nav Sauda behandlar søknader om startlån.

Det blei tilsett ny Nav-leiar i kontoret den 01.03.15. Leiaren er tilsett i 50% stilling og er og Nav-leiar i Suldal kommune i 50% stilling. Samarbeidsutvalet i Nav Rogaland fatta i møte 17.04.15 vedtak som får følgjer for organiseringa og ansvarsdelinga i kontoret:

På tilsynstidspunktet var det utpeikt ein medarbeidar i Nav Sauda som fungerer for leiar i hennar fråvær. Vidare er det utpeikt to fagleiarar ved kontoret, ein på det kommunale området (sosialtenesta med gjeldande lover og forskrifter) og ein på det statlege området. Det er under planlegging ytterlegare ein fagleiar på det statlege området. Det er utarbeida beskriving av stillinga som fagleiar. Økonomi- og personalansvar ligg hos Nav-leiar.

Like før tilsynet hadde to medarbeidarar i kontoret gått av med alderspensjon. På tilsynstidspunktet var det ikkje tilsett nye personar i desse stillingane.

Nav Sauda har kontormøte ein gong i veka samt vedtaksmøte på sosialtenesteområdet ein gong i veka.

Det blir sagt at kontoret har fokus på ungdommane, og at dei har etablert samarbeid med fleire aktuelle instansar i samband med dette. Oppfølgingstenesta er ein viktig samarbeidspart som det er laga avtale med og som Nav-kontoret har utpeika ein kontaktperson for. Vidare er det eit godt samarbeid med Sauda vidaregåande skule. Her dekkjer m.a. Sauda kommune 10% av ein stilling som miljøarbeidar på skulen. Dette samarbeidsprosjektet er finansiert av folkehelsemidlar, og målet er at utsette ungdomar skal få hjelp til å fullføre vidaregåande opplæring. Her er det og utpeika kontaktpersonar.

Vidare er det faste møte kvar veke med eit prosjekt kalla «AFT 30» (arbeid før 30) som har 6 plassar. Prosjektet er finansiert av Sauda kommune og midlar frå Fylkesmannen, og starta den 01.07.14. Det er midlar til drift ut 2015 med høve for forlenging ytterlegare eitt år. Her har ein høve til å aktivisera ungdom med arbeid medan situasjonen deira blir avklart, og vidare planar blir lagt. Prosjektet «Ung Aktiv» er eit samarbeidsprosjekt mellom Nav Sauda, Nav Suldal og Rysteg, som er ei arbeidsmarknadsbedrift, som gjev tilbod om arbeid med bistand til unge.

Unge som tar kontakt med Nav blir ofte tatt inn til samtale. Det blir nytta tolk ved trong for det, og det blir gitt tilbod om hjelp til å skrive søknader når det trengst. Kontoret innhentar samtykke i samband med innhenting av opplysningar frå andre eller for å kunne samarbeide med andre aktuelle instansar.

På kommunen sine heimesider er det ingen informasjon om dei sosiale tenestene i Nav- kontoret. Denne informasjonen finn ein ved å gå inn på Nav sine heimesider.

Informasjon om tenesta opplysning, råd og rettleiing blir heller ikkje gitt i samtale med brukarar med unntak av økonomisk rettleiing.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 07. april 2015. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 08. juni 2015.

Intervju

6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 16. juni 2015.

I forkant av tilsynet tok Fylkesmannen telefonkontakt med barnevernstenesta i kommunen, helsestasjonen for ungdom, leiar for kommunen sitt koordinerande team, Oppfølgingstenesta og avdelingsleiar v/Sauda vidaregåande skule. Fylkesmannen stilte dei same spørsmåla til alle dei nemnde instansane om dei har/har hatt samarbeid med Nav-kontoret både generelt og på enkelt saksnivå, omfanget av samarbeidet og deira erfaringar med samarbeidet. Svara som blei gitt, er nytta som ein del av Fylkesmannen si vurdering av kommunen sine tenester på det reviderte området.

4. Kva tilsynet omfatta

Temaet for tilsynet var dei sosiale tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad. Målgruppa for tilsynet var unge personar mellom 17 og 23 år.

Tilsynet kontrollerte om kommunen har eit system som sikrar at dei nemnde tenestene er tilgjengelege for unge mellom 17 og 23 år, at tildeling av tenestene er i tråd med lova, og at oppfølginga av dei unge som mottar tenestene er forsvarleg.

Vi kontrollerte om det var informasjon om tenestene på kommunen si heimeside og på Nav- kontoret, og om det var gitt informasjon til samarbeidspartnarar. Vi undersøkte og om det blei lagt til rette for å gi individuell informasjon til dei som tok kontakt med kontoret.

For å kontrollere om kommunen ved sin internkontroll sikra at sakene blei kartlagt og individuelt vurdert før vedtak blei fatta, gjekk vi gjennom saksdokument og journalar på 14 unge brukarar i målgruppa. I tillegg har vi gått gjennom tilsendte styringsdokument og intervjua tilsette og leiarar.

Rapporten omhandlar berre ein del av Nav Sauda si verksemd, og han gir difor ikkje ei samla vurdering av dei sosiale tenestene ved Nav Sauda.

5. Funn

Det blei avdekka 2 avvik under tilsynet.

Avvik 1:

Sauda kommune sikrar ikkje ar det blir gitt tilstrekkeleg informasjon om tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til unge mellom 17 og 23 år.

Avvik frå følgjande lovkrav:

Lov om sosiale tenester i Nav §§ 17, 18 og 19, jf. §§ 4 og 5 og forvaltningsloven § 11

Avviket byggjer på:

  • Kommunen har ikkje sikra at det blir gitt generell informasjon om tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til unge mellom 17 og 23 år. Det er ingen informasjon om dei sosiale tenestene på kommunen sine heimesider og det fins ikkje informasjonsmateriell i kontoret sitt mottak.
  • Kommunen gir ikkje informasjon om tenesta opplysning, råd og rettleiing til personar mellom 17 og 23 år som tar kontakt med Nav-kontoret med unntak av økonomisk rådgjeving.

Avvik 2:

Sauda kommune sikrar ikkje forsvarleg tildeling av tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til brukarar mellom 17 og 23 år.

Avvik frå følgjande lovkrav:

Lov om sosiale tenester i Nav §§ 17,18 og 19, jf. §§ 4 og 5.

Avviket byggjer på:

  • Behov for opplysning, råd og rettleiing blir ikkje kartlagt og tilbydd med unntak av økonomisk råd og rettleiing
  • I fleire saker om økonomisk stønad er det ikkje dokumentert at det er føretatt tilstrekkeleg kartlegging
  • Det går ikkje fram av vedtak eller annan dokumentasjon kva fakta som er lagt til grunn for avgjerda
  • Kommunen har ikkje rutinar/prosedyrar på det reviderte området som sikrar forsvarleg saksbehandling
  • Nav-kontoret har ikkje eit system for å melde avvik på det reviderte området
  • Kommunen sitt system for å melde avvik er ikkje implementert i Nav-kontoret og det blir ikkje meldt faglege avvik

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga pålegg kommunen å ha styring og kontroll med tenestene. Det betyr at leiinga i kommunen må sikre at verksemda som Nav Sauda driv etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, er i samsvar med krava i lov og forskrift.

Krava til styring og kontroll inneber mellom anna at kommunen skal avklare ansvar, utarbeide naudsynte rutinar og instruksar, og sørgje for at dei tilsette har naudsynt kompetanse. Kommunen skal og sørgje for at sårbare område i tenesteytinga blir avdekt, og at feil blir fanga opp, slik at svikt kan rettast og førebyggjast. Kommunen må og følgje med på at rutinar og instruksar blir følgt opp og at internkontrollen fungerer som føresett.

Sauda kommune nyttar Compilo (tidlegare Kvalitetslosen) som sitt internkontrollsystem. Her skal alle avvik meldast. Dei tilsette i Nav-kontoret har tilgang til systemet og har for ei tid tilbake fått opplæring i systemet. Systemet har ikkje blitt brukt, og avvik har blitt meldt i det statlege systemet. Det er no planlagd ny opplæring av dei tilsette i det kommunale systemet som skal nyttast framover. I samband med dette arbeidet har tilsynet tilrådd at ein drøftar når det skal meldast avvik på dei kommunale tenestene som ligg i Nav-kontoret, og kva som kan/blir rekna som avvik på det faglege området.

Med omsyn til organisering, styring og kontroll er Nav Sauda no inne i ei omstilling som følgje av tilsetting av ny Nav-leiar. Det kom tydeleg fram under tilsynet at det var fleire sårbare område bl.a. som følgje av manglande nedfelte rutinar/prosedyrar og uklåre ansvarstilhøve. Det var på tilsynstidspunktet sett i gang eit arbeid med å utarbeid rutinar på området. Vidare var det starta opp eit arbeid med å kartleggje dei tilsette sin kompetanse samt trong for kompetanse i høve til dei ulike arbeidsoppgåvene.

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • Forskrift til forvaltningslova (forvaltningsforskrifta)
  • Lov om arbeids- og velferdsforvaltninga (arbeids- og velferdsforvaltningslova)
  • Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Rundskriv til Lov om sosiale tenester I Nav, Hovednr. 35

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart over kommunen
  • Organisasjonsoversikt over Nav Sauda som viser ansvar og oppgåver
  • Delegasjon av mynde frå rådmann/kommunalsjef til Nav-leiar og vidare delegasjon til rettleiarar
  • Oversikt over tilsette v/Nav-kontoret med namn, stilling, stillingsstorleik, utdanning og arbeidsoppgåver på området
  • Samarbeidsavtale mellom Sauda kommune og Nav fylke
  • Årsmelding

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Dokumenter knyta til 14 brukarar med søknader, vedtak, journalnotat m.m.
  • Beskriving av rolle for fagansvarleg/teamkoordinator i Nav Rogaland
  • Protokoll frå MBA møte 27.03.15 angåande nye rollar og ansvarsområder ved Nav Sauda
  • Program for felles HR dag ved Nav Sauda

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • E-post med tilleggsinformasjon om aktuelle samarbeidspartar i høve til målgruppa for tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikke publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Gunn Idland, revisor, Torunn Salte, revisor og Lillian K. Gjennestad, revisjonsleiar.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

Tilsynsrapporter fra hvert enkelt tilsyn

Søk