Hopp til hovedinnhold

Offentligheit i Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn er eit fagleg uavhengig tilsynsorgan som rapporterer til Helse- og omsorgsdepartementet i helse- og omsorgssaker, til Arbeids- og inkluderingsdepartementet i saker om sosiale tenester og til Barne- og familiedepartementet i saker om barnevern.

Helsetilsynet skal sjå til at krava myndigheitene stiller til helse- og sosialtenestene blir følgde og at dei tenester som blir ytt er forsvarlege.

Resultata frå tilsynet blir offentlegjort på nettsidene våre. Vi praktiserar meiroffentlegheit, det vil seie at vi prøver å vere mest mogeleg opne for innsyn frå omverda.

Publikasjonar og dokument som er offentlege er: 

  • Tilsynsrapportane frå systemrevisjonar som statsforvaltarane har utført, blir lagde ut på nettsidene til Statens helsetilsyn når rapporten er oversendt verksemda.
  • Oppsummeringsrapportar frå landsomfattande tilsyn blir publisert i serien Rapport fra Helsetilsynet. Rapportane blir oversendt med brev til ansvarleg departement og lagde ut på nettsidene våre.
  • Kartleggjingar blir publisert anten i Rapport frå Helsetilsynet eller i Internserien. Også kartleggjingar i Internserien kan bli publisert på nettstaden. Kartleggjingane blir oversendt med brev til ansvarleg departement. Utlevering av grunnlagsmateriale til kartleggingsrapportar blir vurdert frå sak til sak.
  • Tilsynssaker inneheld i dei fleste tilfelle pasientopplysningar som er underlagt teieplikt. Tema i saka vil gå fram i postjournalen, men det gjeld ikkje der grunnlaget i saka er knytta til personlege forhold hos det påklaga helsepersonellet. Vedtaket i ei sak vil ein normalt kunne få i kopi, med sladda opplysningar om pasientar eller personlege forhold knytta til helsepersonellet. Dersom teksten etter sladding gir eit misvisande inntrykk av saka, eller dei opplysningane som er sladda er den mest vesentlege delen av dokumentet, vil vi kunne halde tilbake heile dokumentet. Ei rekkje anonymiserte vedtak er å finna på nettsidene våre.
  • Klagesaker etter pasientrettslova og andre helselover blir avslutta ved vedtak frå statsforvaltaren. I desse sakene vil det normalt vere teiepliktige pasientopplysningar.
  • Klagesaker etter sosialtenestelova blir avslutta ved vedtak gjort av statsforvaltar. I desse sakene vil det normalt vere teiepliktige klientopplysningar.
  • Pålegg gitt av Statens helsetilsyn etter helsetilsynsloven og andre helselover. Brev i desse sakene vil i dei aller fleste tilfelle vere offentlege og bli publisert på nettstaden. Pålegg statsforvaltarane gir etter sosialtenestelova kan innehalde teiepliktige klientopplysningar, men vil som regel vere offentlege.

Bestilling av dokument

Alle har rett til å bestille eit kvart dokument som er kome til eller er sendt frå Statens helsetilsyn. Alle bestillingar skal identifisere tydeleg kva dokument det blir søkt innsyn i, anten ved at bestillar opplyser om saksnummer og dokumentnummeret eller gir konkrete opplysningar om kven og kva saka gjeld.

Etter offentleglova skal krav om innsyn avgjerast utan ugrunna opphald. NHN dokumentasjonsforvaltning (arkiv) sender bestillinga til rett avdeling same dag, og dokumentet vil bli sendt frå avdelinga, til vanleg i løpet av fem virkedagar per faks, e-post eller som brev.

Bestillingar kan gjerast via: 
Brev: NHN dokumentasjonsforvaltning (arkiv), Statens helsetilsyn, Postboks 231, Skøyen, 0213 OSLO

Bestilling via eInnsyn

Statens helsetilsyn er tilknytta eInnsyn. Det går vanlegvis fire dager frå eit dokument og notat er journalført til dei er søkbare i eInnsyn. Tidvis kan vi vere på etterskot med utgåande brev. eInnsyn inneheldt bestillingsmogeleghet for dokument. Statens helsetilsyn legg ikkje ut sjølve dokumenta. Mange dokument vert og publisert her på heimesida.

Søk på Statens helsetilsyn i eInnsyn, sortert etter publiseringsdato

Bestilling ved frammøte

Journalistar og andre som ønskjer innsyn i offentlege journalar ved personleg frammøte, må kontakte NHN dokumentasjonsforvaltning (arkiv) i god tid på førehand for å gjere avtale.

Klage på avslag

Avslag på krav om innsyn i eit dokument vil bli meldt skriftleg, jf. offentleglova § 31. I brevet blir det opplyst om kva heimel som ligg til grunn for avslaget og kor klage skal sendast.

Annan service

Spørsmål som gjeld Statens helsetilsyn sine publikasjonar kan rettast til biblioteket vårt, e-post: .

Se også

Eksterne lenker