Hopp til hovedinnhold

Karl Evangs pris for fortenestefullt helseopplysningsarbeid er i dag tildelt tidlegare overlege, dr.med. Andreas Skulberg sen. Bedømmingskomiteen seier i si grunngjeving for tildelinga at Skulberg er nestor for førstehjelp og ulukkesførebyggande arbeid i Noreg, og 74 år gamal er han framleis ein utøvande kapasitet på området. Han har inspirert og inspirerar helsepersonell, andre yrkesgrupper og frivillige organisasjonar til hjelpeinnsats i nødsituasjonar.

Som ung lege var Skulberg i Korea i 1953, og seinare har han vore knytta til anestesiavdelingane i Fredrikstad, på Rikshospitalet og ved Ullevål sjukehus, sidan 1960 i overordna stillingar. Då Norsk Førstehjelpsråd vart etablert i 1976, var Andreas Skulberg med frå. starten. Gjennom Norsk Førstehjelpsråd tok han initiativ til og leia arbeidet med å utarbeide eit strukturert opplegg for førstehjelpsundervisning i grunnskulen. Han har og vore med å utforme eit eige førstehjelpsopplegg berekna på pensjonistar. Skulberg står og sentralt i utarbeidinga av faglege normer og praktisk opplæring av befolkninga når det gjeld rask og riktig hjelp ved plutseleg og uventa hjartestans. Vidare har han vore aktiv i opplysningsarbeidet i aksjonar mot drukningsdød.

Prisen på 35 000 kroner vert overrekt ved ei tilstelning i Helsetilsynet i dag der m.a. helsedirektør Anne Alvik helsar prisvinnaren. Leiaren i bedømmingskomiteen, redaktør Magne Nylenna, står for prisoverrekkinga. I bedømmingskomiteen for Karl Evangs pris for fortenestefullt helseopplysningsarbeid sit elles Leif E. Aarø, Sylvi Leander og Marit Christie. Det var i år totalt 9 framlegg til prisvinnarar, og framlegget på Andreas Skulberg sen. kom frå Norsk Førstehjelpsråd.