Helsetilsynet

Karl Evangs pris for fortenestefullt helseopplysningsarbeid for 1999 vert i morgon tildelt helsesøster Nina Misvær, Bærum. Ho får prisen for sitt mangesidige helseopplysningsarbeid gjennom femten år, og bedømmingskomiteen har lagt særskilt vekt på hennar mange innslag i "God morgen, Norge" i TV2 som døme på god helseopplysning. Prisen, som er eit reisestipend på 35000 kroner, vert overrekt av helsedirektør Anne Alvik ved ei tilstelling i Statens helsetilsyn.

Sida 1985 har Nina Misvær vore forfattar og medforfattar for ei rekkje brosjyrar, hefte og bøker om barns helsetilhøve, og det siste året har ho hatt faste innslag som helsesøster i "God morgen, Norge" med aktuelle tema for småbarnsforeldre. Bedømmingskomiteen er kome fram til at Nina Misvær har gjort og gjer ein innsats langt ut over det ein kan vente, at ho handsamar viktige tema og når ut til mange. Dette er fyrste gong Karl Evangs pris er gjeve til ei helsesøster, og bedømmingskomiteen seier at prisutdelinga og er ein honnør til heile yrkesgruppa.

Nina Misvær er 45 år, og etter avslutta sjukepleier- og helsesøsterutdanning har ho og teke pedagogisk utdanning og gjennomførd diplomstudium ved Nordiska Hålsovårdhogskolan. Ho har brei yrkesbakgrunn som sjukepleiar, høgskulelærar og helsesøster og er no soneleiar i Bærum kommune. Det er Norsk Sykepleierforbunds landsgruppe av helsesøstre som gjorde framlegg om Nina Misvær.

Bedømmingskomiteen for Karl Evangs pris hadde i år åtte kandidatar til vurdering. I komiteen sit redaktør Magne Nylenna, professor Leif Edvard Aarø, journalist Sylvi Leander og rådgjevar Marit Christie.