Helsetilsynet

Karl Evangs pris for fortenestefullt helseopplysningsarbeid for 2000 vert måndag den 23. oktober 2000 tildelt sjukehusprest Steinar Ekvik, Bærum.

Ekvik får prisen for sin uvanlege evne til å få kontakt med menneske om vanskelege tema som sorg og sorgarbeid. Han har gjennom bøkene sine, og gjennom mange hundre kurs, seminar og foredrag gjeve bidrag til at skuler, barnehagar, helseinstitusjonar, frivillige organisasjonar og kommunar har laga planer for og er førebudde på situasjonar der dei kan møte barn og unge i sorg.

Komiteen for Karl Evangs Pris er kome fram til at Steinar Ekvik har gjort og gjer ein innsats langt ut over det ein kan vente, at han handsamar viktige tema og når ut til mange. Det er fyrste gong Karl Evangs pris er gjeve til ein prest, og komiteen vil med dette på nytt markere at helsefremjande arbeid også må utøvast av andre yrkesgrupper enn tradisjonelle helsepersonellgrupper.

Steinar Ekvik er 45 år. Etter teologisk embetseksamen i 1978 har han hatt sitt virke som kapellan i Kråkstad og Haslum kyrkjelydar fram til 1997. Innimellom har han teke vidareutdanning i konfliktløysing, arbeidsleiing og samarbeid, og pastoral klinisk vidareutdanning, i Noreg og i USA. Han har no stilling som leiande sjukehusprest ved Det Norske Radiumhospital. Steinar Ekvik har vidare et breitt forfattarskap og har skrive eller gjeve bidrag til sju bøker med tema om sorg og sorgarbeid blant ulike aldersgrupper.

Komiteen for Karl Evangs pris hadde i år sju kandidatar til vurdering. I komiteen sit redaktør Magne Nylenna, professor Leif Edvard Aarø, journalist Sylvi Leander og rådgjevar Marit Christie.