Helsetilsynet

Asbjørn Kjønstad

Professor dr. juris Asbjørn Kjønstad ved Universitetet i Oslo ble 23. oktober 2007 tildelt Karl Evangs pris for 2007 under det årlege Evang-seminaret. Kjønstad får prisen for sin rettsvitenskaplege pionerinnsats innan sosial- og velferdretten. Særleg har komitéen lagt vekt på arbeidet hans med å oppnå velferd og rettstryggleik for dei svakaste gruppene i samfunnet. I tillegg har priskomitéen lagt vekt på Kjønstad sin innsats i arbeidet med lovgjeving mot tobakkskader.
 
Kjønstad har utført eit særs viktig nybrottsarbeid. Ved sida av det vitskaplege arbeidet har Kjønstad bidratt meir enn vanleg i den offentlege utgreiingsverksemda. Gjennom forsknings- og utgreiingsverksemd har Asbjørn Kjønstad gitt uvurdelege bidrag i utviklinga av eit stort og livskraftig miljø i trygde-, helse- og sosial- og velferdsrett på universiteta, høgskulane og innan offentleg forvalting.