Hopp til hovedinnhold

Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenestene i Statens helsetilsyn har ansvaret for:

  • planlagt tilsyn med barnevern, sosiale tenester i NAV, spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta
  • tilsyn etter folkehelselova
  • opplegg for og styring av landsomfattande tilsyn (LOT)
  • utviklingsarbeid/prosjekt og harmonisering av tilsyn, metodeutvikling
  • tilstandsvurdering og kunnskapsproduksjon, samanstilling og analyse av data
  • oppsummering og samanstilling av tilsynsrapportar
  • Tilsynsskolen
  • beredskap i kommune- og spesialisthelsetenesta, kriseberedskap, jf. pandemi, tilsyn etter smittevernlova
  • tilsyn med helseregister
  • tilsyn med petroleumsverksemda
  • tilsyn med Justisdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap
  • tilsyn med norskleda helsetenester til norsk personell i militære operasjonar i utlandet
  • tilsynssaker og klagesaker innan barnevern og sosiale tenester – støtte og drift til statsforvaltarane

Avdelinga har også ansvar for styring av, og støtte til, statsforvaltarane sitt arbeid innanfor sitt område.

Avdelinga har ansvar for Helsetilsynet sin jamlege kontakt med dei regionale helseføretaka (RHF-a), KS, Universitets- og høgskolerådet si fagstrategiske eining for helse- og sosialfagutdanningar (UHR-HS), Dekanmøtet, Barne- og familiedepartementet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV), og kontakt om samordning av tilsyn med kommunane. Internasjonalt: EPSO (European Partnership for Supervisory Organisations in Health Services and Social Care) og SINC (Supervision and Regulation Innovation Network for Care).

Avdelinga blir leda av avdelingsdirektør Børge Tomter.