Karl Evang-prisen for å gje born og unge ei røyst
Landsforeningen for barnevernsbarn og Forandringsfabrikken deler i år på heideren ved å bli tildelt Karl Evang-prisen for arbeidet for at born og unge skal få bruke røysta si i samfunnet og bli høyrde i saker som gjeld dei sjølve.
Landsforeningen for barnevernsbarn
Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) er både ein interesse- og medlemsorganisasjon, og har vore aktiv i ulike fora for å fremje barnvernsborna si interesse, og har arbeidd med fleire prosjekt for og med barnevernsborn. Organisasjonen byggjer på erfaringskunnskap og bidrar med denne i arbeidet for eit stadig betre og meir høveleg barnevern i Noreg. Organisasjonen si oppgåve er å sikre denne kunnskapen og å forvalte og formidle han på best mulig måte til omverda.
LFB synleggjer ei gruppe som i liten grad har vore synlege i det offentlege ordskiftet tidlegare. Dette har vore med på å fjerne fordommar mot barnevernet og har medverka til at rettstryggleiken for borna har auka. Gjennom dette arbeidet medverkar Landsforeningen for barnevernsbarn til eit betre barnevern.
Forandringsfabrikken
Den andre prisvinnaren, Forandringsfabrikken, har i meir enn ti år arbeidd for born og unge innan barnevernet, skulen og organisasjonslivet. Forandringsfabrikken legg til rette for at ungdom kjem i direkte kontakt med makta og soleis kan gje dei svar på korleis systema bør endrast. Dei har utvikla arbeidsmåtar som engasjerer og motiverer barn, unge og vaksne, og samarbeider ofte med departement, kommunar, verksemder, organisasjonar og institusjonar. Dette har gjort dei til ein viktig agent for å endre haldninga til barn som verkelege meiningsberarar og aktørar i samfunnet.
Forandringsfabrikken har utvikla ein filosofi og ein kreativ, deltakande metodikk for endring.Vørdnad er den viktigaste verdien i endringsfilosofien dei nyttar. Forandringsfabrikken har vist at dei arbeider langsiktig, har gjennomføringsevne og går inn i vanskelege tema for samfunnet.
Karl Evang-prisen
Karl Evang-prisen er på kr 50 000. Den blir årleg delt ut til ein person eller organisasjon som har gjort ein særskild og framifrå innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale tilhøve knytta til denne, rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenestene, eller opplysningsarbeid og deltaking i samfunnsdebatten om viktige spørsmål på desse områda. Det blir lagt vekt på at dei som får prisen har ytt ein innsats ut over det som er forventa.
Komiteen som deler ut prisen er oppnemnd av Statens helsetilsyn.
Medlemmene er:
Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar), journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad, professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim, høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet høgskole, seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.
Kontaktperson:
Kommunikasjonsdirektør Nina Vedholm, mob.nr. 95 88 72 21