Ny assisterande direktør og kommunikasjonsdirektør i Helsetilsynet
Helsetilsynet har tilsett Trude Rikstad-Nilsbakken som ny assisterande direktør og Siri Bentserud Wingerei som ny kommunikasjonsdirektør.
Trude Rikstad-Nilsbakken er utdanna statsvitar, er 54 år og arbeider i dag som avdelingsdirektør i Forsvaret. Ho har lang og tung leiarerfaring, og har bakgrunn frå ulike stillingar hos statsforvalteren i Finnmark, blant anna som stabssjef. Rikstad-Nilsbakken vil starte arbeidet i Helsetilsynet rundt årsskiftet.
- Eg ser fram til å møte dei tilsette og til å starte i jobben som del av leiarteamet i Helsetilsynet, sier Rikstad-Nilsbakken.
Siri Bentserud Wingerei er også utdanna statsvitar og kjem frå stillinga som kommunikasjonssjef i Riksrevisjonen. Ho har tidlegare mellom anna arbeidd på Stortinget med kommunikasjonsoppgåver. Bentserud Wingerei tiltrer jobben som kommunikasjonsdirektør i Helsetilsynet medio februar.
- Helsetilsynet har eit samfunnsoppdrag som betyr noko for folk, og det motiverer meg. Etter sju år i Riksrevisjonen har eg sett kor mykje det betyr at kommunikasjonen i og frå kontrollorgan er open, lett å forstå og basert på solide fakta. Det skapar tillit. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva, bli kjent med tilsynet og bidra til å vidareutvikle kommunikasjonsarbeidet, seier Wingerei.