Helsetilsynet

forsidebilde rapport 1 2014

Oppsummering av satsinga på tilsyn med helse- og omsorgstenester til eldre 2009–2012

PDF

Oppsummering av satsinga på tilsyn med helse- og omsorgstenester til eldre 2009–2012

epub

Artikkel 1 Satsinga på tilsyn med tenester til eldre – frå risikoinformasjon til plan til resultat

PDF

Artikkel 2 Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010–2012

PDF

Artikkel 3 Kva er godt tilsyn? Utprøving av ulike tilsynsformer

PDF

Artikkel 4 Ekstra tilskotsmidlar – ei vitamininnsprøyting for tilsynsarbeidet

PDF

Artikkel 5 Ja – tilsyn verkar!

PDF

Čoahkkáigeassu

Statens helsetilsyn og fylkesmennene hadde i 2009–2012 ei større satsing på tilsyn med tenester til eldre. I 2010 og 2011 blei det gjort meir enn 500 tilsyn i 325 kommunar. Med ulike tilnærmingsmåtar undersøkte fylkesmennene ulike delar av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. I 2011 blei det gjort om lag 45 tilsyn med behandlinga av eldre med hjerneslag og hoftebrot i spesialisthelsetenesta.

Fylkesmennene og Statens helsetilsyn fekk i same periode ei årleg ekstraløyving på fire millionar kroner som medverka til ytterligare styrking av satsinga – og av tenestene.

Satsinga har utløyst eit stort engasjement hos fylkesmennene både i planlegging og gjennomføring. Denne sluttrapporten gir ei samla oversikt over alle aktivitetane som har vore gjennomførte innanfor denne satsinga.

Rapporten er bygd opp som ei samling med artiklar. Artiklane gjer greie for funn og erfaringar frå tilsyn og skildrar ulike arbeidsformer og tilnærmingsmåtar som tilsynsorganet har brukt i satsinga. Artikkelsamlinga bør vere interessant både for Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, fylkesmennene, andre tilsynsorgan og leiarar i helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn håper artiklane kan stimulere til samtalar og diskusjonar hos tenesteleverandørar om kva som skal til for å byggje bærekraftige tenestetilbod til skrøpelege eldre. Vi håper at rapporten også kan medverke til ein opplyst og nyansert debatt om tilsyn som bidrag til forbetringsarbeid i helse- og omsorgstenesta. For Statens helsetilsyn og fylkesmennene har satsinga gitt erfaringar som utfordrar til vidare utvikling av tilsynsarbeidet.