Helsetilsynet

Kvifor dette tilsynet?

Fylkesmennene i landet gjennomførte i 2019 tilsyn med korleis kommunane varetek det tilsynsansvaret dei har med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.  Statens helsetilsyn vil publisere ei meir dekkjande samanstilling av funna våren 2020.

Eigarar og leiarar av barnehagar og skular har ansvar for inne- og utemiljøet til barna og dei unge.

Det fysiske utemiljøet i barnehagar og skular skal utformast slik at det er trygt, og slik at alle barn får gode moglegheiter til å ta aktiv del i leik og andre aktivitetar. Når ein legg til rette det fysiske miljøet, må ein ta omsyn til at barn i ulike aldrar og med ulikt ferdigheitsnivå skal bruke dei same areala.

Det fysiske innemiljøet i barnehagar og skular er summen av inneklimaet og kor funksjonell bygningen er. Det vil seie at temperatur, luft, lyd og lys skal ha god kvalitet, og at bygget og romma skal vere eigna. Eit godt innemiljø er ein vesentleg føresetnad for barnehagebarna og elevane si helse, trivsel, utvikling, leik og læring.

Folkehelselova pålegg kommunane å kontrollere, gjennom tilsyn, at eigarar og leiarar varetek ansvaret for leike- og læringsmiljøet til barn og unge. Tilsynsansvaret til kommunen femner om alle barnehagar og skular som ligg i kommunen, anten dei er kommunale, fylkeskommunale eller private. Dagens ordning inneber at kommunen ofte har ei dobbeltrolle, ettersom dei både eig og driv barnehagar og skular, og skal føre tilsyn den same staden. Folkehelselova har derfor særlege føresegner om at dei som skal vareta tilsynsoppgåva skal ha delegert mynde til dette. Dei må vere organiserte på ein slik måte at dei har ei tydeleg uavhengig rolle i høve til verksemdene som det skal førast tilsyn med.

Tilsynet skal vidare utførast jamleg og basert på risikokunnskap, og avdekte lovbrot skal følgjast opp heilt til dei er retta.

Fordi mange kommunar sjølve har meint at dei har hatt for lite kompetanse og ressursar til arbeidet med miljø og helse i barnehagar og skular, har det frå sentralt statleg hald, i samarbeid med fylkesmennene, vore gjennomført eit landsdekkjande opplæringsprogram for å auke kompetansen og interessa for følgjene av helseskadeleg innemiljø. I det landsomfattande tilsynet fylkesmennene utførte i 2019 er det sett enda meir fokus på arbeidet med miljø og helse i barnehagar og skular, og på kor viktig ordninga med tilsyn er for at barnehagebarn og elevar skal få ein god oppvekst. Spørsmålet i fylkesmennene sine undersøkingar har vore om tilsynsarbeidet i kommunane blir utøvd i tråd med krava i folkehelselova, slik at dårleg inneklima og andre miljømessige forhold som er ulovlege, blir retta.

Lite systematisk og risikobasert tilsynsarbeid

Kommunen skal syte for at tilsynet blir utført på grunnlag av kunnskap om svikt og fare for kva som kan gi helseskade hos barn og elevar. Kommunen skal velje verksemder og tema for tilsyn med utgangspunkt i mellom anna lokalkunnskap om kvar einskild barnehage og skule, og kva som tidlegare har vore konstatert om potensielle helseskadelege tilhøve.

IllustrasjonstegningIllustrasjon pynt

Somme av kommunane som er undersøkte i dette landsomfattande tilsynet, har ikkje lagt til rette for å føre tilsyn med helse og miljø i barnehagar og skular.

 

Men òg i kommunar som fører tilsyn, har fylkesmennene avdekt til dels store manglar i korleis tilsynsarbeidet blir gjennomført og styrt. Fylkesmennene har funne at kommunen sine planar for kor ofte ein skal gjennomføre tilsyn og kva tilsynet skal undersøkje, ikkje blir følgde. Det finst òg kommunar som ikkje har oversikt eller har planlagt tilsyn ut ifrå oppdatert kunnskap om negative forhold som kan påverke helsa til barn og elevar i skulane og barnehagane. Fylkesmennene rapporterer vidare om svikt i korleis leiinga i kommunen følgjer opp at tilsynsarbeidet blir planlagt og gjennomført slik det skal. 

Kunnskap om helseskadelege forhold blir ikkje formidla til dei som fører tilsyn

Kommunane må ha god kunnskap om risikoforhold ved miljøet i barnehagane og skulane for å føre tilsyn. Opplysningar om helseskadelege forhold og ulykker frå tilsette, leiarar, barn og foreldre må nå fram til dei som fører tilsyn, og ikkje «stoppe» i ulike delar av kommuneorganisasjonen eller i kvar einskild verksemd. Barnehagane og skulane pliktar å informere dei som fører tilsyn om forhold ved ute- og innemiljøet som kan verke negativt inn på barna si helse. Dei som eig og driv barnehagar og skular må syte for at verksemdene varetek denne opplysningsplikta.

I mange av kommunane ser det ut til at informasjon om forhold ved ute- eller innemiljøet som kan påverke barnehagebarn og elevar negativt, ikkje blir formidla systematisk og løpande til dei som fører tilsyn. Barnehagar, skular og teknisk etat i kommunen kan ha viktige opplysningar, men syter ikkje for at opplysningane blir vidareformidla, og dei som eig og driv verksemdene har ikkje lagt til rette for nødvendig informasjonsflyt. Følgja kan bli lite treffsikre tilsyn slik at dei miljøproblema det ut ifrå ei risikovurdering ville vore aller viktigast å utbetre, ikkje blir undersøkte.

Lovbrot blir ikkje alltid følgde opp

Målet med tilsyn i kommunane er å avdekkje og utbetre alvorlege brot på lovkrav til miljøet i barnehagar og skular. For å vareta dette, må ikkje kommunen sleppe taket, men syte for å følgje opp avdekte lovbrot, slik at helseskadelege forhold ved det fysiske miljøet ikkje varer ved. Dette arbeidet må vere systematisk, og kommuneleiinga må følgje med på tilsynsarbeidet og set inn tiltak dersom det ikkje blir utført slik ein reknar med.

Fylkesmennene fann svikt og manglar i oppfølgingsarbeidet etter tilsyn i mange av kommunane. Det var kommunar som ikkje hadde noko samla oversikt over kva for tilsyn som var avslutta og kva som ikkje var avslutta, og det var kommunar som ikkje hadde gitt verksemdene nokon tidsfrist for å utbetre ulovlege forhold. Dersom oppfølgingsarbeidet er mangelfullt, og kommuneleiinga heller ikkje spør etter korleis det blir drive, er det stor fare for at helseskadelege forhold får halde fram.

Fylkesmennene følgjer opp tilsyna med kommunane til alle lovbrota er retta.

Barns helse er folkehelse. Barnas arbeidsmiljø sikres ikke gjennom kommunenes tilsyn. Landsomfattende tilsyn i 2019 med folkehelse

Rapport fra Helsetilsynet 1/2020