Hopp til hovedinnhold

Illustrasjon gåseøyne

Føremålet er å få vurdert om helsepersonellet har ei psykisk liding, og korleis denne lidinga påverkar helsepersonellet sitt funksjonsnivå.

Alvorleg sinnsliding og psykisk svekking
Når Helsetilsynet tek imot tilsynssaker som handlar om psykisk liding hos helsepersonellet, eller mistanke om dette, er det vilkåra alvorleg sinnsliding og psykisk svekking i helsepersonellova som er aktuelle å vurdere.

Alvorleg sinnsliding er eit juridisk omgrep som viser til psykoselidingar som schizofreni, schizoaffektiv liding, bipolar liding og paranoid psykose. Andre psykiske lidingar blir ikkje rekna som så alvorlege at dei kan tenkjast å påverke yrkesutøvinga og dermed pasienttryggleiken.

Psykisk svekking er eit vilkår som fangar opp andre psykiske lidingar som kan påverke yrkesutføringa, men som ikkje blir rekna som ei alvorleg sinnsliding. Eksempel kan vere demensproblematikk og skadar etter ulykker eller langvarig alkoholmisbruk. I tillegg kan psykiske lidingar som kan skape større utfordringar i samarbeid på arbeidsplassen vere aktuelle, for eksempel alvorlege personlegdomsforstyrringar.

Gjennomgang av tilsynssaker
Helsetilsynet kalla tilbake til saman 1083 ulike autorisasjonar frå 1007 helsepersonell i ein periode på åtte år. 

Helsetilsynet gjekk gjennom alle avslutta tilsynssaker der alvorleg sinnsliding eller psykisk svekking førte til tilbakekalling av helsepersonellet sin autorisasjon i den same tidsperioden. Vi vurderte tilbakekalling av autorisasjonar for 63 helsepersonell, og kalla tilbake ein eller fleire autorisasjonar for 36 av desse. Alvorleg sinnsliding var grunnlag for tilbakekalling i 26 saker, og psykisk svekking var grunnlag i 10 saker. I ein del av sakene blei autorisasjonen til helsepersonellet suspendert tidleg i sakshandsaminga, på grunn av fare for tryggleiken i helse- og omsorgstenesta. For alvorleg sinnsliding gjaldt dette 11 av dei 26 sakene.

Vurderingar frå Helsetilsynet
Når Helsetilsynet skal vurdere den psykiske helsa til helsepersonellet, er det ikkje plikt til å gi samtykke til å hente inn helseopplysningar, og sjølv om desse ligg føre gir dei ikkje alltid tilstrekkeleg informasjon. I ein del av sakene blir derfor helsepersonellet pålagt ei undersøking gjennomført av ein ekstern sakkunnig. Føremålet er å få vurdert om helsepersonellet har ei psykisk liding, og korleis denne lidinga påverkar helsepersonellet sitt funksjonsnivå.

I vurderingane frå Helsetilsynet var det alvorsgraden for den psykiske lidinga, storleiken på funksjonstapet, graden av sjukdomsinnsikt og deltaking i eit behandlingstilbod som var sentrale kriterium for om vi gjorde vedtak om tilbakekalling av autorisasjon.

Gjennomgangen viser at det er svært få helsepersonell som får autorisasjonen sin kalla tilbake på grunn av psykisk liding. Det kan tyde at dei fleste helsepersonell som har ei psykisk liding evnar å stå i arbeidet. Dette gjeld sjølv dei med alvorlege psykiske lidingar, sjølv om det kan vere mange forhold som påverkar dette.

Ved tilbakekalling har ein høve til seinare å søkje om ein ny autorisasjon, eller ein avgrensa autorisasjon. Ved tilbakekalling har Helsetilsynet plikt til å føre bevis, mens ved ein søknad ligg denne plikta hos søkjaren. I ein søknad må ein sannsynleggjere at den psykiske lidinga er under kontroll. Dokumentasjon av sjukdomsinnsikt vil i tillegg gi tryggleik knytt til ei eventuell ny forverring av den psykiske lidinga.Rød prikk illustrasjon