Hopp til hovedinnhold

Illustrasjon gaaseøyne

Statens helsetilsyn har i fleire tilsynssaker mot helsepersonell lagt til grunn at behandling med Botox-injeksjonar mot rynker kjem inn under helsepersonellova, sjølv om det ikkje er helsehjelp.

 

Helsepersonellova kan omfatte kosmetisk behandling
Helsepersonellova gjeld for helsepersonell og verksemder som yter helsehjelp. Med helsehjelp meiner vi all handling som har førebyggjande, diagnostisk, behandlande, helsebevarande, rehabiliterande eller pleie- og omsorgsføremål, og som blir utført av helsepersonell. Botox-injeksjonar mot spenningshovudverk og såkalla PRP-/vampyrbehandling mot solskadar i huda blir for eksempel rekna som helsehjelp.

Handlingar som ikkje fell inn under omgrepet helsehjelp, men som blir utførte av helsepersonell, som for eksempel kosmetisk behandling utan medisinsk indikasjon, kan òg kome inn under helsepersonellova. Helsetilsynet må i vurderinga av dette sjå på omstenda rundt behandlinga konkret og under eitt. Eit sentralt moment i vurderinga er om det blir nytta metodar og prosedyrar som krev medisinsk eller helsefagleg kompetanse.

Statens helsetilsyn har i fleire tilsynssaker mot helsepersonell lagt til grunn at behandling med Botox-injeksjonar mot rynker kjem inn under helsepersonellova, sjølv om det ikkje er helsehjelp. Botox er eit reseptpliktig legemiddel, og ansvarleg lege må rekvirere det til bruk på pasienten. Helsepersonellet som injiserer legemiddelet, må ha den nødvendige kompetansen til å utføre injeksjonen og handtere eventuelle biverknader.

Når ein behandlar stikk ei nål gjennom huda til pasienten, er det alltid ein viss risiko for biverknader som smerte, infeksjon eller skade på nervar eller blodårer. I tillegg inneber alle substansar som blir injiserte ein viss risiko for uønskt effekt/biverknad. Når helsepersonell utfører slik behandling, må ho vere forsvarleg. Vurderinga av om noko er forsvarleg baserer seg på kva som er god praksis ved den aktuelle behandlinga.

Eksempel frå saker om kosmetisk behandling
Vi har i 2019 behandla fleire tilsynssaker mot både legar og sjukepleiarar som driv med kosmetisk behandling. Typiske problemstillingar er om sjølve behandlinga har vore forsvarleg, og om helsepersonellet har handla innanfor sin kompetanse, om helsepersonellet har gitt nødvendig informasjon om behandlinga, og om relevante og nødvendige opplysningar er journalførte.

Eit sentralt tema i tilsynssakene mot sjukepleiarane er at dei ikkje skal gå ut over dei faglege kvalifikasjonane eller den lovbestemte kompetansen sin. I to tilsynssaker la Helsetilsynet til grunn at sjukepleiarane ikkje sjølve hadde myndigheit til å vurdere at pasientar skulle behandlast med Botox eller andre legemiddel. Den ansvarlege legen, som er den legen som har rekvirert Botox, må sjølv vurdere pasienten og avgjere kva for behandling som er aktuell.

I tilsynssakene mot to legar vurderte Helsetilsynet at rekvirering av legemiddel (Botox) til klinikkar der sjukepleiarar utfører behandling utan samråd med legen, har vore uforsvarleg. Legane gjorde ikkje ei sjølvstendig vurdering av pasientane og hadde ikkje kontroll over kven som fekk behandling med Botox. I tillegg vurderte vi at manglande kontroll og tilsyn frå legane si side med sjukepleiarane som deira hjelparar, var uforsvarleg. Legane var ikkje sjølve tilgjengelege for å gi råd, rettleiing og instruksjon undervegs.

Dei aktuelle tilsynssakene viste at både lege og sjukepleiar hadde manglande kjennskap til aktuelle lovføresegner som gjeld ved kosmetisk behandling med reseptpliktige legemiddel og til helsepersonellet sin bruk av medhjelpar.Rød prikk illustrasjon