Hopp til hovedinnhold

IllustrasjonNOU 2019:14 Tvangsavgrensingslova – høyringsfråsegn
Statens helsetilsyn har forståing for at ein ønskjer å ha ei lovregulering for bruk av tvang som heng saman og byggjer på dei same prinsippa, materielt, prosessuelt og lovteknisk. Det er viktig at føresegner om tvang blir lagt fram i samanheng og som heilskap. Samstundes viser utgreiinga og lovforslaget at ei løysing med ei felles lov er krevjande. Diskusjon om lovforslaget i media og under konferansar har ofte handla om at utgreiinga og lovforslaget er komplekst og at dei ikkje er lesne og forstått på ein riktig måte. Dette utgjer både eit pasient- og brukartryggleiksproblem og eit rettstryggleiksproblem for pasientar, brukarar, pårørande og for tenesteutøvarar når ein seinare skal ta i bruk forslaget til lov. Sakshandsamingsreglane og kontrollordningane heng saman. Det er viktig at ein gjer gode vurderingar om bruk og gjennomføring av tvang tidleg i sakshandsamingsprosessen av omsyn til tryggleiken og rettstryggleiken til pasientar og brukarar, framfor seinare ved klage eller obligatoriske kontrollar. Vidare er det viktig og nødvendig at dei ansvarlege verksemdene sjølve held oversikt over eigen tvangsbruk og følgjer opp denne.

Forslaget om å innføre tvangsavgrensingsnemnder inneber at fylkesmannen si rolle og oppgåve som tilsynsmyndigheit etter helsetilsynslova blir uklar. Det same gjeld forholdet mellom fylkesmannen som tilsynsmyndigheit og tvangsavgrensingsnemnda. Forslaget verkar å vere upraktisk, tungdrive og potensielt svært kostbart. Statens helsetilsyn føreslår derfor at departementet vurderer ei alternativ klage- og kontrollordning. Vi føreslår at fylkesmannen held fram med oppgåvene dei har i dag knytt til tvang, og at dei tek over dei oppgåvene som er føreslått lagt til tvangsavgrensingsnemdene. Då får vi éin klage- og kontrollinstans, forenklar delar av lova og reduserer eit stort innslag av overlappande oppgåver for klage- og kontrollorgana.

NOU 2019:5 Ny forvaltningslov – høyringssvar
Utvalet har etter vår vurdering gjort eit omfattande og grundig arbeid. Utkastet bevarer i stor grad det som er velfungerande i den noverande forvaltningslova, men det er likevel tilpassa samfunnsutviklinga i ei meir kompleks forvaltningsorganisering. Statens helsetilsyn ser på det som prisverdig at lova er utforma i eit klårt og tydeleg språk, då dette vil styrka rettstryggleiken til dei private partane på vårt område ved å gjera dei betre i stand til å forstå grunnlaget for sakshandsaminga.

Statens helsetilsyn støttar fleirtalet sitt forslag om ein generell forskriftsheimel for heilautomatisert sakshandsaming. Automatiske prosessar er allereie ein del av norsk forvaltning. Me er, både av omsyn til rettstryggleik og det pedagogiske, positive til at rammene for dette blir tydeleggjorte i forvaltningslova. Generelt kan heilautomatisk sakshandsaming vera eit gode for brukarane i vår sektor. Systemet kan til dømes automatisk fatta vedtak om ytingar dersom vilkåra for dette er oppfylte, sjølv om brukaren kanskje ikkje har ressursar til å søka sjølv. I tillegg vil slik handsaming bidra til likehandsaming.

Statens helsetilsyn støttar òg ei løysing som gjev eit reelt høve til overprøving av vedtak for pasientar og brukarar i våre sektorar. For desse vil det kunna verka vilkårleg om dei har ulikt høve til overprøving av vedtak ut frå om tenesteytaren er kommunal eller ikkje.

Forslag til nasjonal rettleiing for legevakt – høyringsfråsegn
Utkastet til nasjonal rettleiing er grundig, omfattande, godt fagleg fundamentert og tek for seg alle dei sentrale delane av funksjonane til legevakta. Vi vurderer at rettleiinga blir eit godt hjelpemiddel for målgruppa og vil vere nyttig for kommunane, leiarar og tilsette i legevakttenesta. Rettleiinga vil òg vere nyttig for tilsynsmyndigheita, då ho kjem til å vere normerande for kva som er god praksis for organisering og drift av legevakttenesta.

Sakene som tilsynsmyndigheita handsamar frå legevakttenesta femner om eit vidt spekter av akuttmedisinske problemstillingar. Etter å ha gjennomgått tilsynssaker frå ein 2-års periode (2015-2017), fann vi at Fylkesmennene hadde handsama til saman 657 tilsynssaker som gjaldt legevakttenesta. Basert på våre tilsynserfaringar er det to hovudutfordringar som peikar seg ut: mangelfulle styringssystem og rutinar som ikkje er implementerte i organisasjonen. I høyringsnotatet blir det gjennomgåande vist til ansvaret kommunen, og den øvste leiaren hos legevakta, har for å sikre forsvarleg drift av legevakttenesta, og «Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta» blir jamleg brukt for å understøtte dette. Øvste leiar ved legevakta skal ha kontroll og styring òg når oppgåvene blir delegerte, og den øvste leiaren skal sikre at dei som har ansvar for oppgåvene har kompetanse og at oppgåvene blir utførte forsvarleg. Den øvste leiaren har vidare ansvar for å syte for at avvik og svikt blir følgt opp og blir retta opp. Målsetjinga må vere å redusere risikoen for uønskte hendingar. Legevakta er sårbar når det gjeld risiko for feil og uønskte hendingar, og eit godt kvalitetsarbeid bidreg til å redusere risikoen for uheldige hendingar.

Erfaringar vi har frå tilsyn viser at mange av kommunane i landet, særleg i distrikts-Noreg, har utfordringar når det gjeld å rekruttere kompetent personell til å bemanne legevakta. Vi erfarer at rekrutteringsvanskar og hyppig utskifting av personell gir risiko for svikt. Det er bra at det i rettleiinga blir presisert at det er kommunen sitt ansvar å sikre tilstrekkeleg bemanning ved legevakta både til behandling og til å svare på førespurnader frå publikum. Basert på tilsynserfaringane våre støttar vi tilrådingane i høyringsnotatet om bemanning og kompetansekrav, og vi støttar tilrådinga om at sjukepleiarar eignar seg godt til å bemanne mindre legevakter, då dei har ein allsidig og brei fagkompetanse. Vidare støttar vi at legen ikkje bør arbeide åleine, verken på legevaktstasjonen, under utrykking eller ved sjukebesøk, og at legevaktstasjonane derfor bør ha ei minimumsbemanning på to personar, lege og anna helsepersonell.

Vi støttar tilrådinga om at legevakta og legevaktsentralen bør ha eit system for prioritering og triagering av pasientar, for å kunne identifisere potensielt alvorleg sjuke pasientar som treng rask helsehjelp. Tilgang til avgjerdsstøtteverktøy og god opplæring i bruken av desse er viktig. Som påpeikt i rettleiinga er det òg viktig å ha eit system for å revurdere hastegrad hos pasientar som ventar. Vi har sett i fleire tilsynssaker at ei forverring av tilstanden hos pasientar som ventar ikkje har blitt fanga opp, og at det har resultert i at pasientar ikkje har fått forsvarleg helsehjelp.

Statens helsetilsyn meiner at nasjonale kvalitetsindikatorar er eit nyttig verkemiddel for å måle kvalitet i legevakttenesta og til kvalitetsforbetringsarbeid i verksemdene, og vi støttar at desse blir innførte.

Illustrasjon gåseøyne

Kunnskap om svikt er ei kjelde til betring. Tilsynet kan medverke til kvalitetsutvikling, ved at det gir høve til å formidle tilsynserfaringar til brukarar/pasientar, personell og tenester.

 

Forslag til ny barnevernlov – høyringsfråsegn
Helsetilsynet meiner at høyringsforslaget samla sett framstår som godt. Vi meiner det er ein styrke at den nye lova skal medverke til betre barnevernfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre, og at ein gjennomgåande tek omsyn til barnet sine behov. Vi meiner at intensjonen om eit styrkt barneperspektiv er heilt avgjerande for om hjelp og tiltak etter lova er til beste for barnet. Eit av hovudfunna frå gjennomgangen vår av 106 barnevernssaker (Rapport frå Helsetilsynet 17. januar 2019 «Det å reise vasker øynene»), er nettopp manglande fokus på behova og perspektivet til barnet.

Vi er samde med departementet i at det styrkjer rettstryggleiken til barn og unge som bur på institusjon, at krava til kvalitet i barnevernsinstitusjonar og at vilkåra for å utøve tvang og avgrensingar går fram av lova. Dette må òg implementerast i praksis. Tilsynserfaringane våre viser at mange av institusjonane ikkje har tilstrekkeleg kompetanse, verken barnefagleg kompetanse eller kompetanse om rettsforskrifta.

Det ordinære tilsynet fylkesmennene fører med barnevernsinstitusjonar har medverka til å avdekkje ei lita gruppe barn som er i særskilt sårbare livssituasjonar. Dei har eit utfordrande handlingsmønster og treng hjelp frå barnevernstenesta og psykisk helseteneste samstundes. Det stiller store krav til faglegheit, samarbeid og arbeid med tryggleik for tenesteapparatet. Vi kan ikkje sjå at det i dag er etablert eit tilbod med tilstrekkeleg kompetanse og rammer til å kunne vareta denne gruppa barn. Vi meiner dermed at det er fleire utfordringar i barnevernet i dag som vi ikkje kan sjå at blir løyste i tilstrekkeleg grad i lovforslaget.

Helsetilsynet støttar at det går fram av lova at det skal vere ei barnevernsteneste i kvar kommune som har ansvar for tiltak etter barnevernlova, og at ansvaret om generell førebyggingsplikt blir lagt til kommunen. Vi meiner at kommunen si plikt til å innrette dette arbeidet på grunnlag av kunnskapen barnevernstenesta har om barn og unge i risiko, og det ansvaret barnevernstenesta har for ei årleg tilstandsrapportering til kommunestyret er gode grep. Vi støttar òg ei lovfesting av akuttberedskapen i kommunane. Vi meiner det er særleg sentralt å sikre ein tilgjengeleg barnevernsfagleg kompetanse når akuttsituasjonar oppstår og at kommunen innrettar beredskapsordningane sine slik at dei varetek dette.Rød prikk illustrasjon