Helsetilsynet

Fylkesmannen har ført tilsyn med Flora kommune. Vi undersøkte om Flora kommune fører tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i Førde kommune i samsvar med aktuelle lovkrav slik at inne- og utemiljø fremjar helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skuleelevar.

Tilsynet blei gjennomført som del av det landsomfattande tilsynet i 2019 initiert av Statens helsetilsyn.

Ved tilsynet fekk vi ikkje opplysningar som tilseier anna enn at Flora kommune har styring med arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i Førde kommune.

Det blei ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med folkehelselova i 2019 er retta mot kommunens arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Føremålet med tilsynet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. På landsbasis har det vist seg at mange barnehagar og skular til dømes har eit dårleg inneklima. Problema har hatt samanheng med svikt i drift og vedlikehald. Varierande og mangelfullt tilsyn kan også medverke til at barnehagar og skular utviklar eit dårleg inneklima og andre miljømessige problem over tid etter at barnehagen og skulen blei godkjent. Kartlegging av kommunane sine tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular har avdekt store skilnader med omsyn omfanget av tilsyn og oppfølginga av tilsyn i dei tilfella det er konkludert med/funne lovbrot.

Fylkesmannen har ført tilsyn med om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:

  • klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
  • oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn blir følgd opp systematisk der det er avdekt lovbrot

Vi har undersøkt og vurdert om det er klart kven som har delegert mynde til å føre tilsyn med tilhøyrande oppgåver og at dei som skal føre tilsyn, er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene som det skal førast tilsyn med. Dette er særleg aktuelt ved tilsyn med kommunale barnehagar og skular. Vi har òg undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som skal føre tilsyn med barnehagar og skular, har naudsynt kompetanse om miljøretta helsevern, tilsynsmetode og sakshandsaming. Undersøkinga vår omfatta også korleis kommunen har dokumentert at desse forholda er tekne i vare.

Kommunens tilsyn er eit viktig tiltak for å sikre at barnehagar og skular ikkje blir drivne utan godkjenning. Å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular og godkjenningsstatus er naudsynt ved prioritering av kva barnehagar og skular det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi har undersøkt om kommunen har naudsynt oversikt over og opplysningar som viser godkjennings- status.

I kommunens tilsyn inngår både å følgje opp risikoforhold i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen. Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som fører tilsyn, får tilstrekkeleg informasjon om risikoforhold ved miljøet i barnehagar og skular og at tilsynet er basert på risikovurderingar.

Dette er naudsynt i samband med oppfølging av forhold med mogeleg helserisiko i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og i samband med det regelmessige tilsynet. Vi har også undersøkt om kommunen følgjer med på at tilsynsoppgåva blir utført slik som føresett, under dette at det er dokumentert korleis tilsynsoppgåva er planlagt og utført.

For å oppnå føremålet med tilsyn, må lovbrot tilsynet avdekkjer, bli retta. Då kan tilsynet avsluttast. Vi har undersøkt om kommunen følgjer opp tilsyn på ein systematisk måte, under dette korleis denne delen av arbeidet er dokumentert.

Mynde til å føre tilsyn med kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular

På fagfeltet miljøretta helsevern er Fylkesmannens tilsyn avgrensa til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter som tilsynsstyresmakt. Vi fører med andre ord «tilsyn med kommunens tilsyn». Dette tilsynet omfattar ikkje om kommunen som eigar sørgjer for å oppfylle krava til miljøretta helsevern i barnehagar og skular som kommunen eig.

Mange kommunar har delegert mynde og oppgåver til å føre tilsyn til eit interkommunalt selskap eller ein vertskommune. Kommunen kan også kjøpe tenester frå andre kommunar. Kommunen har det formelle ansvaret også når ein vertskommune utfører oppgåver på vegne av samarbeidskommunen. Når det går fram av avtalen om vertskommunesamarbeid at mynde og oppgåver innan miljøretta helsevern er delegert til vertskommunen, blir tilsynet retta mot vertskommunen, jf. kommunelova § 28-1 k.

Fylkesmannens tilsyn omfattar kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i private og offentlege barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen, og som er omfatta av § 2 i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler.

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Det inneber tilsyn med korleis korleis kommunen leier og styrer arbeidet med tilsyn og sørgjer for at aktuelle lovkrav blir oppfylte.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunens folkehelsearbeid etter lov av 24. juni 2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova9 § 31. Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Fylkesmannens tilsyn er lovlegkontroll, jf. kommunelova kapittel 10 A og omfattar folkehelselova §§ 8 og 9 og § 30 om internkontroll

I følgje folkehelselova kapittel 3 Miljørettet helsevern skal kommunen ha merksemd på heile befolkninga, uavhengig av sektor. Kommunen har verkemiddel overfor privat og offentleg verksemd og eigedom, og har blant anna som oppgåve å føre tilsyn med faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Kommunens ansvar for tilsyn med miljøretta helsevern går fram av folkehelselova § 9.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. stiller ei rekkje krav, mellom anna til internkontroll, uteområde, inneklima, reinhald, vedlikehald, smittevern, måltid mv., som er retta mot eigar/leiar av verksemda. Kommunen skal føre tilsyn med at forskrift om miljøretta helsevern i barnhagar og skular blir oppfylt, jf. presisering i forskrifta § 25.

Krav i lov og forskrift om gjeld ved tilsynet med kommunen

Kommunens plikt til internkontroll
Kommunen har plikt til å føre internkontroll for å sikre at krav i fastsett folkehelselova eller i medhald av folkehelselova blir oppfylte, jf. folkehelselova § 30. Det er ikkje gitt eiga forskrift som utdjupar krava til internkontroll. Kommunens plikt til internkontroll med tilsynsoppgåva byggjer på det alminnelege systemet for internkontroll i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova ) § 23 nr. 2.

Plikt til å dokumentere tilsyn med miljøretta helsevern
Det følgjer av folkehelselova § 30 andre ledd at kommunens tilsyn etter § 9 skal dokumenterast særskilt. Det er presisert i folkehelselova § 30 andre ledd at uavhengigheit og likebehandling i tilsynet skal vere dokumentert. Det forsterka dokumentasjonskravet gjeld generelt for tilsynsoppgåva etter § 9.

Ansvar, oppgåver og mynde
Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen må ha klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde. Kommunen kan delegere oppgåver og mynde innan miljøretta helsevern internt i kommunen eller til vertskommune etter dei alminnelege reglane om delegering i kommunelova eller til eit interkommunalt selskap (IKS), jf. folkehelselova § 9 første ledd andre punktum.

Tilsynet skal vere uavhengig
Kommunen må organisere seg slik at dei personane eller eininga som fører tilsyn med miljøretta helsevern, er tilstrekkeleg uavhengig av underliggjande verksemd som det skal førast tilsyn med. Kommunen må dokumentere at tilsynet er uavhengig, jf. folkehelselova § 30.

Kompetanse
Kommunens plikt til å føre tilsyn med miljøretta helsevern etter folkehelselova §9, føreset at kommunen har naudsynt kompetanse til å utføre tilsynsoppgåva forsvarleg, jf. kravet til interkontroll i folkehelselova § 30. Kommunen må dokumentere at dei som har ansvar for å føre tilsyn med miljøretta helsevern, har naudsynte føresetnader, under dette kompetanse.

Oversikt over godkjenningsstatus
Det inngår i kommunens tilsynsansvar etter folkehelselova § 9 å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular i kommunen. Å ha ei oppdatert oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, er å rekne som del av det løpande arbeidet med oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen, òg som kommunen skal ha etter § 4 i forskrift om oversikt over folkehelsen.

Risikobasert tilsyn
Kommunens tilsyn etter folkehelselova § 9 skal vere basert på risikovurderingar. Kommunen må følgje opp forhold som kan innebere at miljøet i barnehagar og skular er uforsvarleg, og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen ut frå risikovurdering. Forskrift om miljøretta helsevern § 4 andre ledd presiserer at kommunen skal prioritere tilsyn ut frå vurdering av helserisiko. Kommunens risikovurderingar bør mellom anna byggje på kunnskap om folkehelseutfordringar som kommunen skal ha, jf. folkehelselova § 5.

Opplysnings- og informasjonsplikt
Kommunen må som del av kravet til internkontroll følgje med på at kommunens barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 5 og sørgje for at dei som fører tilsyn, om myndet er delegert internt i kommunen eller til ekstern instans, får opplysningane.

Tilsynsmetode
Metodane som kommunen bruker ved tilsyn med miljøretta helsevern, må gi eit tilstrekkeleg faktagrunnlag til å kunne konkludere og sikre forsvarleg sakshandsaming. Når kommunen konkluderer med pålegg, må òg utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17 bli halden.

Oppfølging og avslutting av tilsyn
Når kommunen har ført tilsyn med ein barnehage eller skule, uavhengig av utfall, skal tilsynet avsluttast, jf. forvaltningslova § 11 a. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen systematisk må følgje opp det einskilde tilsynet og alle tilsyn som ikkje er avslutta. Kommunen skal ha oversikt over fristar, rutinar for purring og ha ein plan for vidare oppfølging.

Krav til saksbehandling
Kommunen er i sitt tilsyn bunden av lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) og forvaltningsrettslege prinsipp. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen ved si organisering og styring må sikre at krav til sakshandsaming i forvaltningslova blir oppfylte.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Mynde til å føre tilsyn med barnehagar og skular i Førde kommune
I 2019 er Førde kommune den eine av ni samarbeidskommunar i eit interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedinsk rådgjeving. Flora kommune er vertskommune.

I sak BY-042/12 vedtok Bystyret i Førde kommune den 21. juni 2012 (sitat):

«Førde kommune delegerer med dette ansvar for miljøretta helsevern (jf. LOF § 9), smittevern (jf. LVSS § 7) og samfunnsmedisinsk rådgjeving (jf. LOF § 27) til det interkommunale samarbeidet med Flora kommune som vertskommune (jf. LOKF § 28) frå det tidspunktet samarbeidet er etablert, jf. saksutgreiing datert 31.05.12.»

Avtalen mellom kommunane Flora og Førde er heimla i folkehelselova §§ 8 og 27, smittevernlova § 7 og komunelova § 28-1a og blei underskriven 14. november 2013. Det går fram av avtalen punkt 2 at Folkehelseavdelinga i vertskommunen skal utføre arbeidet og av punkt 5 at vedtak gjort av vertskommunen skal meldast til deltakarkommunane. Det går òg fram at vertskommunen skal leggje til rette for regelmessige årlege møte med administrasjonssjef/rådmann i alle kommunane for orientering om framdrift og drøfting av prioriteringar.

Folkehelseavdelinga i Flora kommune blei oppretta i 2012 og er organisert i eining for Kvalitet og utvikling i stab hos rådmannen. Kommunalsjef Oppvekst leier eining Kvalitet og utvikling.

Folkehelseavdelinga har 3,4 årsverk fordelt på fem personar. Tilsette har ulik fagleg kompetanse og dei fleste har mange års erfaring frå fagfeltet. Kompetansen i avdelinga er bygd over tid.

Barnehagar og skular i Førde kommune

I Førde kommune er det 9 skular, 15 barnehagar og 2 vidaregåande skular. Folkehelseavdelinga i Flora kommune gjennomfører tilsyn med alle barnehagar og skular i Førde kommune i løpet av 2018 og 2019. I mai 2019 er det tre barnehagar, ein grunnskule og dei vidaregåande skulane som ikkje har helseverngodkjenning.

Risikovurdering som grunnlag for regelmessig tilsyn med barnehagar og skular Folkehelseavdelinga har oversikt over barnehagar og skular og godkjenningsstatus i Førde kommune, jf. vedlegg nr. 22 1. Risikovurdering går fram av «Internkontrollsystem for Folkehelseavdelinga» og av oversikta over verksemdene, jf. vedlegg nr. 21 2 .

Ved tilsynet fekk vi fekk opplyst at leiarar i barnehagar og skular tek kontakt med Folkehelseavdelinga for råd og rettleiing. Avdelinga vurderer i kvart tilfelle kva som kan vere tenleg oppfølging, eventuelt om det er grunnlag for møte eller tilsyn.

Gjennomføring og oppfølging av tilsyn
På grunnlag av risikovurdering gjennomfører Folkehelseavdelinga tilsyn med barnehagar og skular kvart 4. år, eventuelt oftare dersom det ligg føre informasjon som tilseier at dette er aktuelt.

I forkant av tilsyn med skular og barnehagar i kommunen inviterer Folkehelseavdelinga leiarane i barnehagane og skulane til orienteringsmøte om det komande tilsynet, jf. vedlegg nr. 26 3 .

Verksemdene får tilsendt søknadsskjema om godkjenning, sjå kommunens nettside. Opplysningane i søknadsskjemaet blir gjennomgått ved tilsynet. Det er alltid to frå Folkehelseavdelinga som utfører tilsynet, av dei ein som kjenner verksemda frå tidlegare tilsyn. Verneombod og representant for vaktmeisterteneste og reinhald blir inviterte til å vere med i møte og ved inspeksjon inne og ute i lag med leiar for barnehagen eller skulen. Vi fekk opplyst at avdelinga legg stor vekt på rettleiing til verksemdene slik at dei så langt som råd kan utbetre manglar utan bruk av pålegg eller andre verkemiddel.

Etter at alle tilsyn med barnehagar og skular er gjennomført, får kommunen tilsendt ein samla sluttrapport med ei fagleg tilstandsvurdering frå Folkehelseavdelinga. Avdelinga arrangerer også fagdagar om tema som har vore utfordrande ved tilsyn i kommunane, jf. vedlegg nr. 27 og 28 4 .

Vi fekk opplyst og lagt fram dokument som viser at Folkehelseavdelinga følgjer opp tilsyn per e-post, brev, telefon og eller i møte, t.d. oppfølging etter tilsyn med Førde barneskule i november 2018, Mo og Øyrane vidaregåande skule i desember 2014 og Hafstad vidaregåande skule i januar 2015 og fram til mai 2019.

Korleis leiinga i Flora kommune følgjer opp arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnhagar og skular

Arbeidet i Folkehelseavdelinga blir følgd opp i regelmessige møte med kommunalsjef Oppvekst og med rådmann. Folkehelseavdelinga deltek i dei faste halvårleg møta med rådmennene i samarbeidskommunane og har i tillegg møte kvart år med kommunalsjef og einingsleiar i kvar kommune. Samarbeidskommunane får tilsendt årsrapport, jf. vedlegg nr. 3 5 og blir inviterte til å drøfte prioriteringar for vidare arbeid, jf vedlegg nr. 29. 6

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Opplysningane vi har fått, tilseier at mynde og oppgåver er avklart. Tilsette i Folkehelseavdelinga har relevant fagleg kompetanse og har ikkje bindingar til barnehagar og skular i Førde kommune.

Folkehelseavdelinga har oversikt over verksemdene dei skal føre tilsyn med og har ein innarbeidd praksis for å informere kommunane om planlagde tilsyn, gjennomføre og følgje opp det enkelte tilsynet. I dette arbeidet er det frå Folkehelseavdelinga si side lagt vekt på å støtte leiarar og eigarar av barnehagar og skular i deira arbeid for eit trygt og helsefremjande miljø.

Ved tilsynet fekk vi ikkje opplysningar som tilseier anna enn at Flora kommune har styring med arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i Førde kommune.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Det blei ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er avslutta.

Med helsing

Med hilsen

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Grete Robøle
fagdirektør

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg

Kopi med vedlegg til:

Førde kommune Postboks 338 6801 FØRDE

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet blei sendt 2. april 2018.

Tilsynet blei innleia med eit kort informasjonsmøte 23. mai 2018. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 23. mai 2018.

Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument blei gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  1. Etablering av interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving, vedtak i Førde Bystyre 21. juni 2012, sak BY- 042-12
  2. Avtale mellom Flora kommune og Førde kommune - interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse
  3. Plansjar Folkehelseavdelinga, Flora kommune – tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular Førde kommune 2018 -2019
  4. Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2018, Flora kommune
  5. Rapport frå tilsyn med Halbrend barnehage desember 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  6. Rapport frå tilsyn med Solsida barnehage, avdeling Haugum januar 2019 – godkjenning
  7. Solsida barnehage, avdeling Toene – svar på søknad om godkjenning, januar 2019
  8. Rapport frå tilsyn med Vie barnehage desember 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  9. Rapport frå tilsyn med Vieåsen barnehage desember 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  10. Rapport frå tilsyn med Ytre Hafstad barnehage november 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  11. Tusenfryd barnehage – svar på søknad om godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og v., 2. november 2018
  1. Rapport frå tilsyn med Frøysland skule januar 2019 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  2. Rapport frå tilsyn med Flatene skule desember 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  3. Rapport frå tilsyn med Førde ungsomsskule desember 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  4. Rapport frå tilsyn med Halbrend skule desember 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  5. Rapport frå tilsyn med Karstad skule og barnehage november 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  6. Rapport frå tilsyn med Slåtten skule mai 2018 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  7. Rapport frå tilsyn med Holsen skule og barnehage januar 2019 - godkjenning etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
  8. Førde barneskule - svar på søknad om godkjenning av etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler, januar 2019
  9. Slåttebakkane barnehage – godkjenning, november 2018
  10. Internkontrollsystem for Folkehelseavdelinga Flora kommune, styringsdel 1, 2 og 3
  11. Oversikt over alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular, informasjon om gjennomførte tilsyn og godkjenningsstatus
  12. Hafstad vidaregåande skule – svar på søknad om godkjenning, januar 2015
  13. Mo og Øyrane vidaregåande skule – svar på søknad om godkjenning, januar 2015
  14. Nærleiken barnehage – svar på søknad om godkjenning, desember 2014
  15. Plansjar informasjonsmøte med leiarar i barnehage og skule i forkant av tilsyn, januar 2018
  16. Rapport etter tilsyn med barnehagar og skular i Fjaler kommune
  17. Plansjar fagdag, Høyanger kommune, april 2019
  18. Referat frå møte med rådmenn i interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og folkehelse/samfunnsmedisin oktober 2018
  19. Etablering av interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving, vedtak Flora bystyre sak 126/12.
  20. Rapport frå delprosjekt førebygging
  21. Informasjon på nettsida til Folkehelseavdelinga, Flora kommune https://www.folkehelseavdelinga.no/skular-og-barnehagar.290429.nn.html
  22. Korrespondanse i etterkant av tilsyn med barnehagar og skular i tida 2014 – mai 2019

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Vi fekk informasjon frå to representantar for brukarar av grunnskular og vidaregåande skule i Førde kommune.

Frå Fylkesmannen deltok:

  • fylkeslege, Kristin Cotta Schønberg, revisor
  • seniorrådgjevar, Arne Erstad, revisor
  • fagdirektør, Anne Grete Robøle, revisjonsleiar

1 (22) Oversikt over skular og barnehagar, informasjon om gjennomførte tilsyn og godkjenningsstatus

2 (21) Internkontrollsystem for Folkehelseavdelinga Flora kommune, styringsdel 1

3 (26) Plansjar informasjonsmøte med leiarar i barnehage og skule i forkant av tilsyn, januar 2018

4 (27) Rapport etter tilsyn med barnehagar og skular i Fjaler kommune, (28) Plansjar fagdag, Høyanger kommune, april 2019.

5 (4) Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2018

6 (29) Referat frå møte med 25. oktober 2018

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Folkehelseloven. Kommunens tilsyn med miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Søk