Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 14. januar 2005 med invitasjon til å kome med kommentarar til rapporten om styrkestrukturen i Sivilforsvaret. I det alt vesentlege har vi ingen merknader til dei føresetnadene som blir lagde til grunn eller til utforminga av tiltaka. Nokre mindre forhold skal likevel kommenterast fordi dei kan vere vesentlege i det vidare arbeidet med denne rapporten.

Kontakt med ulike nivå i helsetenesta

Etter vår oppfatning er det bra at ein i arbeidet med rapporten har hatt kontakt med dei operative ledda i helsetenesta, jf. vedlegg 3. Likevel hadde det etter vår vurdering vore ønskjeleg at Sosial- og helsedirektoratet hadde vore med mellom dei sentrale organa som prosjektgruppa hadde hatt samtalar med, jf. nedst side 40.

Undervurdering av støttebehovet til etablering av psykososiale tenester

Til det reint metodiske har vi også ei lita undring knytt til om den gjennomførte undersøkinga er i stand til å avdekkje særlege helse- og sosialtenestebehov på kommunenivå, slik ein har makta å få fram når det gjeld helseføretaka (spesialisthelsetenesta). Statens helsetilsyn har ein mistanke om at dersom ein direkte hadde spurt kommunale sosial- og helsetenester så ville ein ha fått noko større forventningar knytte til støtte i samband med psykososiale støttetiltak, jf. behovsvurderinga øvst på side 40.

Det same kan kanskje vere forklåringa på at opplistinga av helsetenesta sine oppgåver i redningstenesta på side 43 er svært så knappe og avgrensa til dei reine akutte somatiske tiltaka. Her bør det absolutt vere med at sosial- og helsetenesta som aktør i redningstenesta også skal sikre forsvarleg psykososiale tiltak i samband med redningstiltak.

Forholdet til lov om helsemessig og sosial beredskap

Under omtalen av sosial- og helsetenesta burde det også vore nemnd at desse tenestene på alle nivå gjennom lov om helsemessig og sosial beredskap har plikt til å planleggje beredskapstiltak ut frå ei risikovurdering. Planverket skal dessutan sikre god samhandling med andre nivå og etatar.

Eit eventuelt styrketilskot frå Sivilforsvaret til helsetenesta må sjåast i lys av denne planplikta. Konkret posisjonering av ulike sivilforsvarseiningar bør etter vår meining difor ta tilbørleg omsyn til dei behov og ønskjer som sosial- og helsetenesta sine ulike ledd viser gjennom sine risikovurderingar, planverk, evaluerte øvingar og røynsler frå reelle hendingar.

Av omsyn til den vidare bruken av rapporten om styrkestrukturen i Sivilforsvaret i planleggingsarbeidet, hadde det vore ønskjeleg at den lovpålagde plan- og samarbeidsplikta til sosial- og helsetenesta kunne ha vore nemnd.

Sambandsmateriell

Statens helsetilsyn merker seg at dette er relativt knapt omtala på side 78. Vi er samd i at Sivilforsvaret uansett deltaking i det framtidige digitale nødradionettet kan ha behov for radiosamband som ikkje blir dekte av det digitale nettet.

Ut over det som er nemnd i dette punktet om eit repeater-nett, vil vi herfrå peike på behovet for kommunikasjon mellom avsidesliggjande skadestad og KO/LRS/HRS som radioteknisk sett ikkje kan dekkjast av VHF/UHF kommunikasjon.

Så langt vi kan sjå er det få eller ingen landbaserte sivile instansar som har planar om systematisk bruk av satellittkommunikasjon eller for den saks skuld enklare HF-løysingar. Nyare HF-løysingar, med epost og/eller digital telefoni, vil kunne sikre robuste sambandsnett mellom avsidesliggjande skadestad utan dekning av VHF/UHF-infrastruktur og operasjonsleiing i gitte tilfelle. Slike HF-løysingar, som byggjer på billig teknologi, vil også kunne dekkje behovet for ”infrastrukturuavhengig” radio-kommunikasjon mellom ulike landsdelar i særlege tilfelle.

Dette kunne vere eit slik punkt der Sivilforsvaret kunne vurdere om ein i samarbeid med til dømes fylkesmennene og redningstenesta skulle sjå nærare på eventuelle behov for kompetanse og utstyr.

Med hilsen


Geir Sverre Braut e.f.
ass. direktør
Solbjørg Røisland
førstekonsulent

 


Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02


Kopi:
Sosial- og helsedirektoratet
Hovudredningssentralen Sør-Noreg
Hovudredningssentralen Nord-Noreg
Nasjonalt senter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap