Helsetilsynet

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som har tydning for denne.

Karl Evang-prisen for 2008 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale forhold med tydning for denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitiske spørsmål. Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.


Prisen er på kr. 50 000.

Prisen vert delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar 14.oktober. Seminar og prisutdeling finn stad i Oslo kongressenter (Youngstorget) og er ope for alle.

Komiteen som vel prisvinnar består av:
Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
Journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad
Professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim
Dekan Elisabeth Bordtkorb, Diakonhjemmets høgskole
Seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn

Skriftleg søknad kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til: 
Statens helsetilsyn
Avd.II
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo.

Frist for innsending av søknad er 20. august 2008.

15.4.2008