Helsetilsynet

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som har tydning for denne.  

Karl Evang-prisen for 2009 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale forhold med tydning for denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitiske spørsmål. Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.  

Prisen blir delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar tirsdag 20.oktober. Seminar og prisutdeling finn stad på Høgskulen i Oslo. Seminaret er ope for alle og vert annonsert på Statens helsetilsyn si heimeside. 

Les meir om pris og seminar.

Komiteen som vel prisvinnar består av:

Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar),
journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad,
professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim,
dekan Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmets Høgskole i Oslo,
seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.  

Skriftleg søknad kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til:   

eller til:
Statens helsetilsyn
Avd.II
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo. 

Republisert 10.8.2009