Helsetilsynet

Frist for å sende inn framlegg om kandidatar er 29. august 2011.

Prisen er på kr. 50 000.

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold.

Karl Evang-prisen for 2011 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje

  • folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne
  • rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta
  • opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosial- og/eller barnevernpolitiske spørsmål.

Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.

Prisen blir delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar torsdag 20.oktober. Seminar og prisutdeling finn stad på Høgskolen i Oslo og Akershus. Seminaret er ope for alle og vert annonsert på Statens helsetilsyn si heimeside. 

Komiteen som vel prisvinnar består av:
professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad
professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim
høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo
seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Skriftleg søknad/framlegg kan sendast med ei grunngjeving av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til: 

eller til:
Statens helsetilsyn
Avd. II
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo.