Helsetilsynet

Grunnen til dette er at talmaterialet slik det kjem fram gjennom rapporten ikkje gjev eit bilete som kan nyttast til samanlikning mellom 2008 og føregåande år for dei einskilde helseføretaka utan at ein har tilgang til grunnlagsdata og dessutan kunnskap om endringar i registreringsordninga som har skjedd i perioden.

Vi har mellom anna endra prosedyren for registrering frå å registrere på hendingsdato til å registrere på meldingsdato. Desse endringane kjem ikkje godt fram gjennom teksten i rapporten på ein slik måte at lesarar som ikkje kjenner dette frå før, kan kontrollere talmaterialet.

Talmaterialet gjev difor eit urett bilete av meldefrekvens for dei einskilde helseføretaka, sjølv om hovudtendensen om fall i talet på meldinga står seg på landsbasis.

Vi vil gå gjennom materialet på nytt, og korrigere for verknadene av endringane i registreringsmetode før vi legg fram rapporten på nytt.

I media vil vi kommentere spørsmål knytte til utviklinga på landabasis, men ikkje seie noko om dei regionale variasjonane i denne omgangen.

Kontaktperson: Geir Sverre Braut
fung. direktør

Publisert 9.7.2009