Helsetilsynet

Helsetilsyna i fylket som har undersøkt nærare talmaterialet for sjukeheimskøar som er presentert av TV 2 dei siste vekene. Dei som har fremja krav om sjukeheimsplass, men ikkje har fått vedtak om det, får etter vår oppfatning i det vesentlege nødvendig helsehjelp i samsvar med krava i kommunehelsetenesteloven, viser tilbakemeldingane.

Men utan tvil er det slik at mange tenestemottakarar kjenner seg utrygge på både omfang og innhald i dei tenestene dei mottek frå kommunane. Og vi kan ikkje ut frå desse tilbakemeldingane utelukke at det faktisk skjer lovbrot.

Det er såleis urovekkjande at talet på klagar over vedtak etter kommunehelsetenesteloven er gjennomgåande lågt. Ein stor omgjeringsdel tyder på at det er personar som ikkje får det dei har krav på. Dette tilseier at det kan vere ei oppgåve å stimulere folk til å klage på manglande tenestetilbod, og også setje folk i stand til å klage når dei ikkje sjølve umiddelbart maktar gjere det.

Det er store skilnader mellom profilen på tildelte tenester kommunane i mellom, men det er i samsvar med det ein må rekne med når ein gjev fridom til kommunane til å organisere tenestene slik dei sjølve finn det føremålstenleg. Uklåre oppfatningar om kva som skal vere standarden på helsehjelp til personar i eigen bustad eller annan kommunal bustad enn sjukeheim spelar også inn her.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket følgjer opp dei kommunane som har problem både når det gjeld innhald i tenestene og saksbehandlinga av søknader om tenester.

Kva har vi sett etter?

Statens helsetilsyn ba Helsetilsyna i fylket om å vurdere i kor stor grad det ligg lovbrot bak dei tala TV 2 nyleg har presentert for sjukeheimskøar i kommunane.

Formålet med å be Fylkesmannen/Helsetilsynet i fylket om å utføre dette no har såleis vore å avdekkje eventuelt nye forhold som tilsynet ikkje var kjent med frå før.

Statens helsetilsyn har vidare vald å rette denne undersøkinga inn mot det som tenestemottakarane har eit rettsleg krav på, nemleg retten til nødvendige tenester med forsvarleg innhald, jf. §§ 2-1 og 1-3 andre ledd i kommunehelsetenesteloven og § 4 i helsepersonelloven. Lovgjevinga gjev stor grad av fridom til kommunane for å organisere tenestene slik dei sjølve finn det føremålstenleg.

Vi viser då særleg til at kommunane sjølve står fritt til å avgjere om ein skal leggje vekt på å utvikle  tilbod i sjukeheim eller andre former for heildøgns omsorg og pleie. Det er difor ikkje om tenestemottakaren er i institusjon eller ei som avgjer om tenestetilbodet til ein gitt tenestemottakar er lovleg eller ulovleg.

Kva fann Helsetilsyna i fylket?

Helsetilsyn i fylket har vore i direkte kontakt med dei kommunane som blir oppgitt til å ha ventelister på sjukeheimsplass i TV 2 si undersøking. I tillegg til denne særlege kontakten støttar Helsetilsynet i fylket seg på annan kunnskap både frå klagesaker og tilsyn, samt frå Fylkesmannen si oppfølging av omsorgsplanen.

Jamt over rapporterer Helsetilsynet i fylket at det verkar som at kommunane har oppfatta spørsmålet frå TV 2 ganske ulikt. Døme på svargrunnlag frå kommunane til TV 2 er:

  • Talet på søknader som er til behandling på tidspunktet for spørsmålet.
  • Kommunen si vurdering av talet på tenestemottakarar som kunne ha kvalifisert for plass i sjukeheim.
  • Personar som ventar på langtidsplass (uansett om dei for tida har korttidsplass).
  • Personar som ikkje har søkt spesifikt om sjukeheimsplass, men som  er under utgreiing.
  • Personar som har ytra ønskje om sjukeheimsplass.
  • Personar som har vedtak om plass i sjukeheim, men for tida får tenestetilbod annan stad (eigen heim, omsorgsbustad, sjukehus).
  • Personar som har fått tilbod om tenester ein stad, men som har avslege tilbodet og ventar på tilbod frå den sjukeheimen der ein først og fremst ønskjer å vere.
  • Personar som har søkt omsorgsbustad.

Det er etter vurderingane til Helsetilsynet i fylket såleis grunn til å tru at tala i statistikken til TV 2 byggjer på særs ulikt grunnlag i ulike kommunar. Helsetilsynet i fylket rapporterer jamt over langt lågare tal for personar som på ein eller annan måte ventar på eit ønskt eller vedteke tilbod frå kommunehelsetenesta.

Tilbakemeldingane frå Helsetilsynet i fylket til oss gjev ikkje grunnlag for ei kvantitativ oppstilling herfrå. Dette skuldast at det eksisterande statistikkgrunnlaget for kommunehelsetenesta (KOSTRA/IPLOS) ikkje gjev svar på kven eller kor mange som måtte ha nødvendig behov for visse tenester utan å motta desse.

Vurdert ut frå den vanlege kommunale statistikken kan det verke som at dei kommunane som har lagt stor vekt på heimebasert omsorg har dei største utfordringane i forhold til å sikre ei forsvarleg dekning av omsorgstenester til dei som treng det mest. Dette er i samsvar med det som tidlegare er funne, jf. Rapport frå Helsetilsynet 10/2003)

Det er store skilnader kommunane i mellom kva profil dei har på tildelte tenester. Der dei vedkjenner seg skort på sjukeheimsplassar er også profilen ulik. Nokre stader rapporterer dei om for få korttidsplassar, andre stader om for få langtidsplassar, og nokre stader ser det ut til jamleg å vere for få både korttids- og langtidsplassar.

I nokre av tilbakemeldingane frå Helsetilsynet i fylket rapporterer dei om problem med ei rekkje kommunar når det gjeld rutinar for vedtak og opplysning om klagerett på dei kommunale vedtaka. Dette gjeld kommunar som Fylkesmannen/Helsetilsynet i fylket er kjent med at har problem og som dei har under oppfølging etter tidlegare observasjonar og funn ved tilsyn.

I mange av tilbakemeldingane blir det peikt på at talet på klagesaker (etter kommunehelsetenesteloven § 2-4 eller pasientrettsloven § 7-1) er lågt, men at omgjeringsdelen er stor. I ei tilbakemelding blir det nemnd at klagane jamt over handlar meir om innhald i tenestene enn om tilgangen til tenester.

Av alle tilbakemeldingane kjem det fram at Helsetilsynet i fylket meiner at kommunane jamt over sikra nødvendig og forsvarleg hjelp også når dei ikkje har fatta vedtak om det tenestetilbodet som tenestemottakaren primært har søkt om. Likevel er det grunn til å merke seg at terskelen for å få sjukeheimsplass mange stader er relativt høg. Sjølv om kommunane også då prøver å sikre eit forsvarleg tilbod i omsorgsbustad eller pasientens eigen heim, fører dette til utilfredsstillande forhold for pasient og pårørande over lang tid i tillegg til at det set heimesjukepleietenestene på strekk. Vidare fører dette til at personar får lengre opphald i sjukehus enn det som reint medisinsk er nødvendig.

Tilstanden i den kommunale omsorgstenesta. Brev med oppsummering frå fylka 10. november 2010.

Statens helsetilsyn gir også ei samanfatting av tilsynsaktivitetar, og presenterer nokre funn frå tilsyn med eldreomsorgea dei senere åra etter førespurdnad frå Helse- og omsorgsdepartementet 1. november 2010. Statens helsetilsyn

Eldreomsorg og tilsyn. Brev med oppsummering frå Statens helsetilsyn 10. november 2010