Helsetilsynet

Helsedirektøren har beordra fylkeslege Geir Sverre Braut inn som ny assisterande helsedirektør i Statens helsetilsyn inntil nokon blir fast tilsett etter utlysing av stillinga. Bjørn-Inge Larsen som har vært konstituert assisterande helsedirektør blei i dag utnemnd til direktør i det nye Sosial- og helsedirektoratet. Geir Sverre Braut er fylkeslege i Rogaland, og er for tida konstituert fylkeslege i Telemark. Fagsjef Frode Forland i Helsetilsynet er i dag beordra som fylkeslege i Telemark.