Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Oppland undersøkte ved dette tilsynet om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at menneskje over 18 år med utviklingshemming, og som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester. Vi såg særleg på:

  • Korleis kommunen legg til rette for at menneskje med utviklingshemming får personleg assistanse i form av:
    - Tilsyn og bistand til å ta vare på eigenomsorg
    - Bistand til å aktivisera seg
    - Opplæring i gjeremål, personleg stell og eigenomsorg i det daglege

Korleis kommunen legg til rette for at menneskje med utviklingshemming får helsetenester i heimen og tilgang til medisinsk undersøking og utreiing og behandling.

Det blei ikkje gitt avvik eller merknader etter tilsynet.

Dato: Lillehammer 26. juli 2016

Randi Marthe Graedler
revisjonsleiar

Inger Berg og Åse Kongsvold
revisorar

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved  i perioden 15.02.16 – 26.07.16. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er en del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2- 6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Nord-Fron kommune har om lag 5.500 innbyggjarar. Kommunen har 2-nivå modell. Rådmannsleiinga består av administrasjonssjef og fire kommunalsjefar. Det er 13 verksemdområde. Tenester for funksjonshemma er eiget verksemdområde. Aktivitetstilbodet NOA, har avdelingsleiar med ansvar for fagleg oppfølging av tenestene i tilrettelagte tenester. Det er fire bustadar med 4-6 bebuarar i kvar. Det er tilsett miljøterapeut i kvar bustad.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 15.02.16. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei halde den 12.04.16.

Opningsmøte blei halde den 20. og 21.04.16.

Intervjuer
13 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 21.04.16.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at menneskje over 18 år med utviklingshemming, og som bur i eigen eller leid bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

  1. Vi undersøkte om kommunen legg til rette for at menneskje med utviklingshemming får personleg assistanse i form av:
    - Tilsyn og bistand til å ivareta eigenomsorg
    - Bistand til opplæring
    - Opplæring i gjeremål i dagleglivet og personleg stell og eigenomsorg

    Tenesten «personleg assistanse» omfattar praktisk bistand, opplæring og støttekontakt. Det blei og undersøkt om brukarane får tilsyn og om dei får bistand til eigenomsorg og til å dekkje behov for aktivitet.
  2. Tilsynet undersøkte og om kommunen legg til rette for at menneskje med utviklingshemming får:
    - Helsetenester i heimen
    - Tilgang til medisinsk undersøking og utreiing og behandling

Det inngikk i undersøkinga av alle tema om kommunen legg til rette for samhandling internt og samarbeid med fastlege og spesialisthelsetenesta.

Tilsynet omfatta ikkje tenester som blir gitt med bruk av tvang og makt, praktisk bistand hushald, brukarstyrt personleg assistanse, helsehjelp ved legevakt og tannhelsetenester. Om fastlege og spesialisthelsetenesta gir forsvarleg helsehjelp og om fastlegen gjennomfører regelmessig helsekontroll av brukarane, var heller ikkje del av tilsynet.

Samtale med brukarar:
I samband med dette tilsynet blei det gjennomført samtale med fire brukarar. Brukarane vi snakka med hadde alle samansette behov for hjelp. Utveljinga av brukarar bygde på ei vurdering av kven som ville kunne gje tilsynet relevant informasjon, og blei gjort saman med kontaktperson i kommunen. Tema for samtalen var i hovudsak om brukarane får dei tenestene dei har vedtak på, og deira erfaring med gjennomføringa av tenestene. Alle samtalene blei gjennomført i bustaden til brukar. To brukarar hadde med primærkontakt, ein hadde med verje og ein valde å ha samtalen aleine med tilsynet.

Tilsynet brukte informasjonen frå brukarane aktivt ved gjennomføring av tilsynet.

5. Funn

Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for å gje avvik eller merknader under dette tilsynet.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

  • Kommunen har lagt til rette for ein dag i veka til administrasjon for vernepleierane.
  • Fagpermane som blei gått igjennom er gjennomarbeidde og oppdaterte.
  • Det blir gjennomført regelmessige møter rundt den einskilde brukar. Referata frå desse møta er fyldige og blir brukt for å sikre at tenesta blir planlagt, gjennomført som planlagt, evaluert og eventuelt retta opp.
  • Systemet for dokumentasjon av tenestene blir brukt, og avdelingsleiar bruker dokumentasjonen som eit verktøy for styring.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr.792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonsoversikt
  • Delegasjonsreglement
  • Oversikt over personar med utviklingshemming over 18 år
  • Enkeltvedtak for 20 brukarar
  • Kompetansekrav
  • Opplæringsplan for 2016
  • Oppgåve- og ansvarsfordeling
  • Velkomstmappe for nytilsette
  • Rutinar for dei reviderte områda
  • Oversikt over tilsette i kommunen
  • Turnus/oppgåver
  • Opplegg for dokumentasjon

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Journalar og fagpermar for 20 brukarar
  • Møtereferat

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel blei sendt 15.2.16.
  • Dokumentasjon frå kommunen blei motteke 21.3.16.
  • E-post med brev til brukarane den 5.4.16.
  • E-post til kommunen med program for tilsynet den 14.4 16.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikke publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Inger Berg, revisor
Åse Kongsvold, revisor
Randi Marthe Graedler, revisjonsleiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

Tilsynsrapporter fra hvert enkelt tilsyn

Søk