Helsetilsynet

Statens helsetilsyn har starta arbeidet med å planlegge landsomfattande tilsyn i 2021. Brukar- og pårørandeorganisasjonar er velkomne til å kome med forslag til tema. Forslaga skal vere basert på informasjon og erfaringar frå organisasjonen sitt eige arbeid. Fristen er 12. juni.

Formålet med tilsynet er å bidra til å styrke sikkerheit og kvalitet i tenestene, og medverke til at befolkninga har tillit til personell og tenester, og får varetatt sin rett til forsvarlege og nødvendige tenester. Tilsyn skal støtte opp under verksemdene sitt eige ansvar for tryggleik og forbetringsarbeid.

Vi har allereie sendt brev til Voksne for barn, Landsforeningen for barnevernsbarn, Forandringsfabrikken, NOBO Norsk Barnevernlederforening, Velferdsalliansen, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO), Unge funksjonshemmede, Norsk forbund for utviklingshemmede, Mental Helse, Rådet for psykisk helse, Fagrådet – Rusfeltets hovedorganisasjon, Kreftforeningen, Pårørendealliansen, Organisasjonen for barnevernsforeldre, Barn av rusmisbrukere, og Pensjonistforbundet.

Vi ønskjer også å gje andre brukar- og pårørandeorganisasjonar høve til å kome med forslag.

Vi vil gjerne ha temaforslag på områda nedanfor:

  • Barnevern
  • Sosiale tenester
  • Kommunale helse- og omsorgstenester
  • Spesialisthelsetenester

Kor er det størst fare for svikt i tenestetilbodet og kva konsekvensar har det for dei som har tenester?

Forslaga bør vere prioritert slik at det som er viktigast for brukarane av tenestene, kjem først. Vi ber om at de grunngjev forslaga:

  • Kva byggjer de forslaget på? (til dømes namn på rapport, referer til statistikk eller liknande).
  • Kor alvorleg er faren for svikt for brukarane av tenestene (barnevernsbarn, pasientar, andre brukarar) og kva konsekvensar har det om det sviktar?
  • Kor ofte skjer slik svikt?

Kva er landsomfattande tilsyn?

Ved landsomfattande tilsyn gjennomfører alle fylkesmenn tilsyn på same tenesteområde, med same tema og metode. Tema for slike tilsyn blir avgjort av Statens helsetilsyn etter ei brei innsamling av grunngjevne forslag frå organisasjonar og offentlege verksemder, basert på kunnskap og erfaring om områder med fare for svikt i tenestene. Det er særleg viktig at erfaringar frå brukarar, pasientar og pårørande blir nyttiggjort i planlegging og gjennomføring av tilsyn for å styrke faktagrunnlaget og gjere tilsynet treffsikkert.

Som tilsynsmyndigheit skal vi prioritere område

  • av stor betyding for enkeltmenneske sin rettssikkerheit
  • der risikoen for svikt er stor
  • der konsekvensane av svikt for barn og deira familie og andre tenestemottakarar er alvorlege
  • der dei som trenger tenestene, ikkje sjølv kan forventast å vareta eigne interesser

Nettstaden til Statens helsetilsyn, www.helsetilsynet.no, vil gje informasjon om kva for landsomfattande tilsyn som vert gjennomført.

Her finn de lenke til oversikt over landsomfattande tilsyn som er gjennomført tidligare år eller som allereie er bestemt skal gjennomførast.

Landsomfattande tilsyn Oversikt siste 10 år.

Landsomfattende tilsyn 2019

Artikkel fra Tilsynsmelding 2018
PDF

Send oss eventuelle forslag innan 12. juni 2019 til .