Hopp til hovedinnhold

Tilsyn med helsetenester skal bidra til tryggare tenester med høgare kvalitet. Men ein veit lite om i kva grad tilsyn lukkast med å oppnå desse måla. Difor har Helsetilsynet sett i gong eit ambisiøst forskingsprosjekt for å undersøke effekten av tilsyn på diagnostikk og behandling av pasientar med blodforgifting (sepsis).

Undersøkingane viser at tilsynet har hatt ein positiv effekt på kvaliteten på behandlinga. Etter tilsynet vart sjukehusa raskare til å diagnostisere blodforgifting og sette i gang relevant behandling, kjem det fram i ein studie som vart publisert i tidsskriftet BJM Open i oktober 2020.

Over 7000 pasientar

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Helsetilsynet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og andre norske og internasjonale forskingsmiljø. Einar Hovlid, som har leia prosjektet, og kollegaene hans har tatt i bruk omfattande forskingsmetodar i arbeidet.

Mellom april 2016 og mars 2018 gjennomførte Fylkesmennene tilsyn i akuttmottak ved 24 norske sjukehus. Både før og etter tilsyna samla dei og forskarane inn data om diagnostikk og behandling av pasientar med blodforgifting. Dei tilsette på sjukehusa fekk jamlege tilbakemeldingar og sette i verk tiltak der det var nødvendig. Totalt vart kunnskap om behandling av over 7000 pasientar inkludert i forskingsarbeidet.

– Det var overraskande å sjå korleis forbetringa ikkje berre var konsentrert om eit fåtal sjukehus, men at den spreidde seg over heile landet. Vi såg ei forbetring i behandling av blodforgifting både ved sjukehus som hadde mange utfordringar, og ved sjukehus som allereie var relativt raske med å ta hand om pasientane, forklarer stipendiat og førsteforfattar Gunnar Husabø.

– Resultata er eineståande i internasjonal samanheng, kommenterer Jan Fredrik Andresen, direktør i Helsetilsynet.

– Lukkast for det meste

Resultata til forskarane er ein av dei første forskingsartiklane som prøver å måle effekten av tilsyn, eit felt som er både komplekst og vanskeleg.

– Forskarane løyser utfordringane på ein smart måte, og dei lukkast for det meste, kommenterer Roland Bal, professor i folkehelse ved Erasmus University i Nederland.

Sjølv om det var lågare dødelegheit blant  pasientar med blodforgifting etter tilsynet, klarte ikkje studien å eintydig knytte denne effekt til tilsynet. Bal trekk fram at dette er ein svakheit ved studien.

– Resultata utvidar likevel kunnskapen på feltet, kommenterer Bal, som ikkje har delteke i forskingsprosjektet.

Høge ambisjonar og robuste metodar

Det er ikkje utan grunn at forskarane publiserer resultata sine i eit internasjonalt tidsskrift.

– Vi ville vere ambisiøse og transparente, og ta i bruk robuste, vitskaplege tilnærmingar for å få svar på spørsmålet om tilsynet har effekt. Det var viktig for oss å ta i bruk metodar som toler kritisk vurdering av det internasjonale forskingsmiljøet, seier Andresen.

Han meiner at kunnskapen er avgjerande for at samfunnet skal ha tillit til at tilsyn kan spele ei viktig rolle i å oppretthalde god kvalitet i helsetenestene, og får støtte av forskarane. 

– Det var ikkje mykje skepsis til tilsynet å spore, verken i leiinga på sjukehusa eller blant dei som jobba med pasientbehandling. Eg trur at ein god tillit mellom helsetenestene og tilsynsmyndigheitene er kjempeviktig for å skape ein kultur og vilje for å lære av tilsyn, seier Husabø. 

Evaluere eiga verksemd

Sjølv fekk Andresen inspirasjon til forskingsprosjektet frå å sjå rutinane og systematikken bak arbeidet til petroleumstilsynet. No er både han og forskarane i dialog med andre norske tilsyn for å inspirere og utfordre dei til å ta i bruk likande metodar for å evaluere effekten av tilsyna.

– På den måten bidrar vi til nyskaping, og med forskingsartikkelen legg vi lista for korleis evaluere eiga verksemd på ein robust og skikkeleg måte, seier Andresen.

– Eg håpar resultata kan gjere kontroll- og tilsynsfunksjonar smartare og betre, ikkje berre i Noreg, men også i resten av verda, konkluderer Husabø.

Av: Åsmund H. Eikenes

Les forskingsartikkelen her: